Parasittiske flatormar er årsaker til alvorlege sjukdommar hjå dyr og menneske. Dei mest kjende er Schistosoma, som forårsakar den utbreidde tropesjukdommen sneglefeber, og bendelormane Echinococcus.
I Norge er det lakseparasitten Gyrodactylus salaris som er mest kjent. Sidan 70-talet har den gjort stor økonomisk og økologisk skade i norske elver. I forsøk på å utrydda parasitten har norske styresmakter behandla heile vassdrag med rotenon, som tek knekken på nesten alt liv i elvene.
– Nesten all informasjonen var der frå før. Vi la den siste puslespelbiten på plass, seier Bastian Fromm, stipendiat ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.
Fromm begynte å forska på laksedreparen Gyrodactylus salaris i håp om at grunnforskinga hans skulle gje grunnlag for nye måtar å bekjempa den frykta parasitten på, mindre drastiske alternativ enn å utsletta livet i heile vassdrag med gifta rotenon.
– Kjenner vi dei genetiske mekanismane hjå G. salaris, har vi eit betre utgangspunkt for å finna behandlingar som angrip parasitten i staden for verten, forklarar Fromm.
Medisinsk forsking
Men han gjorde eit overraskande funn då han studerte mikro-RNA hjå G. salaris.
– Mikro-RNA er ein nyleg oppdaga klasse molekyl som er med på å regulera korleis gener gjev seg utslag i eigenskapar i ein organisme, og finst hjå nesten alle dyr.
– Desse molekyla viser seg å alltid vera ute av balanse hjå kreftpasientar, så det er gjort mykje medisinsk forsking på mikro-RNA. Det er fyrst dei siste fire-fem åra at biosystematikken har kome etter, fortel Fromm.
Til no har ein antatt at mikro-RNA så å seia aldri vert borte frå genomet, men at nye vert lagt til heile tida. Det ville i så fall gje muligheiten til at ein ved å studera mikro-RNA, kunne jobba seg bakover og kartleggja slektstilhøva mellom ulike artar.
Uventa oppdaging
Men då Fromm samanlikna mikro-RNA frå G. salaris med tidlegare publiserte studier av mikro-RNA frå andre flatormar, gjorde han ei uventa oppdaging.
– Det viste seg at flatormane hadde færre mikro-RNA enn dei burde hatt. Vi samanlikna med andre dyregrupper, og det er ikkje tvil om at flatormane, inkludert G. salaris, stammar frå artar som har hatt fleire mikro-RNA enn dei sjølve.
– Dei må altså ha mista dei på vegen. Dette snur opp ned på den rådande oppfatninga om at mikro-RNA ikkje blir borte, seier Fromm.
Funna hans vert om ikkje lenge publisert i Molecular Biology and Evolution.
Parasittar
Kvifor dette har skjedd, er det for tidleg å seia, men han har ein hypotese:
Annonse
– Vi ser at jo meir parasittisk arten er, jo mindre mikro-RNA klarar den seg med. Parasittiske flatormar som lever inne i vertskroppen, har mindre mikro-RNA enn dei som lever utanpå verten.
Han understrekar at dette foreløpig berre er spekulasjonar, og legg til at det ikkje kan vera den einaste forklaringa, sidan bortfallet av mikro-RNA òg finst hjå flatormar som ikkje er parasittar i det heile tatt.