Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Dette er det einaste bildet vi har av laksen Kaja eller eit av skjela hennar tatt i 2018. Kyndige kan anslå kor mange gonger fisken har gytt ut frå «årringane» i skjelet, men då mindre sikkert enn DNA-prøve.

Laksen Kaja har mogleg verdsrekord i gyting

DNA-prøve avslører at laksehoa har gytt heile fem gonger i Etneelva.

Det er truleg den best dokumenterte verdsrekorden i laksegyting.

Funnet kjem fram i masteroppgåva til Håvard Kaland ved Universitetet i Bergen. Studenten gjekk gjennom DNA-prøvane til alle gytelaksane vi har tatt prøver av i Etneelva gjennom sju år.

Det er meir enn 10 000 laksar. Kaja er ein viktig detalj som forbløffar forskarane.

Nokre greier to gytingar

– Dei fleste laksane døyr nemleg etter å ha gytt i elva, forklarer Øystein Skaala, prosjektleiar ved feltstasjonen til Havforskningsinstituttet (HI) i Etneelva.

Feltstasjonen er ei 40 meter brei flyteristfelle som dekker tverrsnittet av elva. Så godt som all oppvandrande fisk må innom fella.

– Dei må gjennom ei rekke strabasar: Vandre ut av fjordsystemet, reise langt i Norskehavet, skaffe seg mat og energi for å bygge opp rogn og mjølke, finne den beste gyteplassen i kamp mot kvarandre, gyte og overleve i den vinterkalde og næringsfattige elva før dei reiser til havs igjen.

– Ein del greier dette to gonger, men ikkje fem, seier han.

Øystein Skaala er prosjektleiar for feltstasjonen i Etneelva. Ei fiskefelle lar forskarane skilje ut rømt oppdrettslaks og ta prøver av villaks og sjøaure.

Har alle personalia på fisken

Ved feltstasjonen i Etneelva tar forskarane prøver av all fisk som skal vandre opp for å gyte. Dermed har dei alle «personalia» på Kaja frå alle gongane ho har vore innom.

Kaja klekker ein vårdag i 2008. I mai tre år seinare er ho 11,7 centimeter lang og på veg ut av Etneelva saman med rundt 40 000 jamaldringar, med kurs for Norskehavet.

Lakseparr i Etneelva - kanskje ein av Kaja sine etterkommarar?

Blitt mor til over 33 000 laksebarn

Etter to år på vandring har ho lagt på seg 2,2 kilo og vil tilbake til heimelva. Ho gyter om lag 3000 egg før ho tar seg ein ny tur i Norskehavet for å ete seg feit.

To år seinare kjem ho heim igjen som 4,9 kilo. Ho legg over 7000 egg.

Ho gyter igjen i 2016, 2017 og sist i 2018. Då var ho 9 år og 5,9 kilo.

– Til saman har laksen Kaja lagt rundt 33 350 egg, som med normal overleving i elva vil gi rundt 1000 smolt og frå desse, 50 gytefiskar. Så langt vi veit, er dette verdsrekord og noko vi har trudd har vore fysisk umogleg, seier Skaala.

– Det må ha vore litt av ei dame.

Referanse:

Håvard Kaland: A unique insight into repeat spawning in Atlantic salmon, using DNA profiling in the river Etne. Masteroppgave ved Universitetet i Bergen, 2020.

Feltstasjonen i Etneelva

  • Ei 40 meter brei flyteristfelle dekkar tverrsnittet av elva.
  • Så godt som all oppvandrande fisk må innom fella.
  • Der blir fiskane telde og målde, før dei avlegg ein liten DNA-prøve.
  • Rømt oppdrettsfisk blir dokumentert og tatt ut frå elva.
  • Fella gir eit av dei mest nøyaktige datasetta i Europa på absolutt mengd rømt oppdrettsfisk, på storleik og mellomårsvariasjonar i gytebestandar hos villaks og sjøaure.

Meir fakta og data på temasida.

Powered by Labrador CMS