Reagerer på sterkt lys

Blada til ein spesiell type afrikanske hyasintar har raude flekker som vert kraftigare når dei får mykje lys. Forskarane er usikre på kvifor.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ledebouria

- Vi dyrka fram klona plantar av denne hyasintslekta, som heiter Ledebouria, under ulike lystilhøve, og med forskjellig tilgang på nitrogen.

Det fortel Elizabeth Mfawongo, som nyleg tok doktorgraden ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

Nokre av plantane utvikla kraftigare flekkar når lyset var meir intenst. Så då skulle ein kanskje tru at flekkane beskyttar mot sterkt lys.

Vanskelegare å kjenna att

- Vi var inne på den tanken. Men hjå nokon av plantane var flekkane på undersida av blada, og der er jo ikkje behovet så stort, smiler Mfawongo.

No trur ho at dei raude flekkane kanskje kan vera ei form for kamuflasje.

- Ledebouria blømer i byrjinga av regntida, og det er det ikkje så mange andre plantar som gjer.

- Dermed vil det vera ein fordel å ikkje bli sett av planteetande dyr og insekt. Flekkane bidrar kanskje til at det vert vanskelegare å kjenna att omrisset av planten, seier ho.

Mat og medisin

Mwafongo har òg forska på slektskapstilhøva til ulike slekter hyasintar.

- Vi brukte DNA-teknologi som supplement til tradisjonelle metodar som studier av utsjånaden og smanliknande dyrkingsforsøk. Men sjølv om blada til plantane tilsynelatande var like, gav ikkje DNA-undersøkjingane oss grunnlag for å fastslå at dei var nært beslekta.

Plantane i hyasintfamilien har løk, blad i rosett og mange, små blomar i ein klase. Nokre vert dyrka, mest som prydplantar, men nokre vert òg brukte til mat eller medisin.

Fyrste skriftlege flora

Elizabeth Mfawongo

Under arbeidet med doktorgraden har Mwafongo pendla mellom Tøyen i Oslo og heimlandet Malawi.

- Malawi utgjer saman med Botswana, Moçambique, Zambia og Zimbabwe ein floraregion i det sørlege Afrika. Det tyder at plantelivet her kan samlast og skildrast i den same floraen.

- Brita Stedje frå NHM, som var rettleiaren på avhandlinga mi, leiar no arbeidet med å revidere hyasintfamilien for det som vert den fyrste skriftlege floraen for området.

- Arbeidet mitt vert eit bidrag inn i den større samanhengen, seier Mfawongo, som no skal tilbake til arbeidet sitt ved Malawis nasjonale herbarium.

Lenke:

Mer om disputasen

Powered by Labrador CMS