Testar spireevna i frøbanken

I ein frysar på Naturhistorisk museum ligg dyrebare frø frå meir enn hundre truga norske planteartar. Men fyrst no kan botanikarane sjekka om det står til liv når frøa vert tekne ut.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Spirande frø av aksveronika frå frøbanken ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Foto: Kristina Bjureke, NHM/UiO

Frøbanken på Svalbard

Forskjellen på frøbanken ved NHM og den meir kjende frøbanken på Svalbard, er at den fyrste bevarar frø frå truga norske artar frå det norske fastlandet, medan det er kulturplantar frå heile verda som vert bevarte på Svalbard. I tillegg bevarar ein truga plantar frå Svalbard der, fyrst og fremst av praktiske årsaker.

For tre år sidan starta dei botaniske hagane i Noreg med såkalla ex situ-bevaring av plantar på den norske Rødlista. Helst vil ein bevara plantane der dei veks naturleg, det er det som vert kalla in situ.

Men der dette ikkje er råd, eller der den naturlege veksestaden er utsett, vert frøa samla inn for ex situ-bevaring.

Nokre av frøa vert brukte til å formera fram nye plantar, medan resten havnar i frøbanken på Tøyen.

Stor og gledeleg dag

− Men vi kan ikkje berre samla opp frø i frysaren utan å vita korleis spiredyktigheiten deira er.

− Derfor var det ein stor og gledeleg dag for oss når vi kunne setja dei fyrste skålene med frø til spriring i den nye inkubatoren vår, seier universitetslektor Kristina Bjureke ved Naturhistorisk museum (NHM).

Den prioriterte arten drakehovud og Bjureke sin personlege favoritt, solblom, var dei to fyrste artane som vert testa i inkubatoren, som er kjøpt inn med stønad frå Direktoratet for naturforvalting.

Lagt i posar i frysaren

− Når vi samlar inn frø, vil vi helst ha frø frå 20 ulike plantar frå den same veksestaden, og frå fem ulike veksestader.

− Men nokre gonger er artane så sjeldne at vi ikkje finn så mykje som 20 individ på same staden.

Dei innsamla frøa vert turka og lagt i eit kjølerom med 15 prosent relativ luftfuktigheit. Di turrare ein klarar å få frøa, di lenger levetid får dei i frøbanken.

Til slutt vert frøa lagde i tette posar og havnar i frysaren, som er den eigentlege frøbanken.

Dei er merka slik at ein kan finna ut når og kvar dei vart samla inn, og annan viktig informasjon.

Lite testa tidlegare

Gartnar Liv Aarvoll set inn frø i inkubatoren ved frøbanken ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Foto: Kristina Bjureke, NHM/UiO

− Ynskjet vårt er at alt frømateriale skal testast kvart femte år for å sjå om det er levedyktig.

Nytteplantar og hageplantar er det gjort mange spiretestar av, og i forskingssamanheng er det gjort spiretestar på norske ville artar.

Men ved hjelp av den nye inkubatoren kan botanikarane frå NHM under kontrollerte tilhøve få kunnskap om mange truga artar som er lite testa tidlegare.

− Nokre frø spirar etter ei veke, andre brukar lenger tid. Om spiringa ikkje startar innan den tilmålte tida for kvart enkelt forsøk, må vi starta på nytt med ein ny metode.

Bevarast på andre måtar

− Vi kan til dømes tilføra veksthormon, gje kuldebehandling, eller endra lystilhøve eller temperatur.

− Om alle vegar er utprøvde og frøa framleis ikkje spirar, går vi utanfor og græt.

Bjureke skundar seg å understreka at eit forsøk ikkje er mislukka sjølv om det ikkje lukkast å få frøa til å spira.

− Det er jo nettopp dette vi vil finna ut av: kva artar som kan lagrast i frøbanken, og kven som må bevarast på andre måter. Ofte betyr det at dei må bevarast som levande plantar.

Lenke:

Les meir om ex situ-bevaring (Naturhistorisk museum)

Powered by Labrador CMS