Nedvisning av ask er eit stort problem i fleire europeiske land. No er symptoma også observert på asketre i Østfold og Akershus.
Årsaka til sjukdomen har lenge vore ukjend, men nyleg isolerte Bioforsk Plantehelse ein sopp som truleg forårsakar visnesjuken.
- Gjennom prosjektet ”Planter for norsk klima”, der ein av aktivitetane er å fylgja skadebilete på buskar og tre i grøntanlegg, fann vi alt i 2006 tydelege visnesymptom på ask, seier Venche Talgø ved Bioforsk.
- I slutten av april vart det tatt ut ein prøve med liknande symptom i Østfold. Frå denne prøven isolerte vi soppen Chalara fraxinea.
Stakkars små
Ein reknar det no som truleg at askeskotsjuke skuldast C. fraxinea, men vidare forsking pågår i fleire europeiske land for sikkert å fastslå dette.
Nedover i Europa daudar ofte små asketre heilt ned i planteskular.
- I ein planteskule vi besøkte nord for Hamburg i mai 2008, hadde 100 prosent av asketrea visna ned, seier Talgø.
Større tre får tilbakevisning i krona. No når bladverket har kome på trea, er det lett (sjølv på avstand) å plukka ut tre med daude kvistar, men mykje av dette kan også skuldast til dømes frostskade.
Kva skal ein gjera?
- Det viktigaste tiltaket her i landet er no grundig kontroll av asketre som vert importert til vidare dyrking. For å unngå vidare spreiing må ein ikkje flytta planter frå Østfold til område der asken står frisk, åtvarar Talgø.
- Det er all grunn til å tru at det ikkje berre er Østfold som er ramma på Austlandet, så ein må vera på vakt.
Til dømes vart det ikkje observert skade på ask på ein rundtur i delar av Ryfylke og Jæren i byrjinga av mai 2008, så i slike område er det svært viktig at det ikkje kjem inn infisert plantemateriale.
- På sikt vert det truleg svært viktig å finna fram til eventuelle asketre som er resistente mot sjukdomen, avsluttar Talgø.