En notis fra Nord universitet - les mer.

Bokaktuell: Roger Helde, førstelektor ved Nord universitet. (Foto: Roger Grostad).

Aktuell med bok om juss i eit nytt trafikkbilete

Hundre år etter at dei første bilane kom til Noreg, har vi passert 3,3 millionar personbilar her til lands. Over 140 000 av desse er elbilar.

– Vi er inne i ein transportrevolusjon, med alt frå utprøving av sjølvkøyrande bilar til elektriske sparkesyklar. Dette vil påverke utviklinga av vegtrafikksystemet, seier Roger Helde.

Helde er førstelektor i faga juss og leiing ved Handelshøgskolen ved Nord universitet. Han er aktuell med fagboka «Juss i veitrafikk og trafikkopplæring». Boka inneheld ei komplett oversikt over norsk vegtrafikkrett samt ei innføring i overordna juridisk metode, forvaltningsrett, strafferett og bilansvaret.

– Boka har trafikkbiletet i 2019 som bakteppe. Mitt føremål er å få fram perspektiv og samanhengar i det omfattande og til dels uoversiktlege regelverket på dette området, seier Helde.

Heilt frå den tida hesten var det vanlege transportmiddelet på vegen, har det vore brei semje om at trafikantane ikkje kan få utfolde seg fritt.

– No opplever vi at den teknologiske utviklinga går raskare enn før, noko som utfordrar heile vegtrafikksystemet. Mellom anna får vi stadig fleire intelligente transportsystem (ITS), som til dømes elektroniske skilt, der fartsgrensa kan skrus ned automatisk ved behov.

– Det som gjer denne boka ekstra aktuell er at den er heilt ajour, med eigne kapittel både om ITS og utprøving av sjølvkøyrande bilar, i tillegg til at den gjer greie for regelverket kring elektriske sparkesyklar, fortel Helde.

Boka er skrive for å kunne fungere som pensum-bok for studentar og som eit oppslagsverk for fagfolk.

Les meir på nettsidene til Nord universitet

Powered by Labrador CMS