Då forskarane gjennomførte 60 gruppeintervju med
femte- og sjetteklassingar, møtte dei haldningar dei ikkje hadde venta. Forskarane spurte kva dei tenkte når andre hadde andre meiningar enn dei sjølve.
– Det var mange som tenkte at det var veldig dumt. Dei sa rett ut at det kunne gjera dei irriterte og sinte, fortel fyrsteamanuensis Eldri Scheie ved Naturfagsenteret, Universitetet i Oslo.
– Lærarane til elevane hadde vondt for å tru at dette gjaldt deira eigne elevar. Men ein lærar som sjølv tok opp spørsmålet i klassen sin, oppdaga at det einaste som kunne få elevane til å endra meining i ei sak, var om Google var ueinige med dei.
Opne for å tenkja kritisk
Scheie er medforfattar av boka «Kritisk
tenkning og elevengasjement», som kom
ut på Fagbokforlaget tidlegare i år. Boka er eit ressurshefte for lærarar som
vil undervisa elevane i kritisk tenking.
– Då vi gjekk gjennom intervjua i etterkant,
kategoriserte vi 41 prosent av elevane som «lukka», altså lite mottakelege for synspunkta til andre. Dei møtte gjerne andre synspunkt med haldninga «eg har rett, du
tek feil», seier Scheie.
– Berre 7 prosent sa at det var viktig å lytta til andre, og
berre 2 prosent sette ord på at det er vanskeleg å vita kva som er rett når du har di
meining og eg har mi meining. Det var berre desse elevane som var opne for å
tenkja kritisk òg om sine eigne meiningar.
Sjå ei sak frå fleire sider
Når vi til dagleg snakkar om kritisk tenking hjå barn
og unge i dag, tenkjer vi ofte på kjeldekritikk; at ikkje unge – og vaksne, for den del – skal tru på alt mogleg tull og tøys på internett. Men for
Scheie og dei andre forskarane er kjeldekritikk berre ein del av det dei kallar
kritisk tenking.
– Kunnskapssyn er ein annan del. Korleis veit vi det
vi veit, og kva er bakgrunnen for det? Argumentasjon høyrer òg med, korleis vi
presenterer det vi meiner eller veit, forklarar ho.
– Og noko vi har fokusert mykje på, er
perspektivtaking, det å sjå ei sak frå fleire sider. Lærarane kjem på inn på det
når vi intervjuar dei, men det er ikkje noko dei jobbar særleg mykje med i
undervisinga.
Dette er noko «Kritisk tenkning og elevengasjement» er
meint å avhjelpa.
Einigheitstrykk og ueiningheitsfellesskap
– Boka inneheld ei rekkje dilemma som kan diskuterast
i klasserommet. Vi har vald å henta temaa frå berekraftig utvikling, men det
finst nok av dilemma på andre område òg, seier Scheie.
I intervjua fortel elevane at når dei vert sette til å
diskutera i grupper, endar dei fort opp med å drøfta seg fram til ein konsensus
og samla seg om eitt svar.
– Det heng nok saman med at dei er vane med at på
skulen er det nettopp eitt svar, ein fasit. Dermed oppstår det som vert
kalla eit einigheitstrykk, forklarar Scheie.
– Men det motsette er ueinigheitsfellesskap, som er
det vi må jobba med. Vi må visa elevane at det er lov å ha ulike meiningar og
framleis vera del av eit felles vi.
Interessene til ulike aktørar
Annonse
Ein måte å gjera elevane merksame på ulike perspektiv,
er å be dei tenkja gjennom kven dei ulike aktørane er som kan ha interesse av
ei sak.
– Vi har brukt eit døme frå Tonsenhagen skule i Oslo,
der elevar, lærarar og Naturvernforbundet i Oslo og Akershus (NOA) samarbeida
om eit opplegg rundt utbygging av alpinbakken i Grefsenkleiva. Elevane skulle
koma fram til sine eigne grunngjevne meiningar, fortel Scheie.
Lærarane planla undervisinga på tvers av fag og let
elevane arbeida med mange forskjellige innfallsvinklar. Vidare fokuserte
lærarane spesielt på samarbeid mellom elevane og korleis dei kunne delta i
dialog, meiningsbryting og kritisk tenking som handla om å vurdera ulike
perspektiv ved berekraftspørsmål der interessene til ulike aktørar er
involvert.
Har mange fornuftige tankar
– Elevane måtte setja seg inn i meiningane til alle
dei ulike aktørane. Elevane som budde i nærleiken, var sjølvsagt aktørar. Det var òg andre
bebuarar i området, inkludert lærarar på skulen, Skiforeninga, restaurantane på
Grefsen, NOA, andre turgåarar, og ikkje minst politikarane i bydelen, som
ynskjer ei avklaring i saka, forklarar Scheie.
– Kva meiner aktørane? Kvifor meiner dei det? Det
gjaldt å finna standpunkt frå folk som var ulike deg sjølv. Det er ikkje
sikkert du får noko nytt perspektiv av å spørja venen på nabopulten, men
kanskje du får det frå politikarar eller andre vaksne, seier Scheie.
– Når dei undersøkjer argumenta frå andre, får dei
ganske mykje gode argument sjølve, og har mange fornuftige tankar.
Kan gjerne diskutera med kollegaane
Ho forklarar at kritisk tenking ikkje berre er ein
måte å tenkja på. Elevane må òg trena opp ein veremåte eller ei drivkraft for å
la den kritiske tenkinga koma til uttrykk i handling.
– Ein av dei viktigaste veremåtane, meiner vi, er openheit.
Det betyr at vi må øva elevane i å vera opne for synspunkta til andre og opne for å vere kritiske òg til eigne synspunkt, seier Scheie.
– Det er det ressursboka prøver å formidla gjennom
ulike aktivitetar som lærarane kan ta i bruk direkte med elevane, og gjerne òg diskutere
med kollegaar, slik at dette blir eit felles ansvar på skulen.
Det er finansiert av Norges forskningsråd og er eit samarbeid mellom NTNU, Karlstad Universitet, Naturfagsenteret (UiO), Skrivesenteret (NTNU) og NIFU.