Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Mange føler at dei har gått glipp av mykje, både fagleg og sosialt, ved å sitje heime. Og mange mista faktisk mykje, seier forskar Marte Blikstad-Balas.
Mange føler at dei har gått glipp av mykje, både fagleg og sosialt, ved å sitje heime. Og mange mista faktisk mykje, seier forskar Marte Blikstad-Balas.

Heimeskulen under lockdown: Stor variasjon og dårlegare opplæring

PODCAST: – Ved neste lockdown må lærarane ha retningslinjer på kva ein vanleg skuledag heime skal innebere, seier forskar Marte Blikstad-Balas.

– Vi er uroa over å finne så stor variasjon i undervisinga, seier professor Marte Blikstad-Balas ved Det utdanningsvitskaplege fakultet på Universitetet i Oslo (UiO).

Då pandemien trefte oss i mars 2020, tvinga han heile samfunnet til å stenge ned, inkludert alle skular og barnehagar. Nedstenginga førte til at lærarrolla, elevrolla og foreldrerolla endra seg radikalt.

I staden for å møte opp fysisk på skulen skulle no opplæringa skje digitalt. Dette ville Blikstad-Balas og kollegaer studere gjennom ei spørjeundersøking blant foreldre.

Dei fekk svar frå 4600 foreldre frå heile landet om kva som føregjekk i heimeskulane under nedstenginga. Målet var å finne ut kva ein vanleg dag på heimeskulen var.

Forskar Marte Blikstad-Balas (t.v) og mamma Øyunn Syrstad Høydal snakkar om kunnskap og erfaringar med den digitale heimeskulen slik vi opplevde han under nedstenginga våren 2020.
Forskar Marte Blikstad-Balas (t.v) og mamma Øyunn Syrstad Høydal snakkar om kunnskap og erfaringar med den digitale heimeskulen slik vi opplevde han under nedstenginga våren 2020.

Nedslåande funn

Funna deira viser blant anna at skulane og lærarane løyste fjernundervisinga på svært ulikt vis, familiane like så.

Nokre elevar fekk det betre under nedstenginga og blomstra fagleg, men i all hovudsak viser studien at opplæringa blei dårlegare, at oppgåvemengda auka og at det knapt var «live-undervising».

Mange foreldre brukte mykje tid på oppfølging. Og, kanskje verst: Dei yngste elevane fekk minst oppfølging.

Blikstad-Balas er difor ikkje blant dei som tilrår ei ny runde med heimeskule.

– Mange føler at dei har gått glipp av mykje, både fagleg og sosialt, ved å sitje heime. Og mange mista faktisk mykje. Sjølv om noko kan rettast opp, er vi også redde for dei langsiktige konsekvensane av isolasjonen, seier ho.

Men heilt bekmørkt er det ikkje:

– Pandemien og nedstenginga har mint oss om kor viktig skulen og lærarane faktisk er og kor godt vi likar denne institusjonen, og det er bra, seier ho.

Men om så skulle skje at vi måtte stenge ned att, korleis kan skuleleiarar sikre eit godt læringsmiljø med den kunnskapen vi har no?

– Det som må på plass, er ei avklaring med lærarane om kva ein god heimeskule er, slik at vi får ned den variasjonen vi såg våren 2020. Kvar ligg lista på kva ein vanleg dag med heimeskule skal vere? Kva er forventa oppmøte, mengde oppgåver, fysisk aktivitet og forhold til læreplanen?

Kven bør legge desse føringane, skal dei komme frå nasjonalt hald eller skal det vere opp til den enkelte rektoren?

– Fleire land løyste dette veldig annleis enn Noreg allereie i fjor, gjennom nettopp nasjonale politiske føringar. Mange land endra – og senka – forventingane, medan dei norske elevane skulle møte same læringskrav i pandemi og med digital fjernundervising som under den fysiske normalskulen, seier Blikstad-Balas.

Det synest ho ikkje er ei god løysing.

Heimeskule krev sjølvstendige elevar

Eit anna funn frå studien er at ein vellykka heimeskule krev at eleven klarer å arbeide sjølv og gjere det ho skal og gode heimeforhold.

– Veldig mange foreldre har brukt veldig mykje tid på å følgje opp heimeskulen, fortel Blikstad-Balas.

Øyunn Syrstad Høydal frå Oslo er ei slik mor. Under nedstenginga gjekk den eine ungen hennar på mellomtrinnet og den andre på ungdomsskulen.

– Skulearbeidet gjekk greitt. Eg kjende nesten at eg måtte gjete dei meir då dei var ferdige med skulen, og det var dei gjerne allereie til lunsj. Dei er med andre ord ganske sjølvstendige når det gjeld skulearbeid, men ikkje så mykje etterpå, særleg sjuandeklassingen.

– Det er veldig mange timar igjen av dagen etter lunsj. Og når du då ikkje har lov å gå ut å leike med nokon eller går på andre aktivitetar, så er du stuck innandørs saman med familien eller i nabolaget, seier ho.

Foreldra fekk ikkje eigen jobb gjort

Også om foreldreinnsats finn forskarane stor variasjon.

– Nokre foreldre seier det same som Syrstad Høydal, at skulearbeidet er fort gjort, medan andre familiar har brukt altfor lang tid på å løyse oppgåvene, fortel Blikstad-Balas.

Det dei aller fleste foreldre rapporterer til forskarane, er at det var nesten umogleg å få sin eigen jobb gjort, uansett kor mykje tid dei brukte på skulearbeidet til ungane.

– Under den første nedstenginga avslutta eg arbeidsdagen om lag då sonen min slutta på skulen, ja, innrømmer Syrstad Høydal.

Pandemien er ikkje over og smitten aukar i skrivande stund kraftig på skular rundt om i landet. Kjenner Syrstad Høydal seg førebudd på ei runde til med heimeskule?

– Eg trur ikkje eg orkar ei ny runde med nedstenging. Moralen byrjar å bli litt dårleg, seier ho.

Høyr Marte Blikstad-Balas og Øyunn Syrstad Høydal i podcast-episoden, her:

Referansar:

Kirsti Klette mfl. : Justice through participation: student engagement in Nordic classrooms. Education Inquiry, 2018.

Marte Blikstad-Balas og Kirsti Klette: Still a long way to go. Narrow and transmissive use of technology in the classroom. Narrow and transmissive use of technology in the classroom. Nordic Journal of Digital Literacy , 2020.

Powered by Labrador CMS