Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Forskaren har intervjua ungdomsskuleelevar på spesialiserte skular med ballett, musikk og idrett.

Ny studie: Perfeksjonistar er meir utsette for mentale helseproblem

– Dei blir aldri fornøgde og har store bekymringar for å mislykkast, seier forskar Annett Stornæs. Ho har undersøkt elevar på spesialiserte ungdomsskular.

Publisert

Annett Stornæs har fylgd og møtt svært ambisiøse elevar over fleire år på ungdomsskulen. 

Ho har sett spesielt på elevane på spesialiserte ungdomsskular for idrett, musikk og ballett, men også samanlikna desse mot ordinære.

Påverkar profesjonaliseringa mental helse?

Da prosjektet blei starta, var det få studiar som hadde sett på perfeksjonisme og mental helse blant så unge utøvarar. 

Både blant forskarar og i praksisfeltet var ein bekymra for om den aukande profesjonaliseringa hadde påverka den mentale helsa.

Funna til Stornæs viser at det kan vere ein samanheng mellom å stille høge krav og forventingar til seg sjølv, ungdomanes mentale helse og velvære.

– Dei fleste fortalde at dei følte seg slitne og nokre gonger utmatta, fortel Annett Stornæs.

– Mange vil så gjerne bli best. Dei har store forventningar til seg sjølv, men har ofte utfordringar med å handtere alle forventningane frå seg sjølv og andre i kvardagen sin. Da kan det blir for mykje og for stor belastning, sjølv om ein elskar det ein driv med. Å avgrense seg sjølv som tenåring er langt frå enkelt, seier Stornæs ved Norges idrettshøgskole (NIH).

Ei myte at perfeksjonisme er positivt

Stornæs opplever at perfeksjonisme ofte har blitt sett på som noko positivt, spesielt innanfor idrett, musikk og dans.

Aldri bli fornøgd, stadig terping på detaljar og gjere sitt ypparste for å nå toppen i sin idrett er eigenskapar som blir sett høgt av mange.

Nei, det er jo karrieren min. Det er jo livet mitt, så det betyr jo alt, på en måte. Så, hvis jeg ikke lykkes nå, så kommer jeg jo til å tenke «syv år med dans og trening hver dag: bortkasta». Så jeg kommer ikke til å gi meg før jeg har klart det, på en måte. Og hvis jeg får en skade så skal jeg gjennom den også. Jeg skal ikke gi meg, på en måte. Det skal jeg ikke.

Ballettelev, 15 år

Men forskinga blant utøvarar generelt og ungdomar spesielt dei siste 10–15 åra tyder på at perfeksjonismen også kan bringe med seg mange uheldige sider som påverkar utøvarens helse og velvære.

Perfeksjonisme

Ekstreme standardar og urealistiske forventningar kombinert med overdreven sjølvkritisk evaluering.

– Det å stadig terpe på detaljar og gjere sitt ypparste for å nå toppen i sin idrett er eigenskapar som sjølvsagt er viktige. Men når me her snakkar om perfeksjonisme, og spesielt blant dei heilt unge ungdomane, er det viktig å vere klar over at det ikkje handlar om å sette høge standardar til seg sjølv aleine.

Stornæs fortel at perfeksjonisme handlar for mange mest av alt om ei kjensle av å aldri vere god nok. Det er tett knytt til sjølvkjensle.

Særleg vil ein perfeksjonist oppleve stor grad av skam og skuldkjensle om ein mislykkast. Det har kome tydeleg fram i fleire internasjonale studiar.

– Både våre funn og fleire andre studiar viser at det er ein samanheng mellom perfeksjonisme og psykisk uhelse. Derfor bør me ha oppriktig merksemd på ungdoms perfeksjonisme. Det kan vere så viktig nettopp for å redusere mentale helseutfordringar blant unge, meiner Stornæs.

Ho legg også vekt på at det har vore ei stor auke i talet på spesialiserte ungdomsskular. 

I skuleåret 2015/2016 var det for eksempel tre idrettsungdomsskular. I 2022 var talet over 20.

Når det er mye prøver, presentasjoner eller fremføringer som skal gjøres, og samtidig er det kanskje en konkurranse som må trenes mot; da må jeg jo på trening for å øve til konkurransen, for å ikke miste futtet. Og så må jeg samtidig drive med skole, så jeg må bare: hjem-spise-skole-trening-skole-sove, og sånn fortsetter det hver dag. Jeg kan bli veldig - både mentalt og fysisk sliten av det, og da hender det ofte at jeg må ta en pause. Kanskje opp til flere dager.

Idrettselev, 14 år

Flest jenter er utsett

Over tre skuleår fylgde ho forskjellige grupper elevar gjennom ungdomsskulen. Ho gjorde både spørjeundersøkingar og intervju med dei.

Både på idrettsungdomsskulane og dei ordinære skulane var det mange elevar som hadde høg grad av perfeksjonisme. Sannsynlegvis var det vanskeleg for dei fleste å handtere dette.

Her er nokre av hovudfunna frå dei tre studia:

  • Perfeksjonisme i 8. trinn: 22 prosent av elevane i dei spesialiserte skulane og 38 prosent av elevane i dei andre hadde dei mest ugunstige perfeksjonistiske profilane. Desse elevane rapporterte i tillegg høgare symptom på angst, depresjon og kroppsmisnøye. Dei hadde lågare sjølvkjensle enn elevar med få perfeksjonistiske trekk.
  • Mentale helseprofilar 8.-10. trinn: 9–11 prosent høgt over gjennomsnittet for angst, depresjon og kroppsnøye kombinert med lågt under gjennomsnittet på sjølvkjensle.
  • Ytterlegare 26–31 prosent hadde ein kombinasjon av verdiar moderat over gjennomsnittet for angst, depresjon og kroppsmisnøye kombinert med under gjennomsnittet på sjølvkjensle.
  • Fleire jenter enn gutar hadde både dei minst gunstige perfeksjonistiske profilane og dei minst gunstige mentale helseprofilane. Det vil seie at dei var langt over gjennomsnittet på symptom for angst, depresjon, kroppsmisnøye og langt under gjennomsnittleg sjølvkjensle.
  • Dei mentale helseprofilane var ganske stabile frå 8. til 10.trinn, men dei jentene som flytta profil gjekk til meir usunne profilar, medan gutane i dei spesialiserte idrettsskulane gjorde det motsette.
Visste du at det finst to formar for perfeksjonisme? Dei krava og forventningane du legg på deg sjølv, og dei som kjem frå samfunnet rundt som trenarar, foreldre og vener.

To formar for perfeksjonisme

Etter kvart som funna har kome og Stornæs har fått publisert vitskapelege artiklar, har ho fortald om tala på føredrag.

Sosialt føreskriven perfeksjonisme

Individet opplever at det er andre som krev perfeksjon av ein. Det kan vere trenaren, foreldre, samfunnet rundt ein, sosiale medium og liknande. Tidlegare studiar viser ein klar samanheng mellom sosialt føreskriven perfeksjonisme og uhelse.

Mange blir bekymra av det ho fortel. 

– Dei er så unge. Det er det som sit igjen hos folk etter føredrag. Det og den kombinasjonen mellom perfeksjonisme og psykiske problem, gjev inntrykk på folk. Det er viktig å få kunnskap, meiner ho.

Men kva vil det eigentleg seie å vere perfeksjonist?

Når Stornæs og medforskarane har studert perfeksjonisme blant ungdom, har dei blant anna sett på to formar for perfeksjonisme.

Sosialt føreskriven og sjølvorientert perfeksjonisme.

Blir aldri bra nok

I forskinga til Stornæs fann ho at dei som hadde kombinerte høge scorar på begge desse formane for perfeksjonisme, i tillegg til andre mål på perfeksjonisme, hadde høgare symptom på angst, depresjon, kroppsmisnøye og i tillegg lågare sjølvkjensle.

Sjølvorientert perfeksjonisme

Perfeksjonismen er retta mot ein sjølv. Individet krev perfeksjon av seg sjølv, og opplever ikkje at dei er påverka av andre.

I tillegg finst det ein tredje form kalla «andre orientert perfeksjonisme», som tyder at ein pålegg perfeksjonisme av andre. Det har ikkje blitt studert i denne studien.

– I tillegg fortalde ungdomane i intervju om utfordringane dei hadde til forventningar frå mange hald på ei gong. Dei følte på mykje ansvar for å oppfylle forventingar frå fleire hald. Lange dagar med trening, skule og stramme vekeplanar var kjelde til fysisk og psykisk krevjande kvardagar, seier Stornæs.

Dei fleste fortalde at dei følte seg slitne og nokre gonger utmatta. 

Nokre skildra at dei fekk meir angst, blei oftare irritert, hadde meir hovudpine og konsentrasjonsvanskar når dei opplevde at dei ikkje klarte å halde tritt med forventingane.

Samtidig som dei fleste elska aktiviteten sin.

Kva bør foreldre sjå etter?

Om du er ein som er tett på ungdom i denne alderen, anten som forelder, lærar eller trenar. Kva bør ein sjå etter?

– Ungdomar med høg grad av perfeksjonisme er ekstremt samvittigheitsfulle og går sjeldan for å få hjelp. Om nokon spør om dei treng hjelp, vil dei ofte synest det er vanskeleg å takke ja. Dei kan vere engstelege for at det å ta imot hjelp viser svakheit og at dei ikkje får det til, seier Stornæs.

Det overordna målet med studien var å få meir kunnskap om perfeksjonisme og mental helse, og korleis det påverkar elevane. Slik at dei rundt dei kan bli meir bevisste på korleis ungdomane opplever både andre og eigne krav og forventingar.

Og i neste omgang tilrettelegge for å førebygge at elevar får mentale helseutfordringar.

Jeg tenker mye på hvor mye familien min har ofret, så jeg ønsker å vise foreldrene mine at jeg kan klare det og vise dem at jeg gjør mitt beste når jeg har fått denne muligheten. Vi har flyttet fra familie og venner, så jeg føler det er fint om jeg kan vise dem at jeg kan gripe denne muligheten – og foreldrene mine kan se at jeg er takknemlig.

Ballettelev, 14 år

Skap rom for å feile

Stornæs meiner noko av det viktigaste du kan gjere, er å skape rom for å feile.

– Ungdomane må føle at det er lov å feile. Dei må føle og oppleve trenarar, lærarar og foreldre som gjev ei kjensle av at det er greitt å feile og ikkje meistre alt heile tida, seier Stornæs.

Det blir snakka mykje om «Generasjon prestasjon» og det presset dei opplever. Men Stornæs opplever at ein ikkje har hatt så stort fokus på perfeksjonisme som ein kanskje burde hatt.

– Me veit frå andre studiar at sjølvmord og sjølvmordforsøk også er nært forbunde med perfeksjonisme. Det er også ein av grunnane til at det er eit så viktig tema.

Referanse:

Annett Stornæs: Så flink at en blir syk?. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole, 2023. (Nettside på NIH om avhandlingen)

Om prosjektet

  • Annett Stornæs disputerer 13. oktober over avhandlinga: «Så flink at en blir syk?». Disputasen er open for publikum. Den vil også bli strømma.
  • En studie om perfeksjonisme, forventninger og mental helse blant ungdomskolelever fra 13–16 år på spesialiserte skoler for idrett, ballett og musikk og elever fra ordinære ungdomsskoler.
  • Prosjektet er fullfinansiert av Stiftelsen Dam gjennom Rådet for psykisk helse.
Powered by Labrador CMS