Ein viktig del av undersøkjinga gjekk ut på å finne ut kor viktig aktivitet og stillesitting eigentleg er med omsyn til utvikling av sjukdomar seinare. (Foto: Skolefoto)

Å sitte stille er ikkje så farleg likevel

Ungar tek ikkje skade av mykje stillesitting, berre dei får opp pulsen i aktivitet med god intensitet i minst ein time om dagen.

Men er du først blitt tung, blir du òg lett mindre aktiv – og kan lettare pådra deg alvorlege sjukdomar seinare.

Det syner ei undersøking som Turid Skrede har gjort i samband med doktoravhandlinga si ved Norges idrettshøgskole.

Ho ville finne ut i kva grad høvesvis stillesitting og fysisk aktivitet blant ungar aukar faren for hjarte- og karsjukdomar.

Difor har ho studert nesten 1200 femteklassingar frå 57 ulike skular i Sogn og Fjordane.

Må ta i

Skredes målingar føregjekk på hausten og våren skuleåret 2014/15. Alle ungane gjekk med aktivitetsmålar ei heil veke. I tillegg fekk dei målt høgd, vekt og ei rekke risikofaktorar for alvorlege sjukdomar.

– Ein kan la elevar slappe av i eit frikvarter, berre ein får opp farta skikkelig i dei andre, seier Turid Skrede. Til dagleg er ho høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. (Foto: privat)

Skrede samanlikna så aktivitet og fysisk form med desse risikofaktorane: stort midjemål, kroppsmasseindeks, høgt blodtrykk, ugunstig nivå av kolesterol og insulin. Og ho har funne ut at:

Å sitte stille, også mykje, er ikkje så farleg som ein har trudd.

Det viktige er å vere i fysisk aktiv med moderat til høg intensitet.

Ein blir ikkje tung av stillesitting, men dei som er tunge blir oftast sittande for mykje i ro.

Og, ho har funne at barn med låg fysisk form har størst helseeffekt av å vere meir fysisk aktive.

– Så sjølve stillesittinga er ikkje så farleg?

– Det har vore ein del skremselspropaganda rundt det, ja, seier Skrede.

Ho påpeikar at tidlegare studiar ofte har nytta TV- og skjermtid som eit mål på stillesitting. Då kan resultata bli påverka av kva ein gjer medan ein sit i ro, til dømes om ein et snacks og drikk brus attåt. Ein har heller ikkje tatt høgde for aktivitet resten av dagen.

– Med våre objektive mål finn vi ikkje nokon samanheng mellom stillesitting og helse, men dess meir aktivitet, dess betre helse, seier ho.

– Er ikkje det delvis ei sjølvmotseiing?

– Joda, men det er kanskje meir naudsynt å fokusere på at barn bør vere fysisk aktive, enn at dei skal sitte mindre. For å seie det enkelt: Ein kan la elevar slappe av i eit frikvarter, berre ein får opp farta skikkeleg i dei andre, forklarer Skrede.

Femteklassingar i leik, frå Turid Skredes undersøkjing. (Foto: Skolefoto)

Veier opp for sitting

Ho seier det ikkje er noko poeng å erstatte sitting med roleg aktivitet. Når ein først er aktiv, skal ein kjenne hjartet slå skikkeleg.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon tar hjarte- og karsjukdommar kvart år livet av nesten 18 millionar menneske og fører til for tidleg død for vel så mange.

Sjølv om sjukdomane i hovudsak råkar vaksne, kan dei byrje å utvikle seg allereie i barne- og ungdomsåra. Fysisk inaktivitet er ein av hovudårsakene.

Difor rår både WHO og Helsedirektoratet til minimum 30 minutt aktivitet med moderat til høg intensitet dagleg for vaksne og 60 minutt for barn og unge. Moderat til høg tyder her aktivitet frå rask gange og oppover.

– Men dersom vaksne sit åtte-ni timar om dagen, må også dei passere ein time dagleg. Elles vert mykje stillesitting uheldig. Men det er altså fråværet av skikkeleg aktivitet som er kritisk. Difor er det urovekkande at så mange både vaksne og barn ikkje er aktive nok.

Femteklassing i leik, frå Turid Skredes undersøkjing. (Foto: Skolefoto)

Blir ikkje større

Turid Skrede finn også at fysisk aktivitet ikkje påverkar kroppssamansetnaden spesielt, heller ikkje om ein sitt mykje stille. Men dei som har lagt på seg, blir mindre aktive. Det blir fort ein vond sirkel, som også heng saman med kosthold – utan at Skrede har kome inn på dét i si avhandling.

Ho forklarar at det likevel seier noko om kor viktig det er å førebyggje vektauke også hos barn. Er dei først blitt tunge, får dei utfordringar som kan følgje dei heilt opp i vaksen alder. Alle har godt av å vere meir aktive, særleg for dei som er i dårleg form.

– Ein får lågare blodtrykk og sunnare kroppssamansetnad, medan kolesterol og insulin blir regulert mykje betre – uansett kor sprek eller tung ein er. Alt dette er avgjerande om ein skal redusere risiko for hjarte- og karsjukdommar, som altså var målet frå starten med undersøkinga, seier ho.

Referanse:

Skrede, T.: Prospective associations between sedentary time, physical activity and cardiometabolic risk factors in children: The Active Smarter Kids Study. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole . (9. april, 2019)

(Illustrasjonsfoto på forside: Gorm Kallestad / NTB scanpix)

Powered by Labrador CMS