Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Møt Heidi M. Haraldsen i podcasten frå NIH. Ho har studert tenåringar som har satsa hardt innan utøvande kunst og ulike idrettar.

Psykisk og fysisk press på unge talent - når går det for langt?

PODCAST: Kostnadane ved resultatjag og perfeksjonisme kan vere store for unge talent som satsar mot toppen. Trenarane kan både vere problemet og løysinga.

Publisert

Kvar tredje slik utøvar innan idrett og utøvande kunst slit med negative kjensler, stress og prestasjonsangst. Det viser undersøkinga Heidi M. Haraldsen har gjort i samband med doktorgraden ho nettopp fullførte ved Norges idrettshøgskole (NIH).

Ho har studert tenåringar som har satsa hardt innan utøvande kunst – ballett og musikk – og ulike idrettar. Haraldsen seier gunstige motivasjonsprosessar er særs viktig for læring, utvikling og personleg vekst.

For: Utvikling av talent avheng ikkje berre av kunstnarleg og sportsleg kompetanse hos utøvaren. Ho er òg avhengig av god motivasjon og gode mentale tankesett.

I denne episoden av NIH-podden stiller Heidi Haraldsen spørsmål ved om unge talent blir utsett for eit press som er uetisk, om kva rolle trenarane har og om i kva grad dei er offer for jakta på det perfekte.

Høyr heile episoden her:

Powered by Labrador CMS