Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Kroppsøving må også passe dei som er minst aktive i idrett på fritida. Her er kroppsøvingslærarar på kurs hos Norges idrettshøgskole.

– Kroppsøving er mest for dei som er flinke i idrett

Ungdom får ikkje den undervisinga dei har krav på i kroppsøving. Undervisinga styrast av ein logikk som mest gagnar dei som er flinke i idrett. Resten av ungdomane blir lett hengjande etter.

– Trist, sidan det ofte er dei minst aktive og flinke i idrett som treng dette mest, seier Irina Burchard Erdvik.

Ho har forska på korleis undervisninga i kroppsøving faktisk fungerer – og korleis ungdom sjølv opplever ho. 4. september forsvarar ho ein doktorgrad om emnet ved Noregs idrettshøgskole (NIH).

– Praksisen bryt med både læreplanen og opplæringslova.

Skal ikkje lære idrett

Irina Burchard Erdvik er doktorgradsstipendiat ved Fakultet for helse- og sosialvitskap på Høgskolen i Innlandet, men tar doktorgraden sin ved NIH.

Mest truleg er du sjølv offer for denne «idrettslogikken». Den går ut på at hovudmålet med kroppsøving er å bli god i idrett. Slik skulle det ikkje vore, meinar Erdvik.

Læreplanen legg nemlig ikkje vekt på idrettsprestasjonar. Den seier at undervisinga skal fremje allmenndanning, livslang rørsleglede og dessutan betre sjølvkjensla.

Likevel opplever mange elevar at det meste av undervisinga går ut på å lære seg ulike idrettar – og å prestere best mogleg i dei.

– Det betyr at dei som driv med idrett utanom skulen har ein kjempefordel. Dei møter aktivitetar dei kjenner og trivast med, og dei gjer det naturleg nok betre i desse aktivitetane. Dei kjenner sterkare tilhøyring og får styrka sjølvkjensle og alt i alt større utbytte av faget. Slik verker det ikkje i like stor grad å være for dei andre, dei som ikkje er aktive i idrett på fritida, forklarer Erdvik.

Ei pedagogisk utfordring og eit folkehelseproblem

Ho meiner dette ikkje berre tyder at ein forskjellsbehandlar unge med ulike grunnlag, ein bryt også med både læreplanen og opplæringslova.

– Lova seier at alle har rett til tilpassa opplæring. Men mykje tyder på at dei ikkje får det i dag, slår ho fast.

Erdvik meiner dette er problematisk.

– Det er ei utfordring om dei som treng kroppsøvingsfaget mest, dei som har den dårlegaste sjølvkjensla, dei som ikkje er så trygge eller som manglar erfaring frå idrett og fysisk aktivitet, får oppleve at dei ikkje meistrar og ikkje høyrer heime. Dei får dårlege føresetnader for å lukkast. Dette er både ei stor pedagogisk utfordring og eit folkehelseproblem.

– Lærarane skal løne dei som er flinke i kroppsøving, ikkje dei som presterer godt i idrett, meiner Irina Burchard Erdvik.

Gammal vane lagar A- og B-lag

Irina Burchard Erdvik meiner dette òg handlar om inkludering, om at alle må med uavhengig av kva fritidsinteresser og føresetnader dei har. Det handlar om å ta eit utgangspunkt i kvar einskild.

– Såleis er det mykje meir rom for inkludering i kroppsøvingsfaget enn slik praksisen synast å være i dag. Og tilsvarande er det slik at lærarane skal løne dei som er flinke i kroppsøving, ikkje dei som presterer godt i idrett, seier ho.

Ho vedgår at det nok ikkje er enkelt å rive seg laus frå fastgrodde mønster. Derfor skuldar ho heller ikkje berre på lærarane for at situasjonen er som han er, sjølv om nettopp dei har ansvaret for å følgje opp kvar einskild elev på riktig måte.

– Alle sit meir eller mindre fast i det same, også elevane. Dei har jo vakse opp med og er vane med at gode ferdigheiter i idrett er sjølve målet. Og at det er det dei vert måla på.

Ho seier mange lærarar ser at idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive ungdommar har ulike føresetnader for å lykkes i faget, og prøver å skape ei endring.

Kroppsøvingslærar-student Hallgeir Martinsen frå NIH på skogstur med ein klasse frå Lommedalen skole.

Ein god del lærarar har til dømes forsøkt å støtte opp om behova hos dei ulike elevane på ein betre måte ved å dele kroppsøvingsklassen i to: Ein del for elevar som vil oppleve idrett og idrettsglede og ein del for dei som ønskjer eit anna fokus for å fremje rørslegleda.

– Det er vel meint, men sjølv om ein del elevar har likt det, så oppfattast det i stor grad som ei deling i eit A- og eit B-lag. Det blir like gale, meiner ho.

Tung skute å snu

Irina Burchard Erdvik har da heller ikkje nokon enkel løysing på spriket mellom etablert praksis og mål med opplæringslova og lærarplan. Men ho har eit forslag.

Det omfattar heile systemet frå elevane og opp: Elevane, lærarane, lærarutdannerane, forskarar og politikarar, og dermed skular, universitet og høgskular og departement. Djuptgripande endringar er naudsynte for å påverke undervisinga og elevane si oppleving av kroppsøvingstimane.

– Der handlar det om korleis lærarane kommuniserer med elevane. Men for å få dette riktig, må ein ta fatt i lærarutdanningane. Det er eit problem dersom undervisinga som kroppsøvingslærarstudentar får, fokuserer på prestasjonsforbetring i ulike aktivitetsfag.

– Eit slikt fokus på aktivitet og prestasjon overførast lett til eigen undervising i skulen, og dette harmonerer dårleg med intensjonane i læreplanen. Motorisk læring og kjennskap til idrett som rørslekultur er også sentralt, men da som del av ein heilskap, seier ho.

Og dermed kjem ein raskt vidare til både forskarar, dei som arbeider med læreplanar – eigentleg heile systemet.

– Igjen, det er ein fastgrodd praksis. Dette er eit tungt skip å snu.

Starta som ei militær øving

Kroppsøvingsfaget har ei historie som starta ein heilt annan plass enn der det er i dag, som ei militær øving. Det handla om Noregs forsvarsevne.

Sidan har fokuset skifta til helse og hygiene, og seinare vart det meir for fysisk fostring og folkehelse. Målbare prestasjonar har vore viktig.

– Nå har kroppsøvingsfaget likevel andre mål. Sjølv om motorisk læring og ulike rørslekulturar er sentralt også i dag, skal ikkje idretten sette standarden for kva som er god måloppnåing i faget. Da har ikkje elevane like føresetnadar for å lykkast og skulen bryt med læreplanen og opplæringslova.

Må støtte dei minst aktive

Erdvik seier ho ser fram til at den nye læreplanen kjem i bruk. Den blir enda tydelegare på at det å prestere i ulike idrettar ikkje er noko mål.

– Den kan vere eit viktig kompass for å styre denne skuta i ei riktig retning. Alle ledd må samarbeide, både elevar, lærarar, lærar-utdannarar og andre om ein skal bryte laus og kome vidare i historia.

Men, seier ho, allereie no er det viktig å passe ekstra på dei som ikkje driv med idrett utanfor skulen og dei som ikkje er så fysisk aktive på fritida.

– For å unngå at faget bryt opplæringslova og bidreg til sosial ulikskap må lærarane bli betre på å støtte utvikling og læring blant elevane med minst rørsleerfaring. Desse elevane kan få auka læringsutbytte og glede av kroppsøvinga om ho vert betre tilrettelagt, også for dei, seier Irina Burchard Erdvik.

Referansar:

Irina Burchard Erdvik: Physical Education as a development asset in the everyday life of adolescents. Doktorgradsavhandling, Norges idrettshøgskole, september 2020.

The relevance of physical activity contexts in the every-day life of adolescents - REPAC. Nettside for forskingsprosjekt ved Norges idrettshøgskole.

Powered by Labrador CMS