Korleis leve ved foten av verdas mest aktive vulkan?

Kva gjer at folk buset seg ein stad der spørsmålet ikkje er om katastrofen skjer, men når? – Det er ikkje som på film, men meir ei form for kontrollert panikk, fortel forskar.

Lavastraumen kom 27. juni og hadde alt bevegd seg ganske langt då myndigheitene begynte å varsle.

Denne sommaren i 2014 er sosialantropolog og forskar ved UiB, Eilin Holtan Torgersen, på feltarbeid på Hawai’i. Ho ser korleis lavastraumen nærmar seg det vesle lokalsamfunnet Kaohe, ein forstad til Pahoa, for så å fløyme forbi bygdegrensa med kurs mot landsbyen.

Vulkanen som no har eit større utbrot, har for det meste sakterennande og svært langsame lavastraumar, så det er lite anna å gjere enn å vente på at lavaen skal komme nærmare. Kanskje tek det timar, ein dag, nokre veker, å sjå huset du bur i bli tatt og forsvinne.

– Lavaen er ganske nærme når folk begynner å flytte. Dei sel dyra og butikkane sine eller legg ned, småbedrifter og frivillige organisasjonar pakkar saman, dei som lever av å leige ut blir ståande utan inntekt når leigebuarane forlèt byen. Det er ikkje som på film, men meir ei form for kontrollert panikk, fortel Torgersen.

– Sjølv om folk legg om heile liva sine, og det for meg kjennes som ei slags apokalypse, så er dei rolege. Dei førebur seg så godt dei kan, og så er det berre å vente.

Ein geolog frå USGS gjer undersøkingar ved lavastraumen, vest for landsbyen Pahoa. Bildet er tatt 26. oktober 2014. (Foto: U.S. Geological Survey, Hawaiian Volcano Observatory)

Lavaland

Hawai’i sine øyer i Stillehavet er alle av vulkansk opphav, og danna gjennom millionar av år ved at lava har blitt pressa opp gjennom ei sprekk i jordskorpa. Sprekka blir kalla ein «hot spot» og er stilleståande, medan jordskorpa har bevegd seg over og slik danna kjeda av øyer.

Hawai’i Island er den største, og husar verdas mest aktive vulkanen, Kīlauea, som for tida er aktiv to stader: på toppen av vulkanen i Halema‘uma‘u-krateret, og frå ventilen Pu‘uO‘o på den austgåande riftsona.

Torgersen kom som antropologistudent til Hawai’i i 2009, der ho undersøkte tilhøyrsle, identitet og politisk aktivisme i huladansen. Ho fann raskt ut at vulkanen speler ei enorm rolle i livet til hawaiiarane og blei nysgjerrig på å finne ut meir.

Eilin Holtan Torgersen, sosialantropolog og forskar ved Institutt for sosialantropologi, UiB. (Foto: Privat)

No jobbar ho med doktorgradsprosjektet Lavaland – Human adaptive strategies, cosmologies and everyday life under Kīlauea Volcano, der ho studerer korleis folk bur og buset seg under aktive vulkanar. Forskinga er ein del av Stillehavsprosjektet ECOPAS, som undersøker korleis klimaendringar verkar inn på menneske sine liv.

– Eg ville undersøke korleis dette påverkar folk, korleis dei handterer både langsame og plutselege naturendringar, og korleis dei klarar å leve i slike ekstremt ustabile omgivnader. Kva forhold har dei til frykt? Og korleis førebur dei seg til katastrofen?

– Stillehavsøyene vil bli hardt ramma når havnivået stig, og menneska her ser ein stadig auke i styrken på dei mange orkanane som blir danna i regionen kvart år. Ved å undersøke korleis folk taklar endringane ved stadige vulkanutbrot, kan ein kanskje bidra til å svare på korleis menneske vil handtere endringar i klimaet, og kva dei vil gjere etter kvart som effektane av klimaendringar blir meir synlege, seier Torgersen.

Huladanserar på scena under the Merrie Monarch Festival’s Ho’ike Night i 2014. Hulafestival blir arrangert kvart år i Hilo på Hawai’i. (Foto: Eilin Holtan Torgersen)

Tyske hippiar og spiritualitet

Vulkanen Kīlauea har hatt meir eller mindre konstante utbrot sidan 1983. Menneska som bur her på den nord-austlege sida av øya i distriktet Puna, har altså hatt trusselen frå lavaen hengande over seg i over tre tiår.

Etter eit lavautbrot flyttar dei som mister husa sine og kjem stort sett ikkje tilbake til akkurat dette område, fortel Torgersen. På tross av dette flyttar det stadig nye folk til, som ved godt mot reiser nye hus på den størkna lavaen. Ei av forklaringane er dei, kanskje ikkje så overraskande, svært billege tomtane i område rundt vulkanen. I tillegg betalar bebuarane nesten ikkje eigedomsskatt.

– Du kan sjå store sletter med svart størkna lava, og små nybygde hus som stikk opp midt på. Bildet med «eigedom til sals»-skiltet under er litt artig sidan det presiserer at eigedommen har både havutsikt og palmar, som i tilfelle nok berre var ein halvmeter høge, og slik dreg bort fokuset frå at den er lokalisert på ei lavaslette, seier Torgersen.

TIL SALS: Denne eigedomen er ute på markedet etter at laven sletta ut landskapet. (Foto: Eilin Holtan Torgersen)

Det billege landet og dei låge skattane har bidrege til at øya no har ein stor miks av etnisitetar frå Hawai’i, Portugal, Japan, Kina, Filippinene, andre Stillehavsland, fastlands-USA og Tyskland. Overraskande mange tyskarar.

– Typisk det resten av befolkinga vil kalle hippiar også, eller folk som blir tiltrukne av livsstilen, som dyrkar organisk mat og har ei spirituell side. Denne store befolkningsblandinga er ei utfordring. Svært ulike personlegdomar frå eit enormt stort spekter av etniske grupper frå heile verda lever side om side under vulkanen. Området er også prega av fattigdom og slit med kriminalitet og narkotikaproblematikk. Det er relativt få valdelege konfliktar, for hawaiiske folk er ofte ikkje-valdelege av prinsipp, men det oppstår sjølvsagt ueinigheiter. Sjølv om dei ulike folkegruppene høyrer til det same samfunnet, er dei også forskjellige. Dei kvite blir kalla haole, og kan aldri bli sett på som lokale av hawaiiarane, seier Torgersen.

– Under vulkanutbrotet i 2014 blei det mykje konfliktar fordi folk prøvde å bygge kanalar for å styre lavaen bort frå husa sine. Så då styrde dei den mot naboen. Det blei det jo litt bråk av.

Men i førebuingane til eit vulkanutbrot, kunne ho sjå korleis folk fann saman og stilte opp for kvarandre. Svaret på kva som skapa samhaldet, fann Torgersen i sjølve årsaka til katastrofen.

Trur på vulkangudinna

På Hawai’i er vulkangudinna Pelehonuamea eller Pele eineherskar, tydeleg og synleg til stades i samfunnet. Trua på eller respekten for gudinna, kjem ein ikkje utanom dersom ein vil forstå korleis folk kan bu og leve ved den aktive vulkanen på øya, fortel Torgersen.

– Myten seier at då Pele og familien hennar kom til Hawai’i, prøvde Pele fyrst å busette seg på den nordlegaste bebudde øya Kauai. Ei rivalisering mellom Pele og søstera Nāmaka, gudinne av havet, gjorde dette vanskeleg, då Nāmaka brukte kreftene sine til å sløkke elden Pele gravde ut. Nāmaka jaga så Pele nedover kjeda med øyer heilt til ho kom til Hawai’i, der ho klarte å grave så djupt i Halema‘uma‘u-krateret at Nāmaka ikkje makta å sløkke elden.

Når det kjem orkanar til Hawai’i, blir desse ofte assosiert med Nāmaka. Sidan dei fleste orkanar stilnar når dei treffer dei høge fjella på øya, forklarer ofte folk det med at Pele vann over Nāmaka som måtte gje seg og trekke seg tilbake til havet.

– Ei anna gudinne som blir trekt inn i denne samanhengen er Poli‘ahu, ei gudinne som bur på Mauna Kea, den høgste vulkanen på øya. Poli‘ahu har eigenskapar knytt til snø og kulde, og Pele har stor respekt for Poli‘ahu. Orkanar blir stort sett forma ute i havet og blir sterkare når dei bevegar seg over varmt vatn. Dei blir betydeleg svakare i styrke når dei kjem inn over land, og sidan Poli‘ahu ofte kan sette opp ein kald front med snø og is mot Nāmakas orkan, får ho ofte æra for å ha temma orkanens vrede, fortel Torgersen.

Luftfoto av aktiv lavasjø i Halema‘uma‘u-krateret på Kilauea. Foto: Janet Babb / U.S. Geological Survey, Hawaiian Volcano Observatory)

Gud er vulkanen

– I monoteistiske religionar har ein ofte eit bilde av Gud som eit slags menneske med superkrefter, men for hawaiiarar ER gud vulkanen eller naturen, som ei kraft som er fysisk til stades i liva deira. Når vulkanen bryt ut, seier dei ikkje at lavastraumen kjem, men at «the madam is on the move». Viss nokon av dei tilflytta stikk pinnar eller anna inn i lavaen er det absolutt ikkje greitt, for hawaiiarane er det som å stikke i sjølve gudinna. Dei har eit kommunikativt forhold til guddommen, og ein må kommunisere med dei og blidgjere dei, for at det skal gå godt.

Torgersen blei fascinert av kor mange som forheldt seg til Pele og kjenner ei tilhøyrsle til ho, i det svært multikulturelle samfunnet som Hawai’i er. Dette kan også forklare kvifor bebuarane på Hawai’i kjenner ei enorm sterk tilknyting til landet, sjølv om dei nyleg har flytta til frå heilt andre deler av verda, seier Torgersen.

– Det er ikkje uvanleg at menneske tilpassar seg utruleg ustabile omgivnader, fordi dei føler ei sterk tilknyting til staden som gjer det utenkeleg å flytte. Me har jo også slike tilfelle i Norge, der folk bur på stader som under fjellet Mannen, der det er ganske ekstremt å bu. Men at så mange forskjellige folk skal ha den oppfatninga, sjølv om dei ikkje har røter langt tilbake, er veldig spennande. Dei nye innbyggjarane knyter seg sterkt til staden, på tross av dei ustabile omgivnadane.

Dei fleste som flyttar til øya, tilpassar seg trua på Pele, ofrar gåver til ho, og prøver å gjere det same som hawaiiarane gjer. Mange fortel også at gudinna Pele er ein grunn til at dei blei tiltrekt av landet.

– Det er ei veldig spirituell greie, som dei blandar inn i si eiga tru til å bli ein slags blanding av gammal hawaiisk folketru og new age, for å forstå omgivnadane på sin eigen måte. Dei tilflytta adopterer denne for dei nye trua. Om du ikkje sjølv trur på gudinna, godtek du ho i det minste som ei spirituell kraft og respekterer trua. Ho er ein avgjerande sameinande faktor, som gjer at dei kan leve i lag, fortel Torgersen.

Samfunnsmøte i Pahoa i 2014. Innbyggjarane får informasjon om lavastraumen som truar landsbyen. (Foto: Eilin Holtan Torgersen)

– Treng å kunne forklare det som skjer

Ikkje alle er like klar over kva som ventar når dei vel å flytte til eit område tett på den aktive vulkanen.

– Dei som har budd der lengst, er flinke til å følgje opp og forklare dei nye kva dei skal gjere og kva som skjer. Folk prøver å forstå kvar den andre kjem frå, og ofte kan dei snu konfliktar til ein utdanningsituasjon, heller enn at ein berre kastar negativitet fram og tilbake. Situasjonen i seg sjølv er så krevjande, at dei må stå saman. Det nyttar berre ikkje å snu seg mot kvarandre.

I vulkangudinna Pele har dei noko å samle seg rundt. Ho er ei forklaring, som kan lindre og forsone.

– Ofte har menneske eit behov for å klynge seg til noko høgare enn seg sjølv, eit behov for forklaring. Det er vår last og fordel at me har dette behovet for svar. Ein kan tenke at det er slik det er å vere menneske i verda, men eg trur det er litt både og. Samfunn som har ein spiritualitet knyta til det katastrofale, ein forklaringsmodell, er mykje meir motstandsdyktige enn samfunn som ikkje har det. Dei klarar heile tida å sjå ein grunn til det som skjer. Klarar ein det, kan ein raskare reise seg og gå vidare, seier Torgersen.

– Kanskje er det difor det ofte blir dytta litt på dei tilflytta at dei skal bli kjent med denne gudinna. Ein vil dei skal forstå, av respekt og fordi ein då skjønnar kva som skjer når lavaen kjem. Pele eig landet, og viss ho vel å ta det tilbake, så er det det som skjer.

Vulkanen Kīlauea ligg innan Hawai’i Volcanoes National Park, og blir hyppig observert av Hawaiian Volcano Observatory (HVO), som overvåkar og forskar på vulkanen.

– Geologane har også gått tilbake i folketru og munnlege forteljartradisjonar for å finne spor etter utbrot og lavastraumar. Dei handlar heile tida i kommunikasjon med det hawaiiske samfunnet, og tek omsyn til folketrua. Ein treng sjølvsagt den geologiske kunnskapen, men ulike typar kunnskap blir viktig i katastrofesituasjonar som dei opplever her, seier Torgersen.

– Befolkninga på si side følgjer oftast interessert med når forskarar frå HVO uttalar seg om tilstanden til vulkanen. På Hawai’i er geologi og vulkanologi godt etablerte vitskapar, og forskarane har etter kvart lang erfaring med å forholde seg til den øvrige befolkninga som ekspertar på eit viktig felt. Mange følgjer difor nøye med når HVO legg ut dagens oppdatering om utbrotet. Dei lærer seg å lese karta som blir lagt ut og forsøker å sette seg inn i fagspråket til geologane, som på si side forsøker å gjere fagspråket lettare forståeleg for befolkninga.

Ein geolog frå HVO skjermar ansiktet frå den intense varmen i det han tek ein prøve frå lavaen frå Kilauea, 21.oktober 2013. (Foto: U.S. Geological Survey, Hawaiian Volcano Observatory)

Laven nærmar seg

Tilbake i Pahoa, 2014. Lavastraumen er varsla og førebuingane er i gang.

Folk får ikkje forsikring for lava, berre brann, så håpet er at lavaen antenner huset før det skjer noko anna.

Innbyggjarane ser at lavaen kan komme til å kutte hovudfartsåra. Ein veit kva det betyr: ingen sjukehjelp, varelevering eller brannvesen til nedre del av distriktet. Mange seier opp jobben, då dei skjønnar dei vil miste vegsambandet.

– Lavaen tok resirkuleringsstasjonen, eit hus, fløymde over ein kyrkjegard og ein fiskedam. Dei jobba intenst for å berge straumen, noko dei klarte. Det var veldig mykje som skjedde på ein gong. Eg budde i Hilo og var ikkje trua, men prøvde å hjelpe til der eg kunne og elles ikkje vere i vegen, seier Torgersen.

– Så kom militæret inn for å hjelpe til med å stenge av området, og det kjendes som om dette var undergangen for Pahoa. Men så berre stoppa det. Alt blei sett på pause, og det skjedde ikkje noko meir. Folk pusta ut litt letta, men førebudde seg så berre på at noko meir måtte komme. Dei hadde venta så lenge i angstmodus, at dei ikkje klarte å sleppe det. Det var kjempeflaks, eventuelt noko anna for dei som trur på det.  Då eg reiste i desember 2014, var det over. Fronten av straumen stoppa rett etter.

Fronten på lavastraumen i Pahoa 2014. Video: U.S. Geological Survey, Hawaiian Volcano Observatory

For dei som lever ved den aktive vulkanen er situasjonen framleis svært ustabil. Vulkanobservatoriet meldte i november 2017 om to pågåande utbrot frå Kīlauea.

Men innbyggjarane går ikkje rundt og kjenner på frykta for kva som kan skje til dagleg, seier Torgersen.

– Dei har frykt i augeblikket, i unntakstilstanden, men så går den bort. Dei kan snakke om at det luktar svovel i lufta, eller at dei har kjent eit lite jordskjelv. Kanskje snakkar dei om at det sure regnet som oppstår med den vulkanske gassen skadar plantane deira, men slik er det berre. Det er ein konstant tilstand, ein kan jo ikkje gå rundt og vere redd heile tida.

Nye spirer og hus stikk opp frå den størkna lavaen. (Foto: Eilin Holtan Torgersen)

I den globale klimaendringsdebatten kjem det ofte opp spørsmål knytt til korleis ein skal handtere desse endringane. I sitt prosjekt ser Torgersen nærmare på tre fasar i handteringa av både plutselege og langsame endringar: formildande tiltak (mitigation), tilpassing (adaption) og tap og øydelegging (loss and damage).

Desse fasane er ganske vanlege i øybebuarar sin kamp for å kunne bli verande på heimstaden, sjølv om den er trua av stadig stigande hav og sterke orkanar, seier Torgersen.

– I Punadistriktet ser ein ofte desse tre fasane i reaksjonane på eit truande utbrot. Formildande tiltak går ofte ut på å omdirigere lavaen, samt å flytte verdifulle bygningar og prøve å beskytte straumnettet. Tilpassing må til dersom dei formildande tiltaka ikkje strekk til, og samfunnet må endre infrastruktur, helsetilbod og arbeidsplassar i møte med den nye situasjonen. Under utbrotet mot Pahoa i 2014 blei for eksempel brannstasjonen og helseforetaket flytta til den andre sida av byen, slik at dei som ville ha vore «fanga inne» av lavaen i nedre del av Puna også skulle ha tilgang på desse tenestene.

– Den tredje og siste fasen må befolkninga gjennom dersom katastrofen er total og det ikkje er noko att av samfunnet deira. Då må dei forholde seg til tap av eigedom, heimstad og tradisjonar, og må flytte og starte på nytt ein annan stad. Som antropolog blir det viktig å sjå på desse fasane i sammenheng med menneske si tilknytning til stader, tilhøyrelse, identitet, slektskap, spiritualitet og kulturelle uttrykksformer, som også påverkar menneske si tilnærming i handtering av klimaendringar.

Referanse: 

Torgersen, Eilin H.: Lavaland: Human adaptive strategies, cosmologies and everyday life under Kilauea Volcano.. PhD-day at the Department of Social Anthropology; 2017-02-24
UiB 

Powered by Labrador CMS