Saken er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - Les mer
Ei form for frivillig innsats blant eldre er å passe barnebarna. Men må slike aktivitetar vike for lønna arbeid?

Kva skjer dersom fleire jobbar til dei blir 70?

Langt fleire kan jobbe lenger utan at det går ut over frivillig arbeid eller familieomsorg. Men dei eldre kan ikkje dekke behovet for fleire hender i omsorgssektoren, meiner forskarar.

12.2 2018 05:00

Å få fleire seniorar til å stå lenger i arbeid er ei politisk målsetjing grunna i ønsket om å sikre ein berekraftig velferdsstat også i framtida. 

Ifølgje ein studie deltek ein av tre personar mellom 62 og 69 år minst ein gong i månaden i frivillige organisasjonar. Ein av fire fortel at dei gjev hjelp til personar utanom nær familie minst ein gong i månaden. 

Frivilligheit kan vere så mangt. Det kan til dømes vere å passe barnebarn eller å ta hand om ein sjuk partnar.

Men kva skjer da med den frivillige innsatsen, familieomsorga og helsa til dei eldre dersom fleire står i arbeid til dei blir 70 år?  Må den frivillige innsatsen vike for lønna arbeid?

Det har NOVA-forskarane Tale Hellevik og Per Erik Solem ved OsloMet undersøkt. På bakgrunn av eigne analysar og funn frå tidlegare forsking har dei tenkt seg fram til moglege følgjer.

Yrkesdeltakinga blant 69- og 70-åringar er i dag om lag 20 prosent. Dersom ho skal auke til 50 prosent, viser analysane at det er mogleg å oppretthalde aldersgruppas bidrag på det frivillige området.

Dette er fordi dei som er i arbeid, gjer om lag like stor frivillig innsats som dei som er pensjonistar. Det er meir usikkert om seinare avgang frå yrkeslivet vil la seg foreine med auka innsats.

– No er det ikkje slik at sekstiåringane bidrar med mykje frivillig arbeid eller omsorg til personar utanom familien, understrekar Tale Hellevik.

Hjelper familien


Tale Hellevik er forskar ved NOVA - velferdsforskningsinstituttet. (Foto: StudioVest/NOVA)

Dei eldre brukar meir tid på omsorg for familien enn på frivillig arbeid. Dei som er besteforeldre, passar barnebarna sjølv om dei er i arbeid. Dette går fint for dei fleste då det sjeldan er snakk om dagleg pass.

Det er til og med litt fleire av dei som er i jobb, som passar barnebarn, samanlikna med dei som er pensjonistar. Difor er det liten grunn til å frykte at auka yrkesdeltaking vil minke innsatsen på dette området, seier forskarane.

Vanskeleg å spå helseeffekten av auka yrkesaktivitet

Når det gjeld helse, er forskarane meir usikre på kva effekten vi vere av at fleire står lenger i jobb.


Per Erik Solem er forskar ved NOVA - velferdsforskningsinstituttet. (Foto: StudioVest/NOVA)

Eigenrapportert helse er betre blant yrkesaktive enn pensjonistar i sekstiåra. Dei 62–69-åringane som jobbar heiltid, har mykje betre helse enn pensjonistane. Ikkje så rart, kanskje, då dei som har dårleg helse, pensjonerer seg først.

At fleire må stå i jobb lenger, kan få både positive og negative følgjer. Dersom dei med dårleg helse blir tvungne til å fortsetje, til dømes fordi pensjonen blir for dårleg dersom dei slutar, så kan det bidra til å svekke helsa.

– Det som vil vere best, er at dei som har godt av å fortsetje i jobb, får fortsetje, og dei som får svekt helse, får slutte, konstaterer Solem.

Kan ikkje løyse personalkrisa i eldreomsorga

I sin tale på NHOs årskonferanse i 2017 understreka statsminister Erna Solberg at demografiske endringar «krever at vi øker antallet timeverk per innbygger med 13 prosent frem til 2060» for å trygge velferdssamfunnet. Då er det fleire grupper i samfunnet som må jobbe meir og særleg treng vi fleire hender i omsorgssektoren.

Samtidig har politikere og styresmaktene store ambisjonar for auka samarbeid mellom frivillig sektor og det offentlege.

Men ifølgje Solem er det tvilsamt om frivillige eldre kan løyse personalkrisa i eldreomsorga.

– Frivillige hjelparar er ikkje ei stabil arbeidskraft ein kan nytte til pleie.

Dersom ein ønskjer at dei eldre skal bidra meir i samfunnet, kan vi forvente større effektar med seinare yrkesavgang. Sjølv om det er bra med frivillig innsats både for samfunnet og den einskilde senior, så vil det knapt få nokre store effektar innan eldreomsorga.

Referansar:

Hellevik, T. og Solem, P.E.: Mulige konsekvenser av økt yrkesaktivitet blant eldre. Hva kan skje med eldres frivillige innsats, bidrag til familieomsorg og helse dersom flere står i arbeid til de blir 70? NOVA Rapport 9/17. (2017)

NorLAG - Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon. Eit forskingsprosjekt ved NOVA - velferdsforskningsinstituttet, OsloMet. 

Annonse

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Tal på sysselsette

Ifølgje Statistisk sentralbyrå var 20 prosent av 69-åringane og 17 prosent av 70-åringane sysselsette i 4. kvartal 2016.

Dette indikerer at 18,5 prosent var sysselsette fram til dei fylte 70 år.

Ei auke opp til 50 prosent vil innebere ein 2,7 gongar høgre yrkesdeltaking enn i dag.

Om prosjektet

Forskarane vurderer kva den tenkte situasjonen med nesten tre gonger så mange yrkesaktive ved fylte 70 år som i dag kan bety for dei tre områda:

  • Frivillig arbeid
  • Familieomsorg
  • Helse

Utfalla av den tenkte situasjonen dei reflekterer rundt, er ikkje gjeven, og konklusjonane opne for diskusjon og alternative vurderingar.

Rapporten er tufta på beskrivande analysar som samanliknar yrkesaktive og pensjonistar i alderen 62–69 år når det gjeld frivillig arbeid, omsorg for partnar og foreldre, pass av barnebarn og helse.

Datagrunnlaget for analysane er andre runde av Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) frå 2007/2008.

Prosjektet er utført på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Emneord

Annonse

Annonse