Saken er produsert og finansiert av Nord universitet - Les mer
– Etter ein dag på frivillig-sentralen er det mange inntrykk å fordøye og da er det lett å gløyme sine eigne «vondtar», fortel forskar.

Potetskrelling gjer dei gamle glad

Eldre møtast regelmessig på frivillig-sentralen, mellom anna for å skrelle potetar. Dei seier sjølv at dei får lada batteria og betre samhald når dei arbeider saman med andre. 

6.1 2018 05:00

I Noreg i dag har vi over 400 frivillig-sentralar. Desse er organiserte på mange ulike vis og har som mål å fylle gapet mellom tilboda frå det offentlege og private organisasjonar.

Frivillig-sentralane blei initiert av staten i 1991 med intensjon om å vere ikkje-kommersielle opne lågterskel-tilbod i kommunane drive av grupper som elles var underrepresentert i frivillig arbeid.

Men kva for betydning har desse sentralane for dei som stiller opp som frivillige?

Saman med sanitetskvinnene


Anita Berg er førsteamanuensis ved Nord universitet. (Foto: Roger Grostad)

I ein fersk studie har dei sett på korleis dei eldste eldre, dei frå 65 år og oppover, erfarte utbytet av å vere frivillig, og kvifor dei heldt fram som frivillige. Studien er basert på fokusgruppe-intervju med 18 eldre i alderen 66–83 år.

– Studien understrekar viktigheita av frivillig-sentralane som ein stad for deltaking og sosialt samvær, og som gir ei oppleving av å vere ein del av eit fellesskap. Dette ble viktigare med aukande alder og minkande nettverk.

– I tillegg fann vi også at frivillig-sentralen fungerte som ein arena for personleg vekst og gradvis tilvenning til det å bli eldre. Særleg dette med verdsetjinga av personleg vekst og utvikling blant dei eldste eldre frivillige er hittil ikkje blitt beskrive så tydeleg i tidlegare forsking.  

Det seier Anita Berg, førsteamanuensis ved Nord universitet.

– Til saman blir desse utbytta beskrivne som helsefremmande av dei frivillige sjølv. Dette minner oss om at å få bruke sine ressursar og ikkje minst få nye utmaningar i kvardagen saman med andre også er minst like viktig for dei eldste eldre, seier ho.

Eit samlingspunkt i bygda

Sentralen som dei har tatt føre seg i forskingsprosjektet var i ei middels stor norsk bygd, og hadde over 60 eldre på frivillig basis. Den største oppgåva deira var er ei vekevis middagsservering kor dei førebur og serverar norsk husmannskost til kring 250 gjestar.

– Slikt arbeid krev mange hender og ikkje minst godt samarbeid på formiddagstid. Mange menn som tidlegare var bønder melder at dei lærer seg nye ting om matlaging kvar gong dei er på kjøkenet, som dei før knapt visste opp ned på. For på kjøkenet har alle like viktige oppgåver for å få maten klar til servering, og alle er avhengig av at dei andre lykkast. Slik byggjast samhald med dei du knapt helste på ved butikken før, seier Berg.   

Berg fortel at denne frivillig-sentralen er populær i lokalsamfunnet og eit tilbod som er nytta av sambygdingar i alle aldrar.

– Det er eit samlingspunkt i bygda, med tilbod om mat og mange ulike aktivitetar. Samstundes ser vi at dei frivillige er der veldig lenge. Som dei sjølv sa: «Her er det ingen pensjonsalder. Vi arbeider her til vi døyr».

– Ved ein frivillig-sentral er det mange oppgåver som skal fyllast. Som til dømes på kjøkenet, i bruktbutikken og utomhus. Nettopp moglegheita for varierte oppgåver tilpassa interesser, funksjonsnivå og dagsform er viktig. Og det at dei får jobbe saman med andre frivillige, betyr ekstra mykje, seier ho.

Potetskrellemaskin? Nei takk!

Eit godt bilete på betydninga av det sosiale samværet, finn vi i svaret frå ein av dei frivillige som vart intervjua i studien. Vedkomande skrella poteter saman med fleire andre kvar måndag. Her sit dei i ein stor sirkel med ei stor bøtte i midten:

«Det var nokon som prøva å introdusere ei maskin som skulle skrelle potetene. Men ingen ville ha ho fordi det sosiale ville forsvinne. Det går jo ikkje an å prate med ei maskin. Det er mange frivillige som har sagt det, at når dei ikkje lengre greier å jobbe på kjøkkenet, vil dei koma hit for å skrelle poteter».

Ho fortel vidare at det sosiale er viktig og at det er lite fråvær. Noko ein annan av dei faste potetskrellarane understrekar:

«Ja, eg er frisk på måndagar når eg skal skrelle poteter sjølv om eg er sjuk både kvelden før og dagen etter.»  

Å få vere ein del av eit fellesskap

Gjennom å få ta del i slike frivillig-sentralar får dei ei oppleving av å framleis delta og bidra i samfunnet. Her får dei noko meiningsfullt å gå til, noko som er ekstra viktig når ein blir pensjonist, enke eller enkemann.

– Dei opplever dette som særs nyttig, spesielt for å takle overgangen det er å bli pensjonist og få eit tynnare nettverk. Her møter dei andre i same situasjon og blir del av ei gruppe frivillige. Det har ein verdi i seg sjølv, seier Berg.

Og det er nettopp dette med andre frivillige som skil seg ut som ein viktig faktor ved frivillig-sentralane. Andre stadar kan det ofte dreie seg om å vere frivillig saman med nokon få andre, eller i mindre fast grupperingar. Når ein blir eldre er det varige samværet og fellesskapet med andre frivillige som betyr mest.

– Dei fortel at dei får lada batteria, sjølv om dei også blir slitne. Dei seier at det har ein helsefremmande effekt. Etter ein dag på frivillig-sentralen er det mange inntrykk å fordøye, og da er det lett å gløyme sine eigne «vondtar». Dei blir sliten i kroppen, da treng dei ikkje sovemedisin, fortel Berg.

Behov for meir forsking

– Det er mykje snakk om eldre og einsemd, og at det er for få hender i eldreomsorga. Studien syner at dei som får ta del i eit slikt tilbod, har god nytte av det, at dei held seg friske av å vere der og kan glede andre gjennom å få bruke sine eigne ressursar.

No vonar Berg at deira studie kan bidra til at det blir satsa på enda fleire frivillig-sentralar, men også at det blir forska ytterlegare og enda meir omfattande på mekanismane i kvardagsleg frivillig-arbeid og korleis ein nett kan realisere frivillig arbeid som ein vinn-vinn situasjon også for dei eldste eldre.

Referanse:

Anita Berg og Oddbjørn Johansen: Peeling Potatoes as Health Promotion? Self-Perceived Benefits of Volunteering among Older Adult Volunteers in a Norwegian Volunteer Centre. Open Journal of Social Sciences. (2017) [pdf.]

Studien er gjort saman med Norske Kvinners Sanitetsforening, med støtte frå ExtraStiftelsen.

Annonse

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Emneord

Annonse

Annonse