Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - Les mer
Læringsutbytet til elevane avheng av at moglegheitene i uteundervisninga vert utnytta.

Her er seks råd for god uteundervisning

– Ekskursjonar må ha eit læringsformål, ikkje berre vera ein sjanse for elevane til å sleppa ut av klasserommet, seier ekspert i naturfagsundervisning.

15.11 2017 05:00

Merethe Frøyland er leiar av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo (UiO). I mange år har ho forska på korleis norske elevar best kan læra naturfag. No manar ho naturfaglærarar til å leggja til rette uteundervisninga slik at ho gjev best mogleg læring for elevane.

– Framleis er det mange som meiner at det sosiale og det fysiske er viktige element i uteundervisning. Men med ei slik tilnærming fryktar vi at læringsutbytet for elevane kjem i bakgrunnen, seier Frøyland.

Difor har ho utvikla verktøyet «Utvidet klasserom» saman med fyrsteamanuensis Kari Beate Remmen ved Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling ved UiO. Verktøyet skal sikra at lærarar og elevar held eksplisitt fokus på målet om forståing hjå elevane.

Andre læringsarenaar

– Verktøyet er bygd på andre si forsking, som vi har samla og vidareutvikla. Det kan oppsummerast i seks hovudtrinn, forklarar Frøyland:

  1. Vel tema
  2. Finn eit oppdrag som elevane skal løysa
  3. Formuler mål for forståing som hjelper eleven til å løysa oppdraget
  4. Kva kan elevane gjera her som dei ikkje kan gjera i klasserommet?
  5. Vel aktivitetar som let elevane demonstrera og byggja forståing
  6. Undervegsvurdering som hjelper elevane til å løysa oppdraget

At det er ein fordel å koma seg ut i naturen når ein skal læra naturfag, er opplagt. Men Frøyland og Remmen siktar òg til andre læringsarenaar, som bedrifter og museum, når dei snakkar om uteundervisning.

For- og etterarbeid

– Med god uteundervisning får elevane sjå korleis det dei lærer i naturfag vert brukt i for eksempel arbeidslivet, seier Frøyland, men legg til:

– Dessverre har studiar vist at tilrådingane om god uteundervisning sjeldan vert fylgt i praksis.

Skal uteundervisninga fungera og elevane oppnå djup læring, er det nødvendig med for- og etterarbeid. Elevane viser mest fagleg og sosialt engasjement når dei får oppgåver som gjev dei sjansen til å gjera eigne val, bruka tidlegare erfaringar og interesser, og utforska saman med klassekameratane.

Røyk og smell

– Men når uteundervisninga berre er ei omvising av læraren eller ein ekstern fagperson, vert elevane passive tilhøyrarar. Moglegheitene som ligg i det eksterne miljøet, vert ikkje brukt, seier Frøyland.

Ho legg til at liknande situasjonar òg kan oppstå i klasserommet.

– Aktivitetar i naturfagtimen som lys som blinkar, fjører som sprett, røyk og smell og filmar av løver og vulkanar og vassdropar i mikroskop, kan lett bli oppfatta som stunt og fragment i undervisninga.

– For all del, dette er sjølvsagt kjempeartig, både for små og store. Men skal det verta noko særleg læringsutbyte av det, må det setjast inn i ein samanheng der elevane får anledning til sjølve å utforska fenomena.

Referanse

Remmen, K.B. og Frøyland, M. (2017): «Utvidet klasserom» – Et verktøy for å designe uteundervisning i naturfag. NorDiNa Vol 13, No 2, doi: http://dx.doi.org/10.5617/nordina.2957 (sammendrag)

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse