Saken er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer
Store dyr som kua er ikkje like utsette for rovdyrangrep på beite som sau. Driftsøkonom Ole Kristian Stornes ved NIBIO har rekna på om det kan lønne seg for ein sauebonde å gå over til kjøtfe.

Kan kua vere med å løyse rovdyrproblemet?

I nokre delar av landet blir sauehald med beite i utmarka opplevd som uforsvarleg på grunn av rovdyr. Spørsmålet om andre dyr kan erstatte sauen tvingar seg fram.

16.10 2017 05:00

Økonomien i sauehaldet svingar, sjølv om han har blitt betre dei siste fem–seks åra. Mange sauebønder har investert i større besetningar og nye driftsbygg som følgje av både politisk oppfordring og betra tilrettelegging for sauehald. Stor produksjon fører til at mykje lammekjøt tidvis hamnar på lager, som i 2016. Dermed fell prisen.

Og for enkelte er ikkje berre marknadsutsiktene usikre. Rovdyra pregar kvardagen. Tap av dyr og menneskeleg påkjenning er ein del av kostnadane.

Samtidig importerer vi for tida nær 20 prosent av samla forbruk av storfekjøt her til lands. Enkelte tar til orde for at norske bønder må gripe sjansen no, før utanlandske interesser fyller gapet.

Kan ein tenke seg at kjøtfeproduksjon løyser to oppgåver samtidig? Altså at kua både kan redusere tap frå rovdyrangrep og fylle eit hòl i marknaden.

Frå sau til ku

Men for at fleire sauebønder skal gå over til kjøtfeproduksjon, må det vere lønnsamt.

Så korleis vil økonomien vere for ein sauebonde om han vel å begynne med kjøtfe?


Ole Kristian Stornes er driftsøkonom ved NIBIO. (Foto: Erling Fløistad)

Ein som har rekna på dette, er driftsøkonom Ole Kristian Stornes. Han var ein av bidragsytarane til ein NIBIO-rapport kor dei mellom anna drøfta alternativ bruk av beiteressursane.

Bakgrunnen for å vurdere nettopp kyr som eit alternativ er at store dyr er mindre utsette for rovdyrangrep, og at begge driftsformer handlar om bruk av beitedyr.  

– Nokre gonger blir rovdyrtapa så store at det kan vere aktuelt å vurdere nye måtar å nytta utmarksbeita på, seier Stornes. I dei nordlegaste fylka har reindrifta problem knytt til rovdyr, men her vil andre produksjonar ikkje vere mogleg. For enkelte sauebønder kan det stilla seg annleis.

Men er kua eit realistisk alternativ til sauen? Det handlar om bruk av driftsmateriell og grovfôr frå garden, og det handlar om levesett. Nokre vil meine at sauehald er ein livsstil.

Mjølkekyr vurdert som uaktuelt

Stornes forklarer at om ein sauebonde får tilbod om omstilling, så vil han kunne kjøpe seg ein statleg mjølkekvote. Teoretisk sett kan bonden da leggje om til mjølkeproduksjon.

– Men grovfôravlingane på eit sauebruk med 200 vinterfôra sauer vil berre gi fôr til knapt 15 mjølkekyr. Få eller ingen byggjer ny driftsbygning i dag for så liten produksjon.

– Derfor har vi ikkje rekna på overgang til mjølkeproduksjon, men heller sett på korleis det vil gå om ein sauebrukar legg om til ammekuproduksjon, seier Stornes.

Ammekua blir nytta til å produsere kjøt, i staden for mjølk.

– Mjølkekuproduksjon krev meir av driftsbygget, og ei meir kostnadskrevjande ombygging av eit sauefjøs enn det ammekuproduksjon gjer.

Kjøtproduksjon med ammeku har mange fellestrekk med sau. I motsetnad til vanleg mjølkeproduksjon, får kalvane all mjølka til ammekua i fleire månader medan dei dier.  

Ammekuproduksjon nyttar tradisjonelle, lokale ressursar som ulike beiter og grovfôr. Kyra er også med på å pleie kulturlandskapet gjennom beiting. 

– Eg har ikkje angra ein dag

Kommentaren kom spontant frå Per Ivar Laumann da han vart spurt om korleis det er å drive med ammeku, ikkje lenger sau. Han avvikla sauehaldet for ti år sidan og erstatta 130–140 sau med 21 ammekyr – som han da hadde fjøs til.

Laumann held til i Tysfjord i Nordland, eit område med både jerv og gaupe. Han fortel om eit vanskelegare liv før han la om til kjøtfeproduksjon.

– Du veit jo aldri kva som møter deg. Kjem dyra utmagra heim etter å ha mista mor si? Eller kjem mora heim utan lam? Nokre gonger med jurbetennelse og smerter. Det var ikkje godt, seier han.

Han fortel at kjøtfeproduksjonen har gitt han betre livskvalitet – og betre tid. No driv han steinknuseverk ved sida og har fått betre økonomi enn for ti år sidan.

I 2015 investerte han i ny driftsbygning for 4,5 millionar kroner. I dag har han 46 ammekyr av rasen Aberdeen Angus og skryt uhemma av dei:

– Finst ikkje betre kulturpleiarar enn slikt storfe, hevdar han. Dei kjem seg opp og fram og ned. Og dei et nesten alt, mykje meir enn sauen. Han vil helst berre ha det fine graset, medan ammekua tar for seg av småbjørk, kratt og brennesle – alt går ned.


Per Ivar Laumann frå Tysfjord i Nordland har erstatta 130–140 sau med 46 ammekyr. Kalvane ammekyrne føder blir brukt i kjøtproduksjon. (Foto: Privat)

Best mogleg kjøtkvalitet

Laumann meiner det er meir naturleg for ein sauebonde å begynne med ammeku enn det er for ein mjølkebonde.

– Sauebonden og ammekubonden tenker likt, seier han, om drift og fôring og prioriteringar. Mjølkekubonden vil vektleggje størst mogleg mjølkeproduksjon. Sauebonden og ammekubonden vil begge ha blikket festa på dyra for best mogleg kjøtkvalitet.

Før Laumann avsluttar, er det likevel ein ting til han gjerne vil poengtera når så mykje positivt er sagt:

– Om ein vurderer omlegging frå sau til ammeku, må ein og ta omsyn til auka arealbehov. Ved endra produksjonsform vil det bli behov for meir grovfôr og areal for å kunne dekke opp same årsverksinntekt, seier han og legg til:

– Dette er og ei oppgåve for forvaltninga å ta omsyn til dersom omlegging til ammeku skal vurderast som eit mogleg verkemiddel i rovdyrpolitikken.

Sjølv har han løyst arealbehovet stort sett gjennom nydyrking av eige og leigd areal.

Er det lønnsamt å endre?

Stornes fortel at da dei rekna på dette i 2016, gav ammekuproduksjon i alle scenario svakare økonomisk resultatet enn sau, og for dei minste besetningane vart det underskot.

Men det siste året har prisen på lammekjøt gått ned og for storfe gått opp. Dermed er vesentlege føresetnader for inntektsgrunnlaget i kalkylane endra. Stornes har oppdatert kalkylane og resultata er ikkje like eintydige.

Driftsøkonomen forklarer korleis omlegging frå sau til ku no kan lønne seg:

Økt kilopris på storfekjøt

– Basert på marknadsutviklinga det siste året kan vi justere opp gjennomsnittsprisen på storfe med seks kroner kiloen, til 58, og lammeprisen ned frå 50 til 46. Når vi kalkulerer med dette som utgangspunkt, blir forskjellane i utrekna driftsoverskot mindre enn i 2016, naturleg nok. 

– Framleis er det bedriftsøkonomisk mest lønsamt å halde fram med sau, men forskjellane er mindre. Om ein og ser til tala for tidsbruk i dei to produksjonane, endrar biletet seg meir i favør av ammekuproduksjon, seier han.

Kjøtfeproduksjon tek mindre tid

Basert på data frå driftsgranskingane veit ein noko om gjennomsnittleg tidsbruk i sauehald kontra ammeku. I eit sauebruk med 200 dyr vil brukarfamilien legge inn 1900 eigne arbeidstimar i tillegg til innleigd tid på 600 timar.

Fôrgrunnlaget for å halde 200 sau er utrekna til å gi nok fôr til 17–18 ammekyr. Ifølgje driftsgranskingsdata vil ammekubonden som har ein besetning på denne storleiken bruke gjennomsnittleg 1400 arbeidstimar i året, med tillegg av 400 timar innleigd tid. 

Bruke tida på alternativt arbeid

Den frigitte tida i dette tilfellet er 500 timar årleg. Om ein legg til grunn at denne tida blir brukt til alternativt inntektsgjevande arbeid, viser kalkylane større overskot for kjøtfe enn sau som følgje av tilleggsinntekta.

Utrekninga er basert på gjennomsnittsløn

Det er lagt til grunn ein timepris på 266 kroner timen for gjennomsnittleg månadsløn, som er avleitt av tal frå Statistisk sentralbyrå, sist oppdatert i februar 2017. Alle menn og kvinner i ulike sektorar med i utrekninga.

Endring lønner seg meir på Austlandet

For ein sauebonde med 200 sau i Nord-Noreg vil driftsoverskotet ved omlegging til ammeku pluss ekstra inntekt da nærme seg same overskot som for sauehald. For ein austlandsbonde vil slik omlegging med tillegg av anna lønsarbeid gi høgare overskot enn sauehald.

For dei mindre bruka er det mindre frigitt tid og tala er meir usikre. Om ein legg økonomien aleine til grunn, vil det for mindre besetningar vere lite aktuelt å leggje om frå sau til ammeku.

Ulike rammeføresetnader i Nord-Noreg og på Austlandet er grunnen til at dei økonomiske scenariane er delt i to geografiske område.

Kan slå ulikt ut på individnivå

Å endre produksjonen frå sau til ku kan altså lønne seg, om dei rette føresetnadene er på plass.

Men Stornes er nøye med å vektleggje at føresetnader om alternativt arbeid ikkje automatisk vil la seg gjere i praksis.

– Det kjem an på moglegheitene i lokalsamfunnet og kvalifikasjonane til brukaren, seier han. Også timeprisen ein oppnår vil sjølvsagt variere. Han kan vere både høgare og lågare enn gjennomsnittet.

Dessutan vil individuelle forskjellar mellom bønder og gardsbruk spele inn på resultatet for den enkelte. Kalkylane er baserte på gjennomsnittstal og gir ein peikepinn om utfallet for heile grupper. Det kan slå ulikt ut på individnivå.

– Utrekningar som dette kan likevel vere viktige i ein diskusjon om eventuelt å betre tilrettelegginga for omlegging i enkelte område, seier Stornes.

Det er ikkje berre økonomien som spelar inn her, men han er ein viktig føresetnad for å kunne vurdere alternative næringsvegar der spørsmålet er aktuelt. Menneskeleg belastning og dyrevelferd er andre sider av det store biletet.

Referansar

Rovviltbestandens betydning for landbruk og matproduksjon basert på norske ressurser, NIBIO, Rapport, 63 2016

Økonomien i spesialisert kjøttproduksjon på storfe - resultater fra regnskapsanalyser, NIBIO, Rapport, 3(104) 2017

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Utrekningar

Utrekningane er gjort i planleggingsprogrammet NORKAP. Programmet er eigna for å beregne økonomien knytt til driftsomlegging og/eller investeringar på eit gardsbruk.

Investeringskostnad til ombygging av driftsbygning er pårekneleg, og er lagt inn i kalkylane.

Standard dekningsbidragskalkyler for sauehald og ammekuproduksjon for ulike geografiske område er lagt til grunn saman med data frå Driftsgranskingar i jordbruket.

Rovdyrangrep

Norsk rovdyrpolitikk er tufta på eit todelt mål om at det skal vere grunnlag både for livskraftige bestandar av rovvilt, og berekraftig utnytting av beiteressursane i utmarka. Utfordringane spenner frå bjørneangrep på bikuber til tap av sau på utmarksbeite.

Sjølv om store dyr vanlegvis er mindre utsette for rovdyrangrep, vil dette variere etter kva slag rovdyr det er snakk om. Eksempelvis kan bjørn ta store dyr, og ulv kan ta ungdyr av store dyr. Jerv, gaupe og ørn er vanlegvis ikkje trussel for store dyr, men derimot for sau. Dessutan kan alle dyr bli skremde av rovdyr, noko som kan gi redusert tilvekst.

Driftsoverskot

I eksemplet med omlegging frå 200 sau til 18 ammekyr for eit bruk i Nord-Noreg, vil det kalkulerte driftsoverskotet bli 291 000 kroner. Da er alternativ bruk av 500 arbeidstimar rekna inn som ekstra inntekt – til ein timepris på 266 kroner. For sauebrukaren ville overskotet vere 324 000 kroner.

For eit tilsvarande bruk på Austlandet vil det kalkulerte driftsoverskotet bli 258 000 kroner for ammeku mot 232 000 kroner i sauebruket.

Miljøpåverknad

Det er reine økonomiske utrekningar som ligg til grunn for denne artikkelen. Spørsmål om korleis ulike beitedyr påverkar miljøet er ikkje undersøkt eller inkludert.

Emneord