Ein notis frå Vestlandsforsking - les mer.

Sogningar inspirert av sunn messe i Berlin
Internationale Grüne Woche er ei årleg utstilling med vekt på mat og drikke, landbruk og grøne verdiar. Den første vart arrangert i Berlin i 1926, og årets utgåve, som Vestlandsforsking besøkte i slutten av januar, var den åttifemte. 1800 utstillarar er representerte. I tillegg omfattar utstillinga ei rekkje døme på regional utvikling frå tyske delstatar, knytt til mellom anna digitalisering, framtidas mat og opplevingar i landbruket. Som ny besøkande var direktør i Vestlandsforsking, Anders-Johan Almås, imponert.
– Utstillinga var veldig mangfaldig. Det var interessant å sjå korleis dei over 60 landa formidla sine eigne mattradisjonar og promoterte landbruk og mat i samband med reiseliv, seier Almås.
Forskingsleiar for teknologi og samfunn, Ivar Petter Grøtte, har eit konkret siktemål: Å førebu ei lokal satsing i Sogn der kjernen er koplingar mellom lokalmat, kultur og opplevingar.
– Det føregår no store satsingar i regionen som kan forsterkast gjennom meir samarbeid, seier Ivar Petter Grøtte.
Innovasjon og kunnskapsutvikling har ein naturleg plass i arbeidet, og klyngesatsingar som Arena-programmet i regi av Innovasjon Norge, kan vere aktuelt. Fleire av dei aktuelle deltakarane i eit framtidig samarbeid var med på studieturen, som Lærdal Grønt, Sognefrukt, Bratt moro, Hodlekve-satsinga, Lærdal kommune, Lærdal Næringsutvikling og Høgskulen på Vestlandet.
Les meir om utstillinga på nettsidene til Vestlandsforskning