Studiar av bilbruk viser at europeiske bilar i snitt står parkerte 97 prosent av tida. – 97 prosent er nesten heile tida! Talet viser at vi har altfor mange bilar i dag, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB Scanpix)
Studiar av bilbruk viser at europeiske bilar i snitt står parkerte 97 prosent av tida. – 97 prosent er nesten heile tida! Talet viser at vi har altfor mange bilar i dag, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB Scanpix)

– Vi er i privatbilens siste dagar

– Mange har eit kjærleiksforhold til bilen, og få er klare for skilsmissa som må til, seier forskar. Han meiner privatbilen har få år igjen.

Published

– For mange er bilen blitt omtrent som ein partnar eller eit familiemedlem – ein vi kan føre samtalar med og stikke av saman med, hevdar Stefan Gössling.

Han er forskingskoordinator ved Vestlandsforsking og forfattar av ei ny fagbok. Der nøstar han i psyken vår for å finne svar på kva det er med bilen og oss.

Fødde inn det

Forskaren legg ikkje skjul på å ha ei kritisk innstilling til transportvanane våre. Samtidig unnskylder han generasjonane som hamna i bilens klør alt som spedbarn då foreldra spente oss fast i baksetet og let bilens risting og milde motordur bysse oss i søvn.

Som ungdommar skjønte vi at det var om å gjere å ta lappen, og dermed var vi i gang.

– Vi er fødde inn i ein bilkultur, medgir Gössling.

Uansett, understrekar han, lever vi med eit grelt paradoks: Medan klimaproblema tårnar seg opp på synsranda, går vi rundt med ei oppfatning om at privatbilen er nødvendig og ikkje kan erstattast.

Ei framtid der bilen hentar deg

– Har du tenkt på kor mykje av tida bilen din står i ro, utan å køyre nokon stad? spør Gössling. Studiar av bilbruk viser at europeiske bilar i snitt står parkerte 97 prosent av tida. Eit sjokkerande høgt tal, meiner forskaren.

– 97 prosent er nesten heile tida! Talet viser at vi har altfor mange bilar i dag, seier han ivrig.

Dei siste åra har forskaren med stor interesse følgt lanseringa av dei første sjølvkøyrande bilane. Trass i enkelte, leie ulykker trur han teknologien kjem til å stå seg på lang sikt. Og ikkje berre det:

– Innan fem år kjem vi til å sjå ei stor omvelting innan bilbruk, seier forskaren.

Visjonen er slik: Stadig færre eig bil. Når du skal ein stad, tilkallar du ein sjølvkøyrande bil, kanskje via ein app, slik Uber fungerer i dag. Når bilen dukkar opp, let du deg frakte dit du skal, kanskje saman med andre som skal omtrent same veg.

Visjonen er liv laga også utanfor byane, meiner Gössling:

– Sjølvsagt vil dette fungere best i urbane strøk, der mange vil reise i same retning – til eller frå sentrum. Samtidig trur eg det vil fungere på mindre stader òg, sjølv om ventetida blir lenger der.

Stefan Gössling  forskingskoordinator ved Vestlandsforsking. (Foto: Idun A. Husabø)
Stefan Gössling  forskingskoordinator ved Vestlandsforsking. (Foto: Idun A. Husabø)

Djupe strenger

Gössling har i arbeidet med boka lese seg opp på psykologiske studiar om banda mellom menneske og bilar. Han er overraska over dei sterke koplingane som ser ut til å finnast mellom barndomstraume og villmannskøyring, eller til dømes mellom identiteten vår og bilmerka vi vel.

På store bilmesser i Tyskland, blant skinande bil-glis med skinnsete og poserande, tynnkledde modellar, vart forskaren sitjande og gruble over korleis bilindustrien spelar på så djupe strenger i oss.

– Ein tanke som slo meg, var at reklamane konsekvent viser SUV-ar i eit karrig, nærast post-apokalyptisk landskap. Slik fortel dei oss at vi har mykje å frykte der ute. Verda er farleg, men bilen er vårt skjold, forklarer Gössling.

Samfunn som elskar bilen

Forskaren interesserer seg spesielt for land der bilen nærast er heilag. På topp plasserer han USA, Australia og sitt eige heimland, Tyskland.

Bilen si stilling i desse samfunna har ulike røter, frå spreidd busetjing til statleg politikk. For Tyskland sin del kjem bearbeidinga av historiske sår, som den andre verdskrigen, hevdar Gössling.

– Nederlaget og gjenreisinga er med på å forklare kvifor bilen er blitt så kjær og vanskeleg å miste, sjølv i eit land rikt på flatt terreng og historiske byar der alt ligg til rette for å sykle, seier han.

Men i tida som kjem, ventar ei lausriving frå alt det gamle. Om altså forskaren får rett.

Trur på dei unge

At vi som frå fødselen av har lært å elske bilane våre skal kunne endre oss, har forskaren lite tru på. Han merkar at det er farleg å kritisere bilen og tilrår heller å fokusere på den oppveksande generasjonen – dei urbane ungdommane som ikkje ønskjer å ta lappen, og som framleis ikkje har falle for sitt første køyretøy.

Kanskje vil dei la seg påverke av bilete som det han viser frå København, der ei attraktiv studine tråkkar mot byen i freshe klede.

– Eg har tru på å dyrke fram ein sykkelkultur på sida av dagens bilkultur. Eit smart tema å leggje vekt på i slike kampanjar er sunnheit og helse, seier forskaren.

Smarte kampanjar

Psykologien som er så godt utnytta i bilreklamar, kan òg setjast i arbeid for å få fortgang på «skilsmissa» Gössling håpar på.

Han fortel om korleis Malmö gjekk fram for å få folk til å slutte med småkøyring, altså bilturar på under fem kilometer. Slagordet var «Inga löjliga bilresor», eller «Ingen latterlege bilturar».

– Kampanjen var psykologisk smart. Ingen vil stille seg utanfor eit fellesskap eller bli ledd av. Slik kan ein bruke psykologien òg til å kople oss laus frå bilkulturen, som jo er dominerande, òg i Skandinavia, seier forskaren.

Referanse:

Gössling, S.: The Psychology of the Car. Automobile admiration, attachment and addiction. Amsterdam: Elsevier. (2017)