Italienarar og nederlendarar er blant dei som legg att pengar, utan å lage så djupe miljøavtrykk. (Illustrasjonsfoto frå Loen i Nordfjord: Bård Basberg.)
Italienarar og nederlendarar er blant dei som legg att pengar, utan å lage så djupe miljøavtrykk. (Illustrasjonsfoto frå Loen i Nordfjord: Bård Basberg.)

Draumeturisten er ein rik italienar

Forskarar veit no meir om draumeturisten enn dei fleste andre, etter å ha intervjua heile 5000 turistar frå heile verda.

Publisert

Han er frå Nord-Italia. Han er mellom 35 og 55 år. Han har minst fire gonger høgare inntekt enn snittet i EU. Og han kjem hit med tog eller andre miljøvenlege transportmiddel. Vel framme vil han bli lenge. Han bur gjerne på hotell, men likar å bruke pengar også på serveringsstader, teater, utflukter, lokale produkt og kulturarrangement. Han er glad i naturopplevingar og ikoniske attraksjonar som Trolltunga og Geiranger, men kan godt koma utanfor vanleg høgsesong.

«Han» kan like gjerne vera ei ho.

Det store og gode kjeldematerialet på 5000 turistar kan gi reiselivsnæringa grunnlag for å skrote det tradisjonelle målet om flest mogeleg gjestedøgn.

– Det er viktig at turistane blir lenger på kvar stad. Har ein til dømes ein million gjestedøgn, og folk blir i snitt ti dagar, så blir det 100 000 ankomstar. Blir dei i snitt to dagar, så blir det 500 000. Dette krev til dømes større flyplass, fleire byte av sengetøy på hotella, skaper køar og trengsel og aukar klimagassutsleppa mykje, seier Ove Oklevik.

Saman med Stefan Gössling og Ivar Petter Grøtte har han no heilt ferske råd til destinasjonane.

1300 kroner i døgnet

I tillegg til transport og overnatting viser undersøkinga at gjennomsnittsturisten legg att 1300 kroner.

Ove Oklevik er ein av forskarane som seier at opplevingar i form av aktivitetar er ein viktig nøkkel til ei framtidig reiselivsnæring. (Foto: Vestlandsforskning)
Ove Oklevik er ein av forskarane som seier at opplevingar i form av aktivitetar er ein viktig nøkkel til ei framtidig reiselivsnæring. (Foto: Vestlandsforskning)

Draumeturisten må i tillegg til å bli lenge, altså ha høgt forbruk – men også lågt miljøavtrykk.

– Vi ser at asiatar brukar mykje pengar, men dei har allereie reist så langt med fly at miljøavtrykket blir større enn frå andre turistar og skaden blir stor. Det same gjeld langt på veg amerikanarar. Difor bør vi ønskje oss italienarar og nederlendarar hit til Noreg. Dei legg også att mykje pengar, men lagar ikkje så djupe miljøavtrykk, seier Oklevik. Det gjer ikkje danskane heller.

Våre sør-skandinaviske naboar er altså dei minst spandable turistane, nest etter turistar frå Aust-Europa og Tyskland. I snitt har turistar som kjem til Noreg nesten fire gonger så høg snittinntekt som den i EU.

Aktivitet, aktivitet, aktivitet

Fleire opplevingar i form av aktivitetar er ein viktig nøkkel til ei framtidig reiselivsnæring, som både er miljøtilpassa og økonomisk lukrativ. Her ligg stort potensiale, meiner forskarane bak denne breie undersøkinga.

– Spesielt dei asiatiske og italienske marknadane viser behov for dette. Å gjera aktivitetane meir synlige, gjerne allereie før reisa blir bestilt, aukar sjansen for at turisten blir verande lenger, seier Oklevik. Dessutan er det gunstig fordi det ofte er lokale aktørar som organiserer aktivitetane, dei blir jamnare spreidd, gjerne også i rurale område.

Undersøkinga viser at mellom dei 5000 turistane som har fortalt om sin planlagde aktivitet under reisa, skil dei skandinaviske seg ut. Det er dei som på førehand seier dei har planar og vilje til å delta i flest aktivitetar, men som i praksis ikkje når opp til ambisjonane sine.

– Det motsette gjeld for folk frå Sveits, Nederland og Irland. Dei har lågare ambisjonar om aktivitetsnivå, men viser til gjengjeld at dei oftast blir med på meir enn dei hadde tenkt, seier Oklevik.

Aktivitetsnivået heng til ei viss grad også saman med korleis turisten er innkvartert. Særleg turistar som kjem via Airbnb er aller mest glad i aktivitetar og brukar meir pengar på dette.

Undersøkinga viser at samla sett er dei ikkje våre mest lønsame turistar, særleg når overnatting på hotell blir rekna inn. Men forskarane er slett ikkje sikre på at å fjerne Airbnb ville medført fleire kundar til dyrare overnattingstilbod.

– Då ville dei kanskje søke seg til land med lågare kostnadsnivå, seier Oklevik.

Solid datagrunnlag

Aktivitetsnivået i sjølve studien har vore svært høgt, med over 153 datainnsamlingsdagar i sommarhalvåret 2016.

Spørjeskjema vart brukt på fleire språk, i ulike transportsituasjonar.

Intervjua vart gjennomført på seks stader, inkludert flyplassen i Bergen, ferjeterminalar i Kristiansand, Hella og Lavik, samt sentrum av Bergen.

Arbeidet er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet og NCE Tourism i innovasjonsprosjektet for næringsliv «Tourism Elasticities».

Referanse:

Ove Oklevik, Stefan Gössling, Hall C. Michael, Steen Jacobsen Jens Kristian, Grøtte Ivar Petter & Scott McCabe: Overtourism, optimisation, and destination performance indicators: a case study of activities in Fjord Norway, Journal of Sustainable Tourism 2019. https://doi.org/10.1080/09669582.2018.1533020