Ufortent fattigdom

- Eit problem når det gjeld fattigdom er oppfattinga av at det ofte er fortent. I velferdssamfunnet vårt er tanken at alle har like moglegheiter for å klare seg. Slik er det gjerne ikkje, seier professor Kjell Underlid.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I vårt velstandssamfunn er det lettare å bli stigmatisert enn før viss ein er fattig.

Professoren har forska på sosial rettferd når det gjeld omgrepa fattigdom og rikdom i Noreg.

Han meiner at samfunnet må ta meir ansvar for å jamne ut dei økonomiske forskjellane mellom fattig og rik i Noreg. Ofte er det viljen det står på.

- Sosial rettferd er i dei fleste sin interesse. Ein veit jo aldri kva som vil skje med ein sjølv eller dei næraste i framtida. Ved å sjå fattigdom som eit samfunnsproblem, kan ein jamne ut dei sosiale forskjellane og skape eit meir harmonisk samfunn.

- Ei moglegheit er både eit nedre inntektsgolv og eit øvre inntektstak for innbyggjarane. I USA til dømes vurderar dei no eit tak for bonusane til toppleiarar, seier Underlid.

No kjem professoren si bok Sosial rettferd. Fattigdom og rikdom i det moderne Noreg ut, og omhandlar fleire problemstillingar omkring temaet.

Verre å vere fattig no

Underlid har samanlikna korleis livet på den økonomiske skuggesida i Noreg er, i forhold til den økonomiske solsida. Som ein del av forskinga har han intervjua fattige menneskjer i Bergen, og han har også teke for seg eliten sitt liv.

- Det å vere fattig inneber fleire ting. Dei må leve daglig med ein eksistensiell utryggleik sidan livet er ein evig kamp for å overleve. Sjølvbildet kan og få ein knekk, i motsetning til det ”struttande” gode sjølvbildet rike personar ofte kan ha.

- Fattigdom får og konsekvensar for grunnleggande menneskerettar, og det er dokumentert at fattige har dårlegare helse og døyr tidlegare enn dei som blir rekna som rike, seier Underlid.

Han trur at det er både vanskelegare og lettare å vere fattig i Noreg no enn før. Tidlegare var kanskje den materielle nauda større, men på same tid hadde fleire det like eins og støtta gjerne kvarandre.

I vårt velstandssamfunn er det lettare å bli stigmatisert, sidan skilnadane mellom fattig og rik har blitt mykje større i den seinare tida.

- I dag lever vi i eit materialistisk forbrukssamfunn, der til dømes mykje av det sosiale livet er knytt til forbruk. Det er ikkje hyggeleg å vere på botnen i eit rikt samfunn, meiner professoren.

Ikkje fritt val

Professor Kjell Underlid. (Foto: Frøy Katrine Myrhol)

Rettferdsomgrepet har ikkje berre vore aktuelt i filosofiske diskusjonar, men har og vore eit sentralt tema i religion, politikk og skjønnlitteratur.

I boka har Underlid undersøkt kva for perspektiv 12 ulike filosofar har på omgrepet rettferd, frå antikken til nyare tid.

- Noko av det første eg oppdaga, var at for å forstå sosial rettferd, må ein skjønne kva som ligg i rettferdsomgrepet. Ein må og forstå samanhengen mellom omgrepa rikdom og fattigdom. Det eine eksisterer ikkje utan det andre, akkurat som orda høg og lav, seier han.

Professoren meiner at fattigdom ikkje er noko som ein har vald fritt. Kanskje er ein ikkje så heldig at ein er fødd inn i ein velfungerande familie, ein har ein kronisk sjukdom eller dårlege oppvekstvilkår.

Ein kan heller ikkje sjå bort frå den frie vilja og personleg ansvar, men menneskjer må forståast ut ifrå ein breiare samanhenger.

- Fattigdom medfører krenkte rettar, og dei fattige som treng mest, får ofte minst i den samfunnsmessige fordelinga. Fattigdom og rikdom heng saman med det samfunnet vi lever i, kva vi meiner er rett og urett, og korleis vi meiner at samfunnet burde vere, seier Underlid.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS