Torvmose - ei tikkande klimabombe

Enorme mengder klimagassar er lagra i torvrike område. Om permafrosten smeltar, kan utviklinga kome ut av kontroll.

Publisert
"SPHAGNUM WARNSTORFII: Ein mjuk, liten vekst med makt til å endre klimaet på kloden. Foto: Kjell Ivar Flatberg, NTNU-Vitenskapsmuseet."
"SPHAGNUM WARNSTORFII: Ein mjuk, liten vekst med makt til å endre klimaet på kloden. Foto: Kjell Ivar Flatberg, NTNU-Vitenskapsmuseet."




Sjeldan er omkvedet “lita tue velter stort lass” meir passande enn her. For nå viser det seg at myr og mose spelar ei særs viktig rolle for verdas klima.

Det veit utviklingsbiolog og førsteamanuensis Hans K. Stenøien ved NTNU mykje om:

- Torv lagrar ein tredjedel av verdas karbonreservar, og dessutan enorme mengder av klimagassen metan. Dersom - eller snarare når - snittemperaturen på jordkloden aukar med ein grad celsius, kan store deler av desse reservane bli frigjort til atmosfæren.

- Skjer det, spelar det i verste fall ikkje lengre nokon rolle kva vi menneske gjer. Då kan klimautviklinga ha kome ut av kontroll, seier han.

Omformar omgjevnadene

Torvmose har spreidd seg ut over heile verda. Denne veksten, som ikkje har gått gjennom nokon særlig utvikling sidan tidenes morgon, er særs robust mot hardt miljø.

Torvmose har dessutan ein unik evne til å omforme omgjevnadene sine slik at dei vert gunstigare.

- Når torvmosen invaderer nye område, skil den samstundes ut store mengder hydrogenionar som gjer miljøet så surt at eksisterande vekstar døyr, forklarar utviklingsbiologen.

Monstermose

Det ekstremt sure miljøet er med på å hindre daude vekstar i å rotne. Utan nedbryting vert ikkje karbon frigjeve, men blir i staden liggande lagra i stadige nye lag daude vekstar.

Utviklingsbiolog og førsteamanuensis Hans K. Stenøien, NTNU (Foto: NTNU Info)
Utviklingsbiolog og førsteamanuensis Hans K. Stenøien, NTNU (Foto: NTNU Info)

- Eitt hektar torv kan innehalde så mykje som 5000 tonn karbon, og store mengder metan, seier Stenøien.

Stenøien synest torvmosar er fascinerande vekstar. Fascinasjonen vert ikkje mindre ved at dei kan dei få heile økosystem til å kollapse.

- Men, som vi ser: Det er ikkje berre avgrensa, lokale økosystem som kan falle saman dersom denne mosen får breie seg.

Endrar fundamentet

I verste fall kan torvmosen gjere at sjølve det globale klimaet kjem ut av kontroll. Det er i så fall tale om ei tilsynelatande ubetydeleg plante - men ei plante med bortimot mytiske dimensjonar, seier han.

Til og med mjuke, små vekstar som vi går rundt og trør på, har altså makt til å endre fundamentet til verdas klima.

Verst i nord

Nordlege områder, som til dømes Sibir og Nord-Amerika, fungerer som gigantiske deponi for desse klimagassane.

Derfor er det nordområda som vil merke effektane særleg sterkt, skulle lagra bli opna.

I verda har temperaturen auka med 0,2 grader per tiår sidan 1970. I indre delar av Sibir har temperaturauken vore tre gonger så stor - og gradestokken har stige med to strekar gjennom dei siste tre tåra.

Kjempelagre i Sibir

I Sibir åleine finst islagde område like store som Frankrike og Tyskland til saman, som kan begynne å smelte i stor skala ved ein grads auke i temperaturen.

Slik nedsmelting vil akselerere temperaturauken, som i sin tur forsterkar nedsmeltinga endå meir.

Også andre mekanismar kan gje slik feedback. Eit døme er at mørkare jordoverflate i område der is og snø har smelta, fører til høgare temperatur som igjen gjev meir smelting av is.

Og så vidare.

Har skjedd før?

- Mange meiner nå at slike feedback-effektar har vore medverkande til tidlegare tiders store oppvarmingar av kloden, seier Stenøien.

Han viser mellom anna til nylig publiserte studier i Proceedings of the National Academy of Sciences, foretatt av NASAs Goddard Institute for Space Studies.

Ved ein grads temperaturauke kan det være meir eller mindre “game over” når det gjeld vår evne til å påverke klimautviklinga.

Då tek Moder Jord over rattet og gasspedalen åleine. Med oss i baksetet.