Kornsirklar – spiritualitet for vår tid

Nokre har stort utbytte av å besøkje kyrkjer, moskear og andre heilage stader, mens andre har glede av kornåkrar. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

En kornsirkel i Slovenia. (Foto: iStockphoto)

Fakta om kornsirkler:

Betegnelse på geometriske mønstre i kornåkre, ofte sirkelformede eller basert på sirkelmønstre.

De største har diametre på over 100 m. Flere hundre slike sirkler er funnet, de fleste sør i England.

Mange av mønstrene er temmelig intrikate, og det kan i en del av tilfellene være vanskelig å se hvordan de fremkommer. Noen velger å tro at utenomjordiske vesener står bak.

En mer nærliggende forklaring er at kornsirklene er skapt av mennesker, for eksempel for å føre offentligheten bak lyset.

(Kilde: Store Norske Leksikon) 


– Kornsirkelfenomenet kan ein engasjere seg mykje eller lite i. Den aukande aggressive motstanden mot ulike nyreligiøse fenomen bidreg meir til tabuisering enn til kritisk tenking, meiner Anne Kalvig ved Institutt for kultur- og språkvitenskap ved Universitetet i Stavanger.

Kalvig har dei siste åra utforska kornsirklar og åndeleg turisme. Ho skal no publisere resultatet i Aura, eit samnordisk tidskrift for akademiske studiar av nyreligiøsitet.

Uforklart og banalt?

Med deltakande observasjon som metode har Kalvig mellom anna trakka berrføtt rundt i kornsirklar og elles gjort seg kjend med fenomenet på Internettet.

At forskinga ikkje har teke kornsirkelfenomenet på alvor, meiner ho òg har sin bakgrunn i at det er uforklart og banalt, ja, nærmast pinleg for mange.

I dette spennet mellom kornsirklar som eit ureint naturvitskapleg objekt, i randsona av den etablerte vitskapen, og kornsirklar slik dei opptrer i den kulturfaglege forskinga, som stort sett har redusert fenomenet til eit spørsmål om ufo-teoriar, prøver Anne Kalvig å bidra med nye vinklingar.

Ho meiner at kornsirklar er eit av mange eksempel på korleis religion og spiritualitet viser seg på nye måtar.

Magikarar

Kornsirklar har truleg funnest i mange århundre. Dei tolkingane som folk gir kornsirklar i dag, er ein del av kulturen si samla tale om religiøsitet og spiritualitet.

Kalvig har brukt magisk praksis som tolkingsperspektiv på kornsirkeldiskursen. Ein definisjon av dagens magi er at han fungerer som eit møtepunkt for ny bevisstheit, gammal tru og moderne vitskap.

Kalvig kallar éin type entusiastar for kaosmagikarar. Dei er gjerne sirkelmakarar, altså dei som lagar kornsirklane. Dei er òg maskuline, sjølvhevdande, og du veit ikkje alltid kvar du har individa.

Mot desse har du kjøkkenmagikarane – ei nemning frå professor i religionsvitenskap Ingvild Gilhus, ved Universitetet i Bergen – som har ei feminin tilnærming med vekt på det relasjonelle, kropp og helse og nærleik.

I løpet av studiet såg Kalvig at det òg var bruk for ein tredje kategori, som ho lanserer i artikkelen, nemleg multimagikarane, som vekslar mellom dei ulike posisjonane.

– Dei er mindre hemmelege enn kaosmagikarane og har eit større ønskje om dialog og openheit, samtidig som dei har den postmoderne, lett ironiske distansen til det dei driv med, fortel Kalvig.

Kornsirkelturisme

Wiltshire og tilliggjande fylke i Sør-England, med Glastonbury som «åndeleg hovudstad», er blitt åstad for ein veksande kornsirkelturisme. Anne Kalvig var sjølv med faren og to søsken på ein slik tur.

– Religiøs valfart har ein i alle kulturar, og den seinmoderne pilegrimsturismen er eit uttrykk for den subjektive vendinga i kulturen, der dei individuelle opplevingane blir viktige.

– Det handlar om på-staden-opplevingar knytte til kjensler og det kroppslege – det som er unikt for individet. I den nyreligiøse turismen er skiljet mellom den oppofrande pilegrimen og turisten høgst flytande. Turisten er halvt pilegrim og pilegrimen halvt turist, for å sitera den klassiske antropologen Turner, fortel Kalvig.

Dei som reiser til Glastonbury – nyreligiøsiteten sitt mekka – er ofte alternativarar som driv med terapi på heil- eller deltid. Dei har ei felles holistisk tilnærming til tilværet, der kosmos er eit åndeleg, pulserande og levande heile, og i eit slikt perspektiv blir kornsirklane meiningsfulle.

Nokon meiner at sirklane fortel om bodskapar frå verdsrommet, mens andre meiner dei er manifestasjonar av våre eigne ønske og intensjonar.

Det som er spesielt med dette området i Sør-England, er at det òg er eit område rikt på påståtte energilinjer og gamle, unike fornminne, der Stonehenge er det mest kjende.

Kornsirkler på nett

Ein sentral del av Kalvig sin artikkel handlar om nettdiskursen rundt kornsirkelspiritualiteten, eit aspekt som det er viktig at faget tek tak i, meiner ho.

– Her blir kvar nettaktør ein åndeleg bidragsytar, noko som igjen er typisk for seinmoderniteten. Men det som gjer dette til noko handfast, er at folk skriv om tolkingane sine av sirklane, og at dei også drøftar sin eigen posisjon som aktør.

Kalvig meiner kornsirkelfenomenet, med sine stadig nye sirklar, òg er som skapt for vår tid, der nyheitsdimensjonen er blitt så viktig.

Dei innvigde kallar kornsirklane for temporary temples, midlertidige eller provisoriske tempel, og slik andre kan ha stort personleg utbytte av å besøkje kyrkjer, moskear og andre heilage stader, trur Kalvig at kornsirklar òg kan ha ein liknande funksjon i dag. 

Powered by Labrador CMS