Annonse

Miljøvennleg Gulf-satsing

Gulf-statane ynskjer å satse på fornybar energi. I eit nytt prosjekt skal EU dele kunnskap om miljøvennlege løysingar med landa.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I byen Masdar City utafor Abu Dhabi skal sola vere ei viktig kjelde til energi. (Illustrasjon: Masdar – a Mubadala Company)

Utafor Abu Dhabi, Dei sameinte arabiske emirata, byggast byen Masdar City. Det er den fyrste byen i verda som har som mål å bli karbonnøytral og avfallsfri.

Sola skal vere ei viktig kjelde til energi, og byen skal vere fri for bilar og skyskraparar. Byen er eit av fleire eksempel på at Gulf-statane satsar på miljøvennleg energi.

Nytt nettverk

I prosjektet Creation and Operation of an EU-GCC Clean Energy Network skal EU og Gulf-landa finne fram til kva forsking som trengst på fornybar energi. Det vil bli workshops og seminar kor EU-landa fortel om bruk av miljøvennleg teknologi.

– Gulf-statane brukar i dag lite miljøvennleg teknologi, men dei har store planar. Dei ser på ytterlegare bruk av både vind- og solenergi som ei moglegheit. Gulf-landa er blant dei største eksportørane av olje og gass.

– Difor vil dei óg utvikle miljøvennleg teknologi for olje- og gassbasert elektrisitets- og varmeproduksjon, seier Mohsen Assadi, leiar for Senter for bærekraftig energi (cenSE).

Gulf-landa har store planar om å auke bruken av miljøvennleg energi, opplyser Mohsen Assadi. (Foto: Ida Gudjonsson)

Promotere fornybar energi

– Både EU og Gulf-statane er særs interesserte i å promotere aktivitet innafor fornybar energi. Dei satsar strategisk på å danne eit langsiktig samarbeid, seier Ioanna Makarouni, kommunikasjonsleiar for prosjektet.

National Technical University of Athens leiar gruppa av organisasjonar som skal opprette nettverket. Som ein del av prosjektet opprettast no fem diskusjonsgrupper. Dei består av ekspertar på fornybar energi frå Gulf-landa og EU.

Gruppene skal ta opp tema innafor miljøvennleg energi som er av felles interesse for EU og Gulf-statane.

Opne ny marknad

– Kvifor ynskjer EU at Gulf-statane skal bruke miljøvennleg teknologi i større grad enn dei gjer i dag?

– EU ser ei moglegheit for å kunne opne ein marknad for europeiske eksportføretak. Dei ynskjer å eksportere sine produkt til Gulf-statane. Då snakkar vi om produkt som vindturbinar, solceller og CO2-reinseanlegg.

– EU eksporterer desse produkta til Gulf-statane allereie, men ynskjer å gjere det i utstrakt grad, seier Assadi.

Prosjektet har eit budsjett på 2,1 millionar euro. Det er åtte partnarar som deltek. EU skal gi støtte til oppretting av nettverket over ein periode på tre år.

Powered by Labrador CMS