Adoptert av eit urfolk

For 30 år sidan drog ho som doktorstudent frå Oxford-universitetet til Chewong-folket i Malaysias jungel for å forska på leveviset og religionen deira. Neste år drar ho tilbake for å finna ut korleis denne minoriteten har klart seg gjennom ei globalisert verd.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Professor i sosialantropologi, Signe Howell, er vinnaren av UiOs forskingspris 2007.

Det er tydeleg at urfolket på 400 personar langt inne i Malaysias jungel fascinerer Signe Howell. På kontoret hennar heng eit fotografi i full storleik av ei nesten naken kvinne med ein svær sigarett i munnen.

- Det er Modn, kvinna som adopterte meg då eg kom dit som ung og urøynd antropolog på det første feltstudiet mitt. Ho tok seg av meg då Chewong-folket forstod at eg ikkje ville dei noko vondt, fortel ho.

No blir det 30 år lange studiet av Chewong-folket rekna som det viktigaste forskingsarbeidet hennar. Det er både originalt og ein viktig referanse i antropologifaget, understrekar priskomiteen, som blant åtte kandidatar plukka ut henne som vinnar av UiOs forskingspris for 2007. Ho har også skrive og redigert ni bøker og publisert meir enn femti artiklar i internasjonale tidsskrift.

Protest

Den gongen ho var atten år, var det ingenting som tydde på at Signe Howell skulle koma til å bli ein av verdas mest velrenommerte sosialantropologar. Ho reiste frå Noreg i protest mot den norske kulturen og hamna i eit kunstnarmiljø i London. Etter studium i London, kom ho inn på Oxford-universitetet der ho til slutt enda opp med ein doktorgrad i sosialantropologi. Rettleiaren hennar fekk henne inn på tanken om å forska på Chewong-folket i Malaysia.

- Han foreslo at eg kunne gjera ei doktoravhandling på levemåten og religionen til ei urfolksgruppe i Malaysia, minnest ho.

- Chewong-folket er verken krigerske eller valdelege, men svært skeptiske overfor det ukjende. Difor trekte dei seg heile tida unna meg når eg prøvde å nærma meg dei. Då snakka eg heller ikkje språket deira. Men til slutt byrja dei å syna synd på denne totalt inkompetente, europeiske kvinna som hadde vågd seg inn i jungelen, og då blei eg altså adoptert av denne fantastisk flotte kvinna, Modn og familien hennar. Det var ho som lærte meg språket deira og det var ho som fortalde meg om mytane, skikkane og religionen deira. Eg ynskte heile tida å takka henne for det ho gjorde for meg, men problemet var at dei ikkje hadde noko ord for takk. For at eg ikkje skulle bruka eit malaysisk ord, fann ho på ordet “pisah”, som eg skulle bruka når eg ville takka.

- Det mest karakteristiske trekket ved dette folket er at dei totalt manglar aggresjon. Uansett kva som skjer, løyser dei det utan vald. Det verste tilfellet av aggresjon eg opplevde, var ei kvinne som var så sjalu på mannen sin at ho trampa i sundt blåserøyret hans. Det var ei så sensasjonell hending at dei snakka om det i lang tid etterpå. Og uansett kor mange gonger eg stilte spørsmål om det ikkje hadde vore drap blant dei nokon gong, nekta dei for det.

Lever i fredeleg samhandling

- Korleis tolkar du dette?

- Når eit heilt samfunn lever i fredeleg samhandling utan å ty til vald, så vil det seia at ein må tenkja grundig gjennom forståinga vår av menneskenaturen. Menneska er sosiale i sitt vesen, men måten dei uttrykkjer den sosiale veremåten på, varierer enormt. Gjennom langvarige studiar av eit framandt samfunn kan antropologar hjelpa til med forståing av det kulturelle mangfaldet.

- Kva andre ting er det som er typiske for dei?

- Både jenter og gutar blir oppdratt på den same måten. Det er ingen skilje mellom feminine og maskuline verdiar. Dei har ingen leiarar og heller ingen gud som står over dei andre gudane. Både kvinner og menn er likeverdige. Det er eit fullstendig egalitært samfunn. Dei har berre nokre få sjamanistiske seremoniar, i hovudsak når nokre av dei er blitt sjuke, og dei ynskjer å gjera dei friske igjen. Mangelen på seremoniar gjorde at mest alle dagar var like, hugsar ho.

"Signe Howell på feltarbeid."

 

Truga eksistens

– Du var der også i fjor haust, korleis er situasjonen deira no?

– Det er først og fremst malayane som trugar eksistensen deira. Dei ser på dei som eit usivilisert folkeslag utan religion, akkurat som nordmenn såg på samar tidlegare. Som andre urfolk i Malaysia er Chewong-folket truga av nedhogging av skog og tvangsflytting, men dei har vore langt heldigare enn dei fleste.

- Då engelskmennene var koloniherrar i Malaysia, etablerte dei nokre naturreservat. Det gjorde dei med å teikna nokre raude sirklar på eit kart over Malaysia. Heilt tilfeldig låg Chewong-folket sitt område innanfor ein av desse raude sirklane, og dette området er framleis eit naturreservat, men hogstfeltet stansar like utanfor. I dag er det største problemet for Chewong-folket at styresmaktene i Malaysia legg restriksjonar på jakta deira og deira bruk av naturen. Det fører til at dei blir trekte inn i storsamfunnet på måtar som resulterer i dramatiske endringar og som dei er lite rusta til å takla, slår ho fast. Det nye forskingsprosjektet hennar handlar om studiet av desse endringane.

Frå egalitært urfolk til prestestyrt folkegruppe

Etter at ho var ferdig med doktorgraden, følte ho at ho var ferdig med Chewong-folket for ei stund. Som nytilsett forskar ved Universitetet i Edinburgh, fekk ho høve til å dra på feltarbeid til Liofolket i fjella på øya Flores i Indonesia.

- Dei er heilt annleis enn Chewong-folket, og dei har eit svært innfløkt slektskapssystem og eit hierarki med prestane på toppen. I teorien er dei katolikkar, men dei får velsigning til å halda på med dei gamle gravferdsskikkane sine og rituala som står i nær samanheng med landbruket. Og dei bur i eldgamle hus i landsbyar som dei aldri flyttar frå. Dei fleste snakkar også indonesisk, eit språk som eg kunne frå før. For meg var det ein total kontrast til feltstudiet hos Chewong-folket, sidan eg kunne koma i kontakt med dei med ein gong. Ingen dagar var like hos dei, sidan dei alltid hadde ein eller annan seremoni, seier Howell.

Powered by Labrador CMS