Størrelsen på kulla avgjer kjønnsfordeling

Fossekallen legg færre egg med hannungar di større kulla er. Funnet utfordrar rådande oppfatningar om kjønnsfordeling blant avkom.

Publisert
For fossekallen er det ein betydeleg her-og-no-kostnad ved å oppfostra hannar. (Foto: Trond Øigarden)
For fossekallen er det ein betydeleg her-og-no-kostnad ved å oppfostra hannar. (Foto: Trond Øigarden)

Ei viktig forklaring til at foreldre har skeiv kjønnsfordeling blant avkomet, har vore at det eine kjønnet har større potensial for å produsera barnebarn.

– Men studien vår tyder på at det ikkje alltid er framtidig gevinst som er utslagsgjevande. For fossekallen ser det ut til at kostnadane her og no er det avgjerande, seier professor Jan T. Lifjeld ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Studien han siktar til, baserer seg på feltarbeid som Trond Øigarden utførde i samband med hovudoppgåva si. Han fylgde 59 fossekallreir i Hedmark, og tok blodprøver av vaksne og ungar.

Ungane vart dessutan vegne to gonger, fem og tolv dagar etter klekking.

Fem eller seks egg

– I utgangspunktet var hovudformålet å undersøkja kor mange av avkommet som hadde ulik biologisk og sosial far, fortel Øigarden. Det gjaldt berre tre av 185 ungar, men forskarane gjorde ei anna oppdaging òg.

– Når ungane er så små, er det vanskeleg å sjå kva kjønn dei har. Men blodprøvane kunne fortelja oss det, held Øigarden fram.

Trond Øigarden sjekkar ei fossekallkasse. (Foto: Finn Rønning, NHM)
Trond Øigarden sjekkar ei fossekallkasse. (Foto: Finn Rønning, NHM)

Dei fleste kulla hjå fossekallen inneheld fem eller seks egg. I kulla med fem egg er kjønnsfordelinga tilnærma lik, med 47 prosent hannar. Men i kulla med seks egg fann dei at talet på hannar sokk drastisk, heilt ned til 27 prosent.

Ein drøss med simler

Lifjeld forklarar at det ikkje er uvanleg med skeiv kjønnsfordeling hjå artar som er kjønnsdimorfe, det vil seia artar der det er stor forskjell i størrelsen på kjønna. Det er eit reint spørsmål om investering av ressursar.

– Hjå reinen vil til dømes dei beste simlene få fleire søner, medan dei svakare føder døtre. Ein hann fødd av ei svak simle vil ha stor risiko for å verta ein tapar på kjønnsmarknaden, medan ein topphann kan befrukta ein drøss med simler, seier han.

For simlene er det dermed den framtidige gevinsten som er det avgjerande for kva kjønn avkomet får. Men hjå fossekallen er situasjonen litt annleis, sjølv om den òg er kjønnsdimorf.

Ekstra kostnad

Hannen hjå fossekallen er rundt 20 prosent større enn hoa. Men i motsetning til reinen er fossekallen ein monogam art.

Dermed er ikkje den framtidige gevinsten særleg forskjellig mellom hannar og hoer.

Fossekallunge som er tatt ut av reiret for ringmerking. (Foto: Trond Øigarden)
Fossekallunge som er tatt ut av reiret for ringmerking. (Foto: Trond Øigarden)

Derimot er det ein betydeleg her-og-no-kostnad ved å oppfostra hannar. Fossekallen matar ungane til dei klarar seg sjølve, det vil seia til dei har nådd vaksen kroppsstørrelse. Det skjer ei til to veker etter utflyging.

Ikkje alle begeistra

Jan T. Lifjeld. (Foto: Per Aas, NHM/UiO)
Jan T. Lifjeld. (Foto: Per Aas, NHM/UiO)

– Det er rimeleg å anta at den ekstra kostnaden ved å oppfostra ein hannunge tilsvarar om lag dei 20 prosent som hannen er større enn hoa.

– Eit fossekallpar som er «uheldige» og får eit kull med seks hannar, må bruka like mykje ressursar på å fostra opp dei som det ville ha kosta å fostra 7,2 hoer, forklarar Lifjeld.

– Det kan bli for krevjande for foreldra, og dermed kan heile kullet svelta i hel.

Han legg til at ikkje alle har vore like begeistra for hypotesen deira om at noverande kostnad, ikkje berre framtidig gevinst, spelar inn på kjønnsfordelinga.

– Men styrken i studien ligg i dei data som den innheld. Dei krever ei forklaring, og vi meiner at den forklaringa vi har, er den beste.

Referanse:

Øigarden & Lifjeld: Primary sex ratios vary with clutch size in the size-dimorphic White-throated Dipper Cinclus cinclus, Journal of Ornithology, January 2013, Volume 154, Issue 1, pp 91-97, doi: 10.1007/s10336-012-0874-7.