Artsdanning i revers

Raudstjerten var på veg til å dela seg i to artar, viser DNA-analysar. Men så gjorde den ikkje det likevel.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Raudstjert. (Foto: Silje Hogner, NHM/UiO)

Ein art vert ofte definert som ei gruppe individ som kan få levedyktig og fruktbart avkom med kvarandre, men ikkje med individ utanfor gruppa.

I mange samanhengar kan denne definisjonen vera tilstrekkjeleg, men ikkje alltid. Den kjem til dømes til kort i stadiet der nye artar er i ferd med å verta danna ved ein art deler seg i fleire artar.

Det er i denne biologiske gråsona Silje Hogner har gjort doktorgradsarbeidet sitt.

DNA-strekkoding

– Eg har samanlikna det som heiter mitokondriegener (mtDNA), som vert arva gjennom mor, med kjerne-DNA, som kjem frå begge foreldra.

– MtDNA vert ofte brukt til å skilja artar gjennom ein metode som heiter DNA-strekkoding, men forskinga mi viser at metoden ikkje alltid stemmer, fortel Hogner, som nyleg disputerte ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Ein av artane ho har forska på, raudstjerten, kan sjå ut som to ulike artar når ein brukar DNA-strekkoding. Men ikkje elles.

Avbroten separasjon

– Morfologi, altså form og utsjånad, tilseier at raudstjerten er ein art. Det same gjer variasjonen i kjerne-DNA-et, måten dei dannar par på, og forma på spermcellene, seier Hogner.

Ho forklarar at det som antakeleg har skjedd, er at raudstjerten har vore i ferd med å dela seg i to artar, men så har det ikkje gått slik likevel.

Men spora etter den avbrotne separasjonen er altså framleis å sjå i mtDNA-et.

– Artsdanninga har vore i gang, men så har prosessen vorte sett i revers, seier ho, og forklarar at det som mest sannsynleg har skjedd, er at dei to gruppene har vore skilde i samanheng med ulike istider.

Minst to millionar år sidan

– DNA-strekkoding er ein svært nyttig reiskap, men stemmer ikkje alltid, seier Silje Hogner. (Foto: Per Aas, NHM/UiO)

− Men tilhøva for dei to gruppene har ikkje vore så ulike at dei har utvikla seg langt frå kvarandre, forklarar Hogner.

Når dei så har funne saman att, har ulikskapane vore små nok til at dei framleis kunne para seg med kvarandre, sjølv om mtDNA-et hadde utvikla seg i to ulike retningar.

– Dette kan til og med ha skjedd i fleire ulike periodar. Det er uråd å seia noko sikkert om kor lenge sidan dette skjedde, men forskjellane i mtDNA tyder på at dei opphavleg vart skilde for minst to millioner år sidan.

Hjå ein annan av artane ho har undersøkt, møllen fjellbjørkemålar, har arten vore i ferd med å dela seg i fem nye artar, men her òg har prosessen vorte reversert. Her kan grunnen til at variasjonen fremdeles finst, vera bakteriar som infiserer cellene til enkelte mtDNA-linjer.

Variasjon i spermlengd

Blåstrupen, som ho òg har undersøkt, ser derimot ut til å vera i eit tidleg stadium til å splittast i to eller fleire nye artar.

– Eg har sett på bestandar som er skilde geografisk. Kjerne-DNA og mtDNA viste liten variasjon, så ut frå dei analysane åleine kunne vi ikkje skild bestandane frå kvarandre, fortel ho.

– Men variasjonen i spermlengd er oppsiktsvekkjande stor, og med det blotte auga ser vi stor variasjon i fjørdraktene hjå hannane òg. Dette tyder på at det har skjedd ein rask evolusjon hjå blåstrupen, og at den er i ferd med å dela seg i nye artar.

Nyttig reiskap

Sjølv om DNA-strekkoding ikkje ville avslørt denne gryande artsdanninga, er Hogner nøye med å understreka at forskinga hennar ikkje undergrev truverdet til metoden.

– På ingen måte. DNA-strekkoding er ein svært nyttig reiskap i biologane si verktøykasse. Men den kan ikkje brukast åleine i alle tilfelle, og eg har funne eit par av unntaka.

Lenke:

Pressemelding om disputasen

Powered by Labrador CMS