Betre heime enn på sjukeheim

Eldre som bur på sjukeheim har dårlegare livskvalitet enn dei som bur heime. Men med små grep kan sjukeheimane betre livskvaliteten til bebuarane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Trass i at mange av dei eldre sjølv treng pleie, er det viktig for dei å få vise omsorg for andre. Dei fleste har hatt ei forsørgerrolle gjennom livet, og mange har behov for å framleis vise omsorg, seier forskaren Jorunn Drageset.

Funna kjem fram i ei studie der sjukeheimsbebuarar har vore intervjua. Eit av kriteriene for utvelginga var at dei ikkje skal vere demente, som tilseier 20 prosent av bebuarane.

Forskinga viser at sjukeheimsbebuarar har dårlegare livskvalitet enn andre i samfunnet i same aldersgruppe.

Bebuarane ynskjer til eksempel å vise pleiepersonalet at dei klarar seg sjølve ut frå dei begrensningane dei har, eller dei ringer på hjelp for sine medpasientar som er demente.

For sjølvfølelsen og meistringa deira er det viktig at dei framleis yter noko for andre.

- Det viktige er at pleiepersonalet legg til rette for at bebuarane kan gjere det dei klarer sjølv, i den grad det er mogleg, seier Drageset. 

Treng meir informasjon

Ei kjensle av meistring og å ha personar som står ein nær, betyr mykje for livskvaliteten til dei eldre. På same tid er det utruleg viktig å få bekrefta at dei framleis betyr noko for andre.

Ifølgje Drageset kan sjukeheimane gjere små grep for å betre livskvaliteten. Eit viktig aspekt er god informasjon og medverking.

- Personalet må vere oppmerksame på å forklare bebuarane kvifor ting skjer, og la dei få vere delaktige i det som skal skje. Helseinformasjonen dei får må vere forståeleg.

- For å gje dei eldre ein kjensle av kontroll, kan personalet til eksempel la bebuarane få bestemme meir i dei daglege rutinene, seier forskaren.

Nokre eksempler er å la dei sjølv plukke ut kva dei skal ha på seg, få bestemme kva dei ynskjer å vere med på, eller om dei vil ligge over frukosten.

- Det sentrale er at pleiepersonalet legger til rette ut frå den enkelte sine ynskjer, behov og interesser, i den grad det er mogleg, seier Drageset.

Hobbyar aukar livskvaliteten

Dei som har vore innlagde lengst på sjukeheimane, har dårlegare livskvalitet enn dei som bur der i kortare periodar.

- Ei forklaring på dette kan vere at dei som har vore innlagt lengst, kanskje er sjukare enn andre. Dei får ikkje like mykje stimulering som til dømes opptrening enn dei som berre er innom for ein periode.

- Verda blir snevra inn til det som skjer på sjukeheimen, og ein har ikkje lenger like god kontakt med samfunnet og livet utanfor, seier Drageset.

Hobbyar og interesser som opplevast meiningsfulle, viser seg å spele ein stor rolle for dei eldre sin livskvalitet.

Dei fleste av bebuarane som vart intervjua hadde ikkje hobbyar. Forskinga viser at dei som var aktive med til dømes lesing, handarbeid og liknande, hadde høgare livskvalitet enn dei andre.

- Ein finn tydeleg ein samanheng mellom hobbyar, meiningsfulle aktivitetar og auka livskvalitet, og dette er noko sjukeheimane kan sette fokus på, seier Drageset.

Mest fokus på demente

Drageset har intervjua 227 sjukeheimsbebuarar frå 30 forskjellege sjukeheimar i Bergen for å undersøke bebuarane sin helsebaserte livskvalitet. Studien er eit tverrsnittstudie.

- Mykje av forskinga som blir gjort på sjukeheimane, fokuserar på dei demente, sidan dei er den største gruppa med 80 prosent. Det er utruleg viktig at ein ikkje gløymer dei 20 prosenta som ikkje har diagnosen aldersdemens, meiner Drageset.

Bakgrunn:

(Foto: Colourbox)

Jorunn Drageset frå Høgskolen i Bergen disputerte med avhandlinga ”Health-related quality of life among nursing home residents” 20. mai 2009. Drageset jobbar no med ei oppfølgingsstudie av dei same pasientane fem år etter.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS