Annonse

Revidert om hundeskjelett

Den rådande oppfatninga om samanheng mellom hurtig vekst og høg førekomst av vanlege skjelettsjukdomar hos hundar, må reviderast, viser ny forskning.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er ei vanleg oppfatning at hurtigveksande rasar har større risiko for å få visse typar skjelettsjukdomar.

Men det har ikkje vore forska nok på hundar som lever i heimemiljø til å underbyggje denne oppfatninga.

Cathrine Trangerud har i doktorgradsarbeidet sitt studert samanhengen mellom sterk vokster og utvikling av sjukdom i skjelettet hos unge hundar. Studien omfattar hundar som lever i heimemiljø.

Ho har sett på om det er ein samanheng mellom kor fort den unge hunden veks og utviklinga av vanlege skjelettsjukdomar som blant anna albuleddsdysplasi og hofteleddsdysplasi.

Avhandlinga byggjer på studiar av 700 hundar av fire ulike rasar som lever heime hos eigarane.

Desse hundane er følgde tett heilt frå fødsel til fylte to år. I løpet av desse to åra er vekta målt, det er teke blodprøvar og underarmen er røntgenfotografert fleire gonger.

Vekstkurver for hundar

For fyrste gong er det no laga normale vekstkurver for hundar. Det viser seg at dei fire rasane har ulike vekstmønster og at tispene veks langsamare enn hannane.

Overraskande nok viste studien at labrador retriever veks hurtigare enn både newfoundlansdhund, irsk ulvehund og leonberger. 

Dette tyder at dei største hunderasane ikkje veks hurtigast. Den rådande oppfatninga om samanheng mellom hurtig vokster og høg førekomst av vanlege skjelettsjukdomar må derfor reviderast.

Gjennom doktorgradsarbeidet har Trangerud oppdaga ein ny tilstand i skjelettet hos newfoundlansdhund.

Tilstanden fanst hos nesten halvparten av unghundane, og den minner om beindysplasi som er kjent hos menneske. Det er uklart kva tilstanden har å seie reint klinisk.

Bakgrunn:

Cand.med.vet. Cathrine Trangerud disputerte 22. august 2008 for graden Philosophiae Doctor ved Noregs veterinærhøhskole med avhandlinga ”Growth patterns and metaphyseal irregularities in dogs: A study of 4 large breeds with emphasis on irregularities in the distal metaphysis of the radius and ulna i Newfoundland dogs”

Powered by Labrador CMS