Stress gjev ikkje MS

I motsetnad til kva ein har trudd tidlegare, viser no ny forsking at stress ikkje aukar risikoen for multippel sklerose.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta om MS og studien:

* Multippel sklerose (MS) er ein nevrologisk, autoimmun sjukdom som fører til at kroppen sjølv går til åtak på myelinet kring nervecellene. Etterkvart som myelinet forsvinn, blir nervesignala dårlegare leia gjennom kroppen og funksjonsevna nedsett.

* Viruset som fører til kyssesjuke er ein faktor som aukar risikoen for å få MS. Har du hatt kyssesjuke, er risikoen fordobla. DNA’et til viruset liknar på DNA’et til myelinet som kapslar inn nervecellene. Forskarane trur at kroppen dermed kan ta feil av virus og myelin, og dermed set i gong ein uønska reaksjon som tek knekken på myelinet i staden for viruset.

* I den nye studien som vert publisert i tidsskriftet Neurology, har forskarane studert to grupper kvinnelege sjukepleiarar frå den amerikanske Nurses’ Health Study. To grupper vart følgte, den første omfattar 121 700 kvinner mellom 30 og 55 år. Desse kvinnene vart følgte frå 1976. Den andre gruppa vart følgt frå 1989 og omfattar 116 671 kvinner mellom 25 og 42 år.
 

Tidlegare har ein trudd at stress aukar sannsynlegheita for å utvikle multippel sklerose (MS).

– Fordi stress kan føre til akutte episodar med forverring av sjukdomen, har ein lurt på om stress også kan vere ein utløysande faktor, seier Trond Riise, professor ved Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen (UiB).

I ein artikkel i tidsskriftet Neurology publiserer no ei forskingsgruppe frå UiB og Harvard School of Public Health resultat frå ein studie som viser at stress ikkje aukar risikoen for å få multippel sklerose.

Strir mot gamal teori

Ein samanheng mellom stress og risiko for å få den nevrologiske sjukdomen har vorte antyda i tidlegare forsking, der enkeltpersonar med MS har blitt spurte om dei hadde opplevd stressande episodar i tida før sjukdomen braut ut.

Mange MS-pasientar rapporterte om slike hendingar. Desse studiene har imidlertid alvorlege metodologiske svakheiter, ifølge Riise.

– Personar som allereie har blitt sjuke, blir gjerne lurt av minnet. Det spennande med den nye studien er at vi har spurt ei omfattande gruppe friske personar om livssituasjonen deira, for så å kome tilbake til dei.

To grupper amerikanske kvinner vart undersøkte. Den første gruppa vart følgt frå 1976, den andre frå 1989. Deltakarane blei spurte om generelt stressnivå heime og på jobb, og også om fysisk og seksuelt misbruk i barndom og ungdomstid.

I den første gruppa utvikla 77 kvinner MS innan 2005. I den andre gruppa hadde 292 personar utvikla sjukdomen innan 2004.

Forskarane fann ingen samanheng mellom alvorleg stress og auka risiko for å få MS blant dei undersøkte kvinnene, heller ikkje blant dei som rapporterte om fysisk eller seksuelt misbruk.

Trond Riise meiner at forskargruppa frå UiB og Harvard er på god metodologisk grunn og at det difor kan festast lit til resultata som argumenterer mot den tidlegare viste samanhengen mellom stress og risiko for å få MS. Han skulle likevel ønske seg eit endå sterkare grunnlag.

– Vi har ikkje kunna nytte optimale målingar i høve til det å registrere stress, så vidare forsking vil vere interessant, seier han.

Trond Riise. (Foto: Kim E. Andreassen)

Kraftig auke

MS er den mest utbreidde nevrologiske sjukdomen unge menneske kan få. Dei siste 20-30 åra har det vore ein kraftig auke i talet på sjukdomstilfelle, særleg på Vestlandet. 1 av 500 personar utviklar i dag MS.

– Det har lenge vore kjent at forekomsten av MS er høgast langt nord på den nordlege halvkula og sør på den sørlege halvkula. Det er sterke haldepunkt for at låge nivå av vitamin D spelar inn, gjennom dårleg kosthald og for lite sollys, seier Riise.

No håper forskargruppa både å kunne gjere vidare studier der dei utfører meir nøyaktige målingar av stress og undersøkjingar der faktorar som røyking, vitamin D og viruset som forårsaker kyssesjuke blir nærare gått i saumane.

– Utfordringa er at vi må ha svært mange personar med i studiene for å få pålitelege resultat. Til trass for at det har vore ein kraftig auke i talet på MS-pasientar, er sjukdomen relativt sjeldan. Ein moglegheit er å bruke data frå den pågåande mor-barn-undersøkjinga, seier han.

Referanse:

Trond Riise et.al., Stress and the risk of multiple sclerosis, Neurologyvol. 76, no. 22, 31. mai, 2011 (sammendrag)

Powered by Labrador CMS