Litteraturen skapte Nansen

Den mytologiske helten Fridtjof Nansen er i stor grad skapt gjennom litterære tekstar, hevdar litteraturvitar. 

Publisert

Om forskningen:

Silje Solheim Karlsen har studert Nansens eigen Fram over Polhavet (1897), ei dokumentasrisk reiseskildring. Deretter skildringane frå dei andre ekspedisjonsdeltakarane; Otto Sverdrup (1897), Hjalmar Johansen (1898) og Bernhard Nordahl (1898).

Børge Ousland gjekk i Nansens fotspor nordover, og hans I Nansens spor (2008) er i følgje Solheim Karlsen ei såkalla “second journey”-forteljing, medan den siste kategorien er dei skjønnlitterære framstillingane – frå Aase Kristofersens roman Skrugard frå 1927, via Kåre Holts Vandringen (1986), Tor Bomann-Larsens teikneserie Fridtjof og Hjalmar (1986), Klaus Rifbjergs Nansen og Johansen. Et vintereventyr (2002) og fram til skodespelet Polar av Kyrre Andreassen frå 2003.

– Det er særleg interessant å sjå korleis han bevisst er med og byggjer dette biletet sjølv, gjennom eigne tekstar, seier Silje Solheim Karlsen ved Høgskolen i Finnmark.

Hun har studert fire ulike litterære framstillingar av Nansens Fram-ekspedisjon frå 1893 til 1896.

Nansen-mytologien står støtt

Solheim Karlsen seier at den mytologien som vart bygt opp rundt Nansen står støtt gjennom den samtidige og seinare dokumentarlitteraturen, til og med gjennom dei få spora av kritikk som var, til dømes hos Bernhard Nordahl.

– Fem av seks bøker oppvurderer Hjalmar Johansen til den viktigaste personen på ekspedisjonen, og dette gjer Nansen litt mindre, men ikkje mykje.

– Også skjønnlitteraturen er ein del av den same mytologiske heltediskursen, sjølv om ein kanskje kunne vente at dei avveik noko meir - dei står trass alt friare.

– To, kanskje tre, av dei skjønnlitterære framstillingane antyder eit homoerotisk samband mellom Nansen og Johansen, så det finst korrigerande stemmer til mytebiletet, men dei har på ingen måte skapt ein ny diskurs, seier Solheim Karlsen.

Nytt syn på Nansen

Nansen blir jo ikkje noko mindre for det. Om Rifbjerg brukar det homoerotiske for å utfordre vårt bilete av Nansen, seier det meir om oss og vår samtid, enn om Nansen, meiner Solheim Karlsen.

Ho seier ho har fått eit nytt og nyansert bilete av Nansen gjennom avhandlingsarbeidet.

– Han var jo også ein stor vitskapsmann, og ein svært god forfattar. Tekstane hans står seg godt – Fram over Polhavet er ei klassisk reiseskildring, men likevel så utypisk for samtida med bevisste sjangergrep, eit moderne språk og ei subjektiv og personleg stemme.

– Både historikarar og biografar før meg har sett at tekstar har vore med og skapt bileta av Nansen, medan eg er mest oppteken av korleis tekstane og litteraturen skapar slike bilete. Det er mitt bidrag til Nansen-forskinga, avsluttar Solheim Karlsen.

Bakgrunn:

Silje Solheim Karlsen har nyleg disputert ved Universitetet i Tromsø med avhandlinga Triumf, lojalitet, avstand. Fridtjof Nansens Fram-ekspedisjon (1893-1896) og bøker i dens kjølvann.