Korleis vert ein god tur god? Kva skjer mellom menneske på tur saman? Det handlar om meiningskonstruksjonar, ifølgje forskar Thomas Vold. (Foto: Thomas Vold)

Naturen blir til saman med andre

Norsk reiseliv har enormt potensiale viss det klarer å leve opp til sin eigen merkevarestrategi: sterke opplevingar i natur. – Turistane må vere med og utforming turane, meiner friluftslivsforskar.

Stadig fleire utanlandske turistar kjem til Noreg for å oppleve fjell, fjordar og det arktiske nord. I marknadsføring av Noreg som turistdestinasjon blir naturen gjerne framstilt som eit ferdig produkt.

– Tolkingar av naturen, som til dømes storslått, mektig, vakker eller vill, sest som eigenskapar ved naturen i seg sjølv og som opplevingar turistane får av naturen – uavhengig av kven dei er og korleis dei møter naturen, seier Thomas Vold, nyslått doktor ved Norges idrettshøgskole.

I doktorgradsavhandlinga «Venner» på tur. Naturguiding som relasjonell kunnskap utfordrar Vold det han ser som ein produkttankegang i reiselivsnæringen. Gjennom forsking på guida turar på Svalbard viser han korleis turistar saman med naturguidar utformar turane som fellesskapande prosjekt.

Det vil seie at turistane er aktive medprodusentar og ikkje berre passive konsumentar. Dei bidreg dermed til å skape opplevingane av naturen og det å vere på tur.

– «Sterke opplevingar i natur», som er Reiselivs-Noregs merkevare, blir skapa når turistane sjølv er aktive deltakarar i sin eigen tur. Det handlar nemleg om meiningskonstruksjonar. Norske fjell og fjordar vert meiningsfulle for turistar gjennom samhandling med naturguidar i naturen, seier Vold.

Kjem ikkje til Noreg for å oppleve HMS

I reiselivsmiljøet i Noreg går det i dag ein diskusjon om kva kunnskap norske naturguidar bør ha. Sjølvsagt skal dei kunne mykje om helse, miljø og sikkerheit, men det er ikkje for å oppleve sikkerheit at turistane kjøper turar hit, understrekar Vold.

– Nei, det kjem fordi dei vil ha spanande, lærerike og utfordrande opplevingar, seier han.

Er du oppvaksen langt inne i ein betongjungel eller i ein flat asfaltørken tusenvis av mil frå Rondane eller Lyngsalpane, er ikkje fjell nødvendigvis noko flott. I alle fall ikkje så fantastisk som nordmenn gjerne syns etter å ha levd eit heilt liv i nærleiken eller i direkte kontakt med naturen.

Naturen på Svalbard inspirerer. (Foto: Thomas Vold)

– Som nordmenn har vi gjerne lært at naturen er vakker. At fjellet er framifrå, særleg bada i sol. Når vi kjem på toppen, skal vi seie «Wow» og sjå utover. Alt det er tillært.

– Ei jente frå Indonesia forstod ikkje den norske måten å oppleve natur på. Ho lurte blant anna på korfor vi gjekk heilt stille etter kvarandre på rekke når vi var på tur. Om vi legg vår eigen forståing til grunn, kan vi lett gløyme at forståinga er lært gjennom vår eigen kultur og vår eigen samhandling med naturen, seier Vold.

To år feltarbeid på Svalbard

Svalbard har Noregs best utbygde naturturisme. Om lag 200 guidar jobbar der i høgsesongen og rundt 50 har vore fulltidsguidar heile året i mange år. Difor valde Vold å reise til Svalbard for å gjennomføre feltarbeid med deltakande observasjon. I fleire periodar over to år levde han med naturguidane på øya, observerte korleis dei planla turar med turistar og var sjølv med på turane.

– Eg snakka med dei erfarne, hardbarka guidane og dei heilt ferske. Kva er utfordrande for dei? Dei nye har spørsmåla, dei erfarne har løysingane. Kunnskapen vart synleg for meg i møtet mellom dei ferske og dei erfarne, fortel han.

Resultatet av forskinga hans er fem fasar alle naturguidar går gjennom med turistgrupper i arbeidet med å lage guida turar.

Sprekingar, guteklubben kjekk og grei eller ferske italienarar?

For guidane startar turen lenge før turistane kjem til Svalbard. Den første fasen handlar om det guidane kallar «kartlegging». E-postkorrespondanse, spørsmål deltakarane stiller og demografi gjer at guidane skapar seg eit inntrykk av den enkelte turisten og gruppa lenge før dei har møttest. Dei har ulike kallenamn på ulike typar turistar og grupper.

– «DNT-turisten» kjem for å oppleve naturen. «Sprekingane» vil opp på så mange toppar som mogleg. «Guteklubben kjekk og grei» kan vere pyton å ha med seg på skuterturar og må gjerne tyglast. «Italienarane» er kanskje ikkje så vane med fysisk krevjande turar i tøff natur, mens «karbonpadlarane» vil gjerne padle flest kilometer per dag.

Ein god naturguide lèt turistane oppleve naturen sjølv og veit når han skal trekkje seg unna. (Foto: Thomas Vold)

Vold fortel at slike typeforståingar er noko guidane deler med kvarandre, og at dei er basert på både erfaring og fordommar.

– Guidane bruker typeforståingane til å tolke turistane på forhand. Det handlar om å skaffe seg oversikt over kven turistane kan vere og å skape eit utgangspunkt for den vidare samhandlinga på turen.

– Turistane på si side ser for seg at ein svalbardguide er mann, høg, breibeint og litt solbrent. Han har slitt goretexjakke, gjerne med noko gaffatape som reparasjon og ber preg av å vere ein mann av naturen, fortel Vold.

Ingen kjære mor utanfor Longyearbyen

Slik er det sjølvsagt ikkje alltid. Det finst òg kvinnelege guidar på 1,60, med blå auge og lyst hår.

– Dei har ein heilt anna utfordring i å vinne tillit i gruppa som ein solid guide. Men forventningsbrotet kan brukast som ein fordel. Dei får merksemd i gruppa, og når dei da står fram som kunnskapsrike og erfarne, får deltakarane gjerne enda større respekt enn om guiden var som forventa, forklarar Vold.

Den andre fasen handlar nemleg om «å få til gruppa». Kategoriseringa er berre eit utgangspunkt som blir endra gradvis gjennom turen. Så fort gruppa er ute av Longyearbyen, brytast barrierane gradvis ned gjennom involvering.

Turistane vert mindre turistar, og guiden vert mindre guide. Dei beveger seg mot idealet «vener på tur». Turen vert ei boble med eigen verkelegheit. Guiden og turistane vert til subjekt, og turen blir meir eit ope prosjekt eller ein ekspedisjon, enn ein guida tur.

Bestemmer sjølv kva toppar dei kan nå

Turistane har gjerne betalt ein god del pengar for turen. Dei har store forventningar, og dei spriker innanfor gruppa. For guiden er det avgjerande at gruppa utviklar ei felles forståing og ein «felles visjon» for turen. Dette er den tredje fasen.

– Nokon må dempe forventningane sine, mens andre kan auke sine. Saman finn guiden og gruppa ut kva dette prosjektet skal verte. Turen blir tilpassa turistane, og turistane blir tilpassa turen, forklarar Vold.

Tenk deg at du skal ta med ei gruppe til Svalbards høgaste punkt, Newtontoppen på 1713 meter. På morgonen for avgang skjønar du at de ikkje kjem til å nå toppen på grunn av vêr- og isforhold. Seier du at turen ikkje vert noko av, blir gruppa skuffa. Dei har ikkje fått det det har betalt for. Å gjennomføre turen er ikkje forsvarleg. Kva gjer du?

– Du må involvere turistane, seier Thomas Vold.

– Om morgonen går de gjennom forholda saman. Vêrmeldinga er så som så, avgrensingane vert sånn og slik. Kor langt trur de vi kjem i dag? Då vil gruppa sjølv finne ein logikk og vere med på avgjerda. Det vert deira tur. Ikkje ein tur dei er tatt med på, men ein tur der skapar saman. Skuffelsen og nedturen vert annleis når det er dei sjølv som erfarer at dei ikkje kjem til å nå toppen.

Kvar morgon og kvar kveld snakkar gruppa om kva dei har erfart og kva dei skal vidare. Forventningar blir justert, den felles forståinga blir styrkt og utvikla.

Nærast naturen heilt aleine

Etter kvart gjer gruppedynamikken at guidens rolle endrar seg. Målet er at alle i gruppa har ein felles forståing av oppgåvene, kommunikasjonen flyt lett og turen går liksom av seg sjølv. Den fjerde fasen handlar om «å komme i turmodus».

Ein slik modus kjem ikkje av seg sjølv – han krev at gruppa får rom til å utvikle seg. Til dømes kan for mykje prating frå guidens side drepe initiativ frå turistane. Dei må få tumlerom til å utforske sjølv, skape interesse og kome opp med eigne spørsmål.

Ein turist opplevde at han kom nærast naturen når han var heilt aleine. (Foto: Thomas Vold)

– Turistane opplever dette som viktig for si oppleving av turen. Guiden må evne å trekkje seg unna og gi rom. Stian, som er ein av guidane eg var med, fortalde om verdien av at turistane opplever at ting er fint på eiga hand, ikkje berre etter at guiden har sagt: Sjå, så fint!

Ein turist rekna denne som opplevinga, medan han sat bjørnevakt om natta, som der han var nærast naturen:

«Det å sitte ute, klatre litt opp på fjellet, titte ned på leiren, titte utover fjorden, den frosne fjorden, isfronten på ene siden, skuta [en gamal seglskute som er frose fast i isen] på den andre siden, fjellene, og ja, du sitter der oppe og du føler som om du er alene. Helt alene.»

Å kome i turmodus handlar også om å opne opp for å vere personleg, forklarar Thomas Vold.

– God kommunikasjon handlar om intimitet. Menneska i gruppa må forstå kvarandre og føle at dei veit kvet dei andre er. Ein annan guide, Ståle, snakka om kor viktig det var for han at vert kjent med turistane. Kor viktig det er å by på seg sjølv for at ein kan strekkje seg mot idealet «vener på tur».

– Han vil at kvar tur skal vere som om han var på tur med vener. På ein slik måte blir det kompensert det for at turen er organisert og betalt av turistane, fortel Vold.

Ein god guide kan lage ein flott tur i tett tåke

Den siste fasen, som gjeld heile turen, handlar om å skape interesse. I byrjinga av turen er guiden gjerne avhengig av å ha turistane si merksemd for å fokusere på naturen. Dei bruker ulike teknikkar for å skape interesse. Guiden Stella fortel:

«Jeg kan gjerne få en gruppe på 20 mennesker til å bli ekstremt opptatt og interessert i lav for eksempel. Lav? Ja, ja [kort tenkjepause]. Men det er måten man legger frem på(…). Det er ingen som synes det er kjedelig og unødvendig, for det er jo en ting med landskapet som er veldig viktig, spesielt på en sånn her plass.»

I andre situasjonar er det avgjerande at guidane trekk seg attende. Til dømes når gruppa møter dyr. Thomas Vold fortel sjølv om ei hending frå ein av turane han var med på.

– Guiden Ståle gjorde oss merksame på at det var ein flokk svalbardrein eit stykke unna. Deretter trekte han seg attende. Han slutta å snakke og let gruppa verte oppslukte av kva dei så. Først da interessa dabba av, og turistane vert utolmodige, fortalde han ting dei ikkje visste, og som vekte merksemda deira igjen. Dette var eit typisk døme på korleis guidane evnar å snakke og å trekkje seg attende.

Villmark er ei førestilling som blir skapa i måten ein møter naturen på, forklarar Vold. Dette er guidane opptekne av. Han samanliknar Svalbard med til dømes nasjonalparkar i Kenya, der løver gjerne kjem og legg seg i skuggen under safaribilane.

Friluftslivsforskar Thomas Vold. (Foto: Privat)

– Det er jo kult, men det er jo ikkje villmark. Villmarka blir vill i måten vi gjer den vill, eller lèt ho vere vill på, seier han.

Det kan handle om å halde avstand til dyr, men det kan også handle om å vere heilt einsam i isøydet. Ein såkalla «whiteout», altså når alt berre er kvitt og ein ikkje ser nokon ting, kan vere vel så eksotisk som ein klar vinterdag bada i sol. Igjen er guidens rolle avgjerande.

– Guiden seier kanskje: «du må følgje mine spor uansett, for om du mister dei finner eg deg aldri. For alt du gjer, ikkje prøv å finne meg. Stå stille om du mister meg av syne.» Då vert tåke og dårleg sikt til noko spanande og mystisk. Guiden kan bruke forholda til ein kvalitet på turen.

Bobla sprekk

Verkelegheita som blir skapa innanfor gruppa, eksisterer berre så lenge turen varar. Og mot slutten av turen slår ho sprekkar. Det grua sistedagssyndromet er velkjend blant guidane. Turistane begynner å tenke på kva som skal skje etter turen, lojalitetsbindinga er ikkje så sterk, og deltakarane går meir attende til dei rollene dei hadde i byrjinga av turen.

– Det er ikkje utan grunn at skadar skjer og utstyr går i sund i størst grad på sluten av turen, seier friluftslivsforskaren.

Og når turen er ferdig, brest bobla. For guidane er opplevinga over, og dei har byrja tenke på neste tur. Dei treng avkopling og tek gjerne ein øl på den lokale puben. Turistane er kanskje enno i Longyearbyen og enno i feriemodus. Då kan det vere problematisk om turistar kjem bort og vil fortsette der dei slapp.

– Den perfekte turisten skjønar at turen er over. Han eller ho har opplevd noko autentisk, og saman har gruppa gjennom menneskelege relasjonar skapt noko verdifullt ute i naturen som vener på tur. Attende i Longyearbyen kjem han eller ho bort til guiden med ein øl, seier takk, og går igjen.

Powered by Labrador CMS