Innan havbruk ser dei fleste at ein må ta omsyn til fleire ulike fagfelt. I andre samanhengar er ikkje dette like opplagt. (Foto: Aust-Lofoten videregående skole)
Tverrfagleg undervisning lettare sagt enn gjort
Berekraftig utvikling handlar både om miljø, samfunn og økonomi, men elevane får stort sett berre undervisning i miljødelen av faget.
Undervisning om berekraftig utvikling har vore ein del av læreplanane for skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006.
Prosjektet Den naturlege skulesekken (DNS) ved Naturfagsenteret på Universitetet i Oslo støttar skular som vil laga eigne undervisningsopplegg om berekraftig utvikling.
Ein av skulane som har fått støtte frå DNS, gjennomførte eit prosjekt som hadde som mål at elevane skulle få kjennskap til eit nærliggande fjellområde, praktisera friluftsliv der og delta i spørsmål omkring forvaltinga av dette fjellområdet.
Eit gap
Etter at prosjektet var ferdig, gjorde DNS ei undersøking blant elevane og lærarane som deltok.
Her vart det avdekt eit gap mellom kva lærarane meinte dei har undervist og kva elevane opplevde å ha lært. Til sommaren skal funna leggjast fram på ein konferanse om naturfagutdanning.
– Berekraftig utvikling vert definert som ei utvikling som tilfredsstiller behova til dagens generasjon utan at behova til kommande generasjonar vert øydelagde. Elevane klarar å læra seg denne definisjonen, fortel prosjektleiar Eldri Scheie.
Ho meiner at kva vi gjer for å oppnå berekraftig utvikling bør byggja på både sosiale, økonomiske og miljømessige tilhøve. Slike handlingar krev kunnskap innan fleire fagområde.
Miljø fekk alt fokus
– Men når elevane gjennomførte dette undervisningsopplegget, fall dei økonomiske og samfunnsmessige dimensjonane i stor grad bort. Dei miljømessige sidene fekk nesten alt fokus, seier Scheie.
Med andre ord: Dersom ikkje undervisninga var tverrfagleg, vart ho heller ikkje opplevd som tverrfagleg av elevane.
– Ein stor del av problemet er at medan berekraftig utvikling er eit tverrfagleg tema, vert skuletimane fordelt på enkeltfag. Dermed vert tverrfagleg undervisning avhengig av lærarar som gjer ein ekstra innsats.
Komplisert i praksis
Scheie understrekar at ho ikkje meiner det er vasstette skott mellom faga i skulen. Men i møte med lærarar over heile landet får dei ofte høyra at det tverrfaglege samarbeidet som ser så enkelt ut på papiret, er meir komplisert i praksis.
DNS hjelper no lærarane om korleis dei skal få til samarbeid med kollegaer og med skuleleiinga. Diskusjonane skjer på bakgrunn av eksisterande teoriar og forsking på korleis ein kan gje god tverrfagleg læring for elevane.
Ny stortingsmelding
– Ei anna undersøking vi har gjort, viser nettopp at ein suksessfaktor er at lærarane får tid og støtte til frå leiinga til å samarbeida på tvers av faga, seier Scheie.
Annonse
Kunnskapsdepartementet la i april fram stortingsmeldinga Fag – Fordypning – Forståelse, som tek mål av seg til å fornya og forbetra faga i skulen. Scheie likar det ho les.
– Ikkje berre legg meldinga opp til meir tverrfagleg undervisning, men berekraftig utvikling er eitt av tre tverrfaglege tema som skal prioriterast, seier ho.
Ho fortel at DNS har utvikla ein treårig modell for å utvikla og forankra tverrfagleg undervisning for berekraftig utvikling i skulen.
– Vi møter rett som det er naturfaglærarar som etter eitt til to år seier at dei endeleg har blitt kjent med pensum i til dømes samfunnsfag eller norsk. Ideelt sett skulle jo alle lærarar kjenna dei andre faga òg, men i ein travel kvardag er det jo læraren sitt eige fag han eller ho brukar mest tid på, seier Scheie.