Det seier professor Ragnar Thygesen (t.v) og avdelingsleiar Ragnar Gees Solheim ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.
Bak skriveprøvene står ei prosjektgruppe med representantar frå Universitetet i Oslo, NTNU og Høgskolen i Sør-Trøndelag, i tillegg til Ragnar Thygesen frå Universitetet i Stavanger.
Meiningane om dei nasjonale prøvene er mange. Men dette skuleåret blir det ikkje nasjonale prøver i skriving, lesing, engelsk og matematikk.
Kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV) tok den endelege avgjerda kort tid etter at regjeringsskiftet var eit faktum.
- Har to føremål
- Kvifor ha nasjonale prøver i lesing og skriving?
- Prøvene har to føremål, seier Ragnar Gees Solheim, som leier arbeidet med utviklinga av leseprøvene.
- Dei skal gje informasjon om dugleiksnivået hos norske elevar, men dei skal også gje den einskilde læraren pedagogisk informasjon som kan nyttast til å gje elevane tilpassa opplæring, sier Gees Solheim.
Ragnar Thygesen seier det ikkje har vore lett å laga ei prøve som i like stor grad dekkjer båe desse områda.
- Prøvene er hybridar med nokre kompromiss på båe områda. Dei er likevel valide og dei går gjennom ein lang utviklings-prosess før elevane i skolen møter prøvene.
Eit politisk initiativ
Prøvene starta opp etter politisk initiativ frå Utdannings- og forskingsdepartementet fordi politikarane ville ha informasjon om dugleiksnivået i norsk skole. Informasjonen skal danna grunnlag for avgjerder i utdanningspolitikken, fortel Gees Solheim.
Prosjektgruppa som arbeider med leseprøvene for 4. og 7. trinn er i hovudsak samansett av folk frå Lesesenteret ved UiS. Universitetet i Oslo har ansvaret for prøva for 10. trinn.
- Når me lagar nasjonale prøver, skjer dette i fire fasar, Først utarbeider me eit teoretisk grunnlag. Målet med dette arbeidet er å klargjera kva me skal måla, seier Thygesen og Solheim.
- Fase to er utforminga av sjølve oppgåvene som elevane skal gjennomføra. Til dette blir det samla inn og vurdert aktuelle tekstar som skal brukast i prøvematerialet.
- I leseprøvene les elevane tekstane når dei gjennomfører sjølve prøva. I skriveprøvene har me valt å gje elevane tekstane på førehand slik at dei kan førebu seg og nytta dei som bakgrunnsmateriale for skrivinga, seier dei.
Første utprøvingsfasen
I den første utprøvingsfasen testar lærarar og elevar ut forslaget til nasjonal prøve. Etter dette går prosjektgruppa gjennom tilbakemeldingane og justerer innhaldet i prøvene.
Deretter blir prøvene testa på eit landsgjennomsnitt av elevar på det aktuelle trinnet. Ti skolar gjennomfører denne utprøvinga. Prøvene blir etter dette justert på nytt på bakgrunn av tilbakemeldingar frå lærarane.
På dette tidspunktet er prøvene klare til gjennomføring og blir sendt til Utdanningsdirektoratet. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for gjennomføring, innsamling av data og rapportering til politiske styresmakter.
Stor debatt
- Kvifor er det så stor debatt kring dette med nasjonale prøver?
- Det er ingen tradisjon i Noreg når det gjeld bruk av nasjonale prøver, seier Gees Solheim og Thygesen.
- Gjennomføringa av nasjonale prøver er nytt her i landet. Det er ein ny og uvand situasjon for lærarar, føresette og elevar i norsk skole, spesielt når det gjeld den politiske avgjerda om å gjera resultata offentlege.
- Det er brei politisk semje om å ha nasjonale prøver, men gjennomføringa og organiseringa av dei er det meir delte meiningar om. Det er få land i Europa som ikkje har nasjonale prøver, men det varierer noko når det gjeld korleis ein gjennomfører prøvene, fortsetter dei.
To måtar
Solheim og Thygesen fortel at det er to måtar å gjennomføra nasjonale prøver på.
- I den eine varianten vel ein ut ei representativ gruppe som sidan gjennomfører prøven. Den andre varianten er å undersøkja alle elevane på eit trinn kvart år. I Norge er det denne siste typen undersøking vi gjennomfører. Dette er bestemt frå politisk hald.
- Det er òg nokre som meiner at måling av ferdigheiter i ei nasjonal prøve ikkje kan kombinerast med eit fokus på utvikling av evner og anlegg hos den einskilde eleven, seier dei.
- Det er klart at viss ein utset elevar for utfordringar som dei slett ikkje kan klara, vil det vera uheldig. Men eksakte kunnskapar om elevar, kva dei kan og ikkje kan, er kanskje det beste grunnlaget for nettopp at dei skal kunna utvikla seg vidare, seier Ragnar Thygesen og Ragnar Gees Solheim.
Det er altså vedtatt å ta pause i gjennomføringa av nasjonale prøver, men utviklingsarbeidet fortsett. Fagmiljøa ser fram til diskusjonane med involverte partar for å utvikle prøvane vidare.
(Ingressbilde ved Elisabeth Tønnessen)