Annonse

Lagar svarteliste over fuskestudentar

Studentar som er blitt tekne i fusk ved eitt universitet skal kan ikkje lenger kunne melda seg opp til eksamen ved eit anna universitet. Det skal eit nasjonalt utestengingsregister sørgje for.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Kunnskapsdepartementet har bede IT-avdelinga ved Universitetet i Oslo (UiO) om å laga eit eige utestengingsregister over alle studentar som er blitt tatt for fusk på eksamen. Departementet har løyvt rundt ein million kroner til arbeidet med registeret.

– Me har så vidt sett i gang med å planleggja utforminga av registeret, men me reknar med at det skal vera på plass i løpet av 2012, seier utviklingsleiar Geir Magne Vangen.

Fram til no har studentar som har blitt tatt for fusk under eksamen kunna melda seg opp til ny eksamen i det same faget ved ein annan utdanningsinstitusjon utan at det blir oppdaga.

I framtida vil alle utdanningsinstitusjonar utveksla slik informasjon gjennom dette utestengingsregisteret.

– Målet er at alle dei universiteta og høgskulane som blir knytte til registeret, enkelt vil finna ut om ein student er svartelista eller ikkje. Dei vil også finna ut kva typar fusk eller andre alvorlege ting studenten har gjort og ved kva institusjon vedkomande har utført dei, fortel Vangen.

Brukar fødselsnummeret

– Vil då namnet til studenten stå i utestengingsregisteret?

– Nei, namnet vil ikkje stå der. Derimot vil heile fødselsnummeret stå der. Når utestenginga er over, vil informasjonen om personen automatisk forsvinna frå utestengingsregisteret.

– Då kan studenten søkja om å gå opp til eksamen på nytt, presiserer Vangen.

Han viser til at i dag er rutinane for orientering om eksamensfusk, falskt vitnemål og klanderverdig åtferd svært forskjellige. Nokre av universiteta og høgskulane informerer ikkje kvarandre om uynskte studentar i det heile tatt.

– Det er ofte informasjon som blir formidla frå sakshandsamar til sakshandsamar via e-post eller gjennom ein telefonsamtale. Med eit eige utestengingsregister blir det eit langt betre og kvalitetssikra system, meiner han.

Mange utestengingsgrunnar

I utestengingsregisteret vil det gå klart fram kor alvorlege brot på eksamens- og ordensreglementet studenten er tatt for og kor lang karantenetid studenten har fått.

Det mest alvorlege er studentar som har vist farleg åtferd i praksis eller klinisk undervisning. I praksis vil det seia mellom andre studentar i medisin, odontologi, psykologi og sjukepleie.

Dei kan bli utestengde frå klinikk eller praksis i inntil tre år. I verste fall vil det gå fram at studenten er uskikka for det yrket han eller ho siktar seg inn mot.

Dei som blir tatt for forstyrrande eller plagsam åtferd kan også bli utestengde frå alle institusjonar i eitt år. Det aller vanlegaste er at studentane blir tatt for eksamensfusk. Dei som gjer det, vil bli stengde ute frå alle studium ved eigen institusjon.

Samtidig vil dei også bli nekta å ta eksamen ved andre universitet og høgskular i det året dei vil vera i karantene. Studentar som prøver å søkja om opptak på grunnlag av falske vitnemål, vil bli melde til Politiet, og alle institusjonane vil få varsel om det.

100 fuskestudentar i året

Geir Magne Vangen. (Foto: Ola Sæther)

Vangen er glad for at arbeidet med eit utestengingsregister no kan koma i gang.

– Det har vore snakk om det heilt sidan den nye Universitets- og høgskulelova kom i 2002.

– Kven vil få tilgang til opplysningane i utestengingsregisteret?

– Det vil vera eksamensadministrasjonane, studieavdelingane og Samordna opptak. Først og fremst vil det vera dei som har bruk for desse opplysningane.

– Kor mange studentar vil dette gjelda?

– Ved UiO er det rundt eit titals fuskesaker i året. Eg vil tru det vil vera over 100 saker i heile landet i løpet av eitt år. Så det blir eit heller lite register, men informasjonsinnhaldet er av ein slik art at det vil bli stilt strenge krav til sikringa av registeret.

Alle utdanningsinstitusjonane som nyttar Felles studentsystem, vil bruka og senda informasjon til utestengingsregisteret. Den private institusjonen Handelshøyskolen BI vurderer også å bruka det.

Ukjent for Datatilsynet

For Datatilsynet er planane om eit utestengingsregister over fuskestudentar heilt ukjende. Det stadfestar informasjonsdirektør Ove Skåra overfor Uniforum.

– Registeret har ikkje vore til handsaming hos oss, men me reknar sjølvsagt med at Kunnskapsdepartementet er ansvarlege for å fylgja eiga lovgjeving og personopplysningslova.

– Me ser det som sjølvsagt at opprettinga av dette registeret har heimel i eit lovverk som gir dei juridisk grunnlag for å handsama denne typen personopplysningar, seier Skåra.

Han peikar også på at utestengingsregisteret skal brukast av nesten alle universitet og høgskular i Noreg.

– Kunnskapsdepartementet må også ha grunnlag for å gi utdanningsinstitusjonane høve til å utveksla informasjon seg imellom om studentar som har fuska til eksamen eller gjort meir alvorlege ting, understrekar han.

– Må få vita om registrering

Ifylgje Skåra må dei same reglane gjelda for utestengingsregisteret som for andre register.

– Alle dei som blir registrerte, må få vita om det og få greie på kva som er grunnen til at dei hamnar der. Dei det gjeld, har også rett til å få informasjon om kva slags institusjonar som kan få tilgang til desse opplysningane, og få høve til å retta opp feil.

Skåra er også opptatt av at to andre ting må vera på plass i registeret.

– Det må vera ei klar kvalitetssikring og eit vedlikehald som syter for at folk er ute av registeret når karantenetida er over, og det må også leggjast klare føringar på kva personar som skal ha tilgang til registeret.

– Difor bør alle som går inn og sjekkar registeret, loggførast, slik at ein til dømes kan avdekkja snoking.

Skåra minner også om at denne typen register heller ikkje skal kunna nyttast av andre instansar til heilt andre formål.

Powered by Labrador CMS