Annonse

Når lyg vi?

Kvite løgner gir fordelaktige utfall, både for den som lyg, og den som blir loge til. Likevel misliker mange sjølve å fortelje kvite løgner. Men når er vi mest tilbøyelege til å lyge?

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Vi har vel alle drege ei kvit løgn i ny og ne. Nokre gonger for personleg vinning, andre gonger for å unngå unødvendige problem.

Kvite løgner gjer at alle partar kjem betre ut av ein situasjon, men nokre menneske lyg aldri – uansett.

Professor Alexander W. Cappelen, førsteamanuensis Erik Sørensen og professor Bertil Tungodden ved Norges Handelshøyskole har brukt bachelorstudentane i eit eksperiment som kartlegg i kva situasjonar ein er mest tilbøyeleg til å lyge.

Dei foreløpige resultata viser følgjande:

– Du kan stole på jenter når det gjeld personlege ting, men aldri når dei er i ein marknadssituasjon. Men hugs: Her snakkar vi om kvite løgner, fortel Cappelen.

Det viser seg nemleg at det er stor forskjell på kva jentene gjer i dei to situasjonane.

Professor Alexander W. Cappelen, NHH.

88 prosent løgn i marknaden

186 studentar deltok i eksperimentet, og resultata viste at det i snitt blei loge mest i marknadssettingen (83 prosent løgn) og minst i ein personleg setting (57 prosent løgn).

Det mest oppsiktsvekkjande, meiner forskarane, var den store forskjellen i dei to settingane hos jenter: 88 prosent løgn i marknaden, men berre 40 prosent i ein personleg setting.

Samla for begge kjønn laug 72 prosent i den nøytrale og 64 prosent i den intuitive settingen.

Case-undervisninga

– Det har vore kjempevellykka med denne case-undervisninga der studentane får vere med på eit forskingsprosjekt samtidig som vi bruker resultata veldig aktiv i undervisninga.

– Det kan vere nyttig for andre forskarar òg å sjå at ein kan bruke si eiga forsking direkte i undervisninga på denne måten, avsluttar Cappelen.

Forskarane presiserer at studentane som deltok i forskingseksperimentet, var 100 prosent anonyme, og at alle stilte opp frivillig utanom dei regulære forelesingane.

Powered by Labrador CMS