Dei visjonære borna på den vesle stillehavsøya ledar veg til stedar som er forheksa og til folk som har behov for bønn. (Foto: Tom Bratrud)

Born blei kristna for å redde stillehavsøy frå moralsk krise

Frykta for trolldom og hekseri blei eit så stort problem at born blei sett til å starte ein kristen vekking. Så skjedde to drap på øya.

Befolkninga på fleire stillehavsøyar og i land i Afrika forklarar ofte vanskane dei opplever med hekseri og trolldom. Større økonomiske skilnadar mellom folk i desse områda har ført til meir overtru, syner forsking.

Ifølgje sosialantropolog Tom Bratrud, som har studert eit øysamfunn i Stillehavet, har ein sett stadig meir frykt for hekseri dei siste tiåra.

Stillehavsøya Ahamb fra lufta. (Foto: Privat)

– I mange stillehavssamfunn har folk lenge hatt nokså like kår. Samfunna har vore prega av samhald og at folk har hjelpt kvarandre. Men dei siste tjue–tretti åra har økonomiske endringar skapt større skilnader og fleire feidar mellom folk. Misunning er ei kjerneårsak til idear om hekseri, seier Bratrud, som jobbar ved Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo.  

Han har studert korleis hekseri og trolldom over fleire år fekk stadig meir plass i medvitet til innbyggjarar på stillehavsøya Ahamb.

Dette førte til ei kristen vekking, som skulle få bort det vonde. I sentrum stod ei gruppe av borna på øya.

Utanlandske investorar skapte uvisse

Bratrud meiner at omgrepet «moralsk panikk» er eigna til å skildre kva som skapte behovet for ei vekking på den vesle øya.

Sosialantropolog Tom Bratrud har han følgt utviklinga på øya Ahamb i åtte år. (Foto: UiO)

– Viss ein opplever at enkelte personar eller fenomen trugar verdiane og interessene til eit samfunn, kan moralsk panikk oppstå. På Ahamb skapte alle konfliktane før vekkinga ei kjensle av moralsk panikk og sosial undergang. Folk kara til seg sjølve heller enn å dele, og dei opne, solide relasjonane folk lenge hadde hatt, var truga. Folk lengta etter ei endring, seier Bratrud.

Ahamb er ei øy på under ein kvadratkilometer, med rundt 600 innbyggjarar. Øya er del av øystaten Vanuatu, som vart uavhengig i 1980. På grunn av dårleg økonomi måtte Vanuatu trekke til seg investorar og tilpassa lovverket etter dette.

Frå å vere eit øysamfunn der alt land var familieeigd, vart det opna opp for å selje land til utanlandske investorar. Dette hende også på øya Ahamb.

– På Ahamb bur det mange folk på eit lite område, og mange vart usikre på kva som ville skje med jorda rundt dei. Kanskje risikerte dei å miste dyrkingsjorda si. Og kven skulle ha rett til å bruke korallreva til å sanke fisk? Uvissa har skapt eit turbulent klima. Folk var usamde om kven som skulle ha makt til å bestemme øya si framtid, fortel Bratrud.

Born vart engasjerte til å kristne folket

Sjølv har han følgt utviklinga på øya i åtte år, dei siste fire åra gjennom eit doktorgradsprosjekt med to feltarbeid. Han såg korleis gamle oppfatningar om hekseri og trolldom breidde om seg ettersom vanskane steig.

– Ifølgje folketru kan trollmenn og hekser spreie sjukdom, øydeleggje verksemder eller hindre ferdigstillinga av eit husprosjekt. Folk skulda kvarandre for å ha slike krefter og øydeleggje for andre.

Éin månad inn i det andre feltarbeidet hans starta rykta om korleis ei kristen vekking hadde rydda opp i liknande problem i ein landsby på ei naboøy, fire timars reise unna. Fleire samfunnsleiarar på Ahamb ønska at det same skulle skje der, og ei gruppe born på øya fekk gå gjennom eit introduksjonsprogram styrt av folk frå naboøya.

– Det var born som hadde stått i sentrum for vekkinga på naboøya. Born blir sett på som dei mest opne, uskyldige og mottakelege. Difor meinte samfunnsleiarane at borna var best eigna til å ta imot åndelege nådegåver, seier Bratrud.

Borna sa dei fekk beskjedar frå Gud

Etter kvart opplevde øybuarane at born begynte å falle om og vakne opp att. Då fortalde dei om beskjedar dei hadde fått frå Gud medan dei var umedvitne. Nokre fekk også beskjedar medan dei var vakne.

Dei begynte så å gje vaksne øybuarar råd om korleis dei skulle løyse konfliktar. Og om det var ein som slo kona, var stygg mot borna sine eller røykte for mykje, kunne ei gruppe born gå bort og gje han beskjed om å slutte.

– Borna begynte også å fortelje om kva plassar og personar på øya som var forheksa. Til dømes kunne dei gje beskjed om at eit planteslag måtte kuttast heilt bort. Folk hogde ned busker og konfronterte dei som vart skulda for hekseri, fortel Bratrud.

Borna på øya Ahamb begynte å gje vaksne øybuarar råd om korleis dei skulle løyse konfliktar. Dei fortalde at dei hadde fått beskjedar frå Gud (Foto: Tom Bratrud).

Frykta for hekseri endte med drap

Men etter sju månader skjedde ei opprivande hending: To av øybuarane som var blitt skulda for hekseri, blei drepe av ei gruppe menn i november 2014.

I eit samfunn som så lenge hadde vore bygd på samhald og nestekjærleik, fekk ein no ei grufull stadfesting av kva følgjer frykta for hekseriet kunne få. Trass i at borna hadde oppmoda til fredelege løysingar.

Sterk vekst i karismatisk kristendom

Ifølgje undersøkinga Status of Global Christianity er pinsekristendom og karismatisk kristendom det raskast veksande fenomenet i religionshistoria til verda. Frå 981 000 karismatiske kristne i år 1900 er talet i dag over 643 millionar. 

Boka Pentecostalism and Witchcraft. Spiritual Warfare in Africa and Melanesia, som Bratrud har medverka til, set framveksten av pinsekristendom og karismatisk kristendom i samanheng med den opplevde veksten i hekseri og trolldom i mange samfunn. Fleire antropologar har sett denne koplinga siste åra, og arbeidet til Bratrud er eit eksempel.  

– Ifølgje lokal folketru er den beste måten å stoppe hekseri på, å engasjere ei anna åndeleg kraft som skal vere sterkare. Slik kan dei gode andene ta dei vonde, forklarer Bratrud.

Livet på stillehavsøya går vidare

På øya Ahamb miste borna nådegåvene sine. Det blei som ei straff for det som hadde hendt. Og vekkinga fekk ein brå slutt.

Medan mange var letta over at to frykta heksekunstnarar var borte, såg folk samtidig drap som noko grufullt som var stikk i strid med den læra borna hadde formidla.

– Samfunnet hadde gått gjennom ei moralsk reform – og så skjedde dette. Det førte med seg mykje skuld og skam. Det vart også konfliktar mellom familiane til dei drepne og resten av samfunnet. I fleire år prøvde ein å løyse desse konfliktane, utan å få det til, seier Bratrud.

Det siste året har det vesle øysamfunnet jobba hardt for forsoning. Folk har teke med seg idear som borna introduserte under vekkinga og prøver å la desse ideane styre samfunnsutviklinga vidare.

For mange i Vesten kan det vere vanskeleg å forstå korleis ei oppleving av hekseri og trolldom kan få ei så sterk kraft over folk, legg han til.

– Men viss ein kokar ned fenomenet moralsk panikk handlar det om at folk der, som her, opplever ting som trugar samfunna og levesetta deira. Om ein finn noko å skulde på, blir situasjonen meir handterleg. På Ahamb vart det hekseri og trolldom, her heime kan det til dømes vere framandkulturell innvandring eller elitistiske politikarar, seier Tom Bratrud.

Referanse:

Bratrud, T.: Spiritual War. Revival, Child Prophecies, and a Battle over Sorcery in Vanuatu. I K.M. Rio, M. MacCarthy & R. Blanes (red). Pentecostalism and Witchcraft. Spiritual Warfare in Melanesia and Africa. New York: Palgrave MacMillan. (2017) 

Powered by Labrador CMS