Ulikt syn på Harry Potter

Kristen ungdom er splitta i synet på fenomenet Harry Potter. Nokre meiner ein må sjå han som ein fantasifigur, andre meiner han representerer noko okkult og farleg.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Til no er seks bøker om trollmannskuleeleven Harry Potter gjeve ut. Fleire av bøkene er òg filmatisert."

Harry Potter er utruleg populær hos barn og ungdom. Akkurat no går filmen “Harry Potter og ildbegeret” sin sigersgang over heile verda og bok nummer seks “Harry Potter og halvblodsprinsen” vart nyleg lansert i Noreg.

Det er likevel ikkje alle som let seg fascinere av at det handlar om magi, trolldom og hekseri.

Ungdom seier si meining

Debatten om Harry Potter i den kristne dagspressa har på mange måtar handla om kva barn og unge bør gjere; kan dei lese bøkene og sjå filmane eller bør dei la vere?

Kristen ungdom sjølve har ikkje vore representert i media. Torill Epletveit synest det er på høg tid dei vert spurt kva dei meiner. Derfor skreiv ho masteroppgåve i religionsvitskap om emnet.

- Eg synest det er fascinerande at bøkene kan vekkje så stor debatt. Det er nok fordi bøkene er ope for tolking og det er dette aspektet eg har sett nærare på. Til dømes kan Harry Potter tolkast ulikt ut i frå korleis ein meiner verda er bygd opp, seier Epletveit.

Det godes kamp mot det vonde

Epletveit har analysert 162 spørjeskjema og gjort 12 dybdeintervju med kristen ungdom. Ut i frå dette har ho delt ungdommane inn i fire grupper etter kristen livstolking.

Den første gruppa meiner ho representerer eit “kampperspektiv”. Sentralt for ungdommane her er Guds kamp mot djevelen. Dei er opptekne av at ein må velje side. Ein må òg velje med omhug kva for bøker ein les og let seg påverke av. Ungdommane har gjort seg opp ei meining om Harry Potter-bøkene, men dei har ikkje lese dei.

- Dei held bøkene på ei armlengds avstand. For dei er all trolldom problematisk fordi det står i Bibelen at ein ikkje skal menge seg med slikt. Dei meiner det er okkult og det er noko ein skal halde seg unna. Det er eit “farleg-stempel”, fortel Epletveit.

Stolar på seg sjølv

"Masterstudent Torill Epletveit ved Universitetet i Tromsø har spurt kristne ungdommar om kva haldning dei har til fenomenet Harry Potter."

Ungdommane som fell under “tryggleiksperspektivet”, er derimot trygge på at Gud er den sterkaste. Dei trur derfor Gud ville ha gitt dei beskjed om det var feil å lese bøkene eller sjå filmane. Dei ser at bøkene òg inneheld kristne verdiar som til dømes nestekjærleik.

For ungdommane i “realismesperspektivet” er ikkje ting berre anten eller, dei kan vere både og. Dei stolar på at dei sjølve er i stand til å skilje fantasi og okkultisme.

Dei ser at bøkene godt kan tolkast som okkulte, men dei synest ikkje det er noko problem fordi dei held orden på situasjonen ved at dei skil mellom fantasi og verkelegheit. Bøkene blir sett på som uskuldig moro og mange samanliknar bøkene med eventyr.

Einige med foreldra

Den siste gruppa av ungdommar representerer “dilemmaperspektivet”. Felles for dei er at dei ikkje alltid er heilt konsekvente i kva dei meiner, og fleire kjem med si løysing på dette dilemmaet ved at dei ser på Harry Potter som noko dei helst ikkje vil tolke. Samstundes viser dei at ulike tolkingar er moglege.

I Epletveit sitt forskingsmateriale var ungdommane i kampperspektiv-gruppa i klart mindretal, medan det var overvekt av ungdommar i trykkleiks- og realismeperspektivet.

Felles for mange av ungdommane i undersøkinga, er at dei gjer klart uttrykk for at dei er einige med foreldra sine i haldninga til Harry Potter. Dei som til dømes fortalte at dei var imot Harry Potter, hadde òg foreldre som var imot.

- Dei vart meir påverka av foreldra enn venene, seier Torill Epletveit.

Mykje Harry-forsking

Forfattaren J. K. Rowling introduserte Harry Potter og hans medstudentar ved trollmannskulen Hogwart for verda i 1997. Til no har bøkene blitt oversett til 62 språk og over 270 millionar eksemplara er solgt. I tillegg har fleire av bøkene vorte filmatisert.

Suksessen har gjort både bøkene og fenomenet Harry Potter til eit ynda forskingsobjekt. Epletveit er for øvrig ikkje den første som forskar på Harry Potter i Noreg. Mellom anna er fleire hovud- og masteroppgåver skrive om emnet. Kvifor er interessa for forsking på Harry Potter så stor?

- Eg trur nok fenomenet fascinerar mange. At forskarar interesserar seg for Harry Potter kan også gjere dei meir folkelege, fordi dei då er opptekne av noko som er “in” i tida, fortel Torill Epletveit.

Powered by Labrador CMS