Annonse

Individualistar i flokk

Forsking viser at ryggsekkturistar er nesten heilt lik andre turistar. – Det er ein kvalitativ skilnad på ryggsekkturisme og masseturisme, seier derimot Jens A. Riisnæs, reiseguru i NRK.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Medan enkelte vil reise på cruise og vakne til ein gjennomplanlagt dag om bord, foretrekk andre å slenge på seg ryggsekken og ta reisen som den kjem. 

Ifølge turistrolleteoriar er det stor skilnad på turistar alt etter institusjonaliseringsgrada på reisane. Tradisjonelt sett har ein sett ryggsekkturistane som meir individualistiske og mindre bekymra enn vanlege turistar.

Men ryggsekkturistane og dei vanlege turistane er merkverdig like ifølge forskarar ved avdeling for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen.

"Ryggsekk eller koffert? Det er ikkje spørsmålet."

Heile 1880 respondentar frå 48 nasjonar har delteke i ein studie i regi av professor Svein Larsen og førsteamanuensis Wibecke Brun.

Dei oppsøkte turistar på ei rekke typiske turistattraksjonar på Vestlandet, for å få svar på spørsmål knytta til motivasjon for reisa, risikovurdering og bekymringsfaktorar. Svara overraska forskarane.

Mindre komfort

"Wibecke Brun og Svein Larsen har funne at ryggsekkturistar stort sett er akkurat som andre turistar."

Ryggsekkturistane viste ein tendens til å vere mindre opptekne av komfort, men elles var det berre sjølvoppfattinga deira som skilde dei frå ordinære turistar.

Dei gav i større grad uttrykk for at dei slett ikkje likna på den gemene hopen, og vurderte seg sjølve til å vere meir individualistiske og sjølvstendige enn vanlege turistar.

– Denne studien kan seiast å øydelegge sjølvbiletet til ryggsekkturistane.

– Samstundes løftar den sjølvbiletet til oss vanlege turistar, humrar Svein Larsen.

– Eg er ingen typisk turist

Larsen trur at det store behovet for å markere avstand til vanlege turistar har samanheng med at vi føler at vi sender ut eit signal om kven vi er gjennom våre reiser.

– Det handlar om å uttrykke noko om seg sjølv, og det å vere ein typisk turist vert sett som ein negativ attributt. Vi foraktar masseturistane og det er viktig å skille seg frå denne gruppa, seier han.

Behovet for å markere avstand er så sterkt at det gjev gjenklang i dei fleste turistgrupper.

Tyske bobilturistar

I 2003 undersøkte Nina Prebensen, Svein Larsen og Birgit Abelsen sjølvoppfattinga til tyske bobilturistar.

Desse bobilturistane vert av mange oppfatta som typisk tyske turistar på ferie i Noreg.

Men dei såg ikkje seg sjølve som typiske representantar for den gruppa dei tilhøyrde.

– 89,5 prosent av dei tyske bobilturistane oppgav at dei ikkje følte seg som typisk tyske turistar, seier Larsen.

Studien viste også at det ikkje var skilnad på dei som såg seg sjølve som typiske og dei som oppfatta seg sjølve som utypiske når det gjaldt åtferd, som til dømes reiselengde, stadar dei vitja eller motiv for reisa.

Opplever høg risiko i USA

Etter den internasjonale terrorismen sitt inntog har risikovurdering og bekymring vorte viktige faktorar i turismen.

Ryggsekkturistane og dei vanlege turistane er svært like på desse sentrale psykologiske måla. Dei er like redde for å bli utsette for kriminalitet, for å gå seg vill og for å hamne i ein situasjon med eit terrorangrep.

Krigen mot terror har fått paradoksale følger for dei reisande sine vurderingar av tryggleik.

– Til trass for auka merksemd mot tryggleikstiltak, opplevast til dømes USA som meir risikabelt i dag enn tidlegare. I 2004 vart storbyferiar i USA vurderte som særs risikable, tett opptil dei mest risikable reisemåla i Midtausten, seier Larsen.

Og ifølge undersøkjinga frå avdeling for samfunnspsykologi er altså både ryggsekkturistar og vanlege turistar like bekymra og skeptiske til reiser i område som vert vurderte som risikofylte.

Svergar til ryggsekken

Forsking viser altså at ryggsekkturistar er nesten heilt lik andre turistar.

– Det er ein kvalitativ skilnad på ryggsekkturisme og masseturisme, seier derimot Jens A. Riisnæs, reiseguru i NRK. 

Riisnæs har reist med ryggsekk rundt i verda i fleire tiår, og omtalar seg sjølv som avantgarde-turist. Han er ein av mange som meiner at ryggsekkturistane scorar mykje høgare på individualisme og sjølvstendigheit enn vanlege turistar.

– Ryggsekkturistane er meir styrte av det indre enn av det ytre, seier han.

Han meiner at det er stor skilnad på det å reise og det å vere turist.

– Som reisande opplever du det som kjem til deg, medan du som turist berre opplever det som blir vist deg. Det du først og fremst sit igjen med dersom du har reist på den fornuftige måten, er møtet med ulike menneske, seier han.

Ønske om å vere unik

– Kan hende er det ein eller fleire kvalitative skilnader på dei to gruppene slik Riisnæs hevdar, seier Svein Larsen.

Men han er usikker på kva desse skilnadene er, reint bortsett frå ulikskapen i sjølvoppfattinga.

– Ønsket om å vere unik og gjerne betre enn dei andre er eit velkjent fenomen i psykologien, og vert gjerne kalla “betre enn gjennomsnittet”-effekten, seier Larsen.

 

Powered by Labrador CMS