Annonse

Insomni rammar subjektivt

Insomni gir objektivt sett ikkje utslag for dagtidsfunksjonen sjølv om dei ramma sjølv kjenner seg meir utsett for depresjon og dårleg minne.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Så lenge oppgåvene ikkje er veldig kompliserte og krev stor konsentrasjon, presterer personar med insomnia like bra på dagtid som dei utan søvnproblem. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Insomni (Søvnforstyrring)

Kvar veke har over 30 prosent av befolkninga insomnisymptom, noko som gjer lidinga til ei av dei vanlegaste i folket.

Det er mindre vanleg med diagnosering av insomni, men fleire undersøkingar har vist at om lag 10 prosent av den vaksne befolkninga lir av kronisk insomni, og sjukdommen aukar kraftig for den eldre befolkninga.

Mindre enn 10 prosent av unge vaksne er ramma av sjukdommen, medan talet er 20 til 25 prosent for dei som er 60 år eller eldre.

Over 30 prosent av befolkninga har insomnisymptom, og sjukdommen er mest utbreidd hjå dei eldre.

I ei undersøking fann forskarar frå Universitetet i Bergen (UiB) ikkje noko bevis for objektivt målt nedsett dagtidsfunksjon hjå dei eldre med søvnproblem, samanlikna med testpersonane som sov godt.

– Det er jo ei gladmelding at denne gruppa ikkje presterar dårlegare på objektive testar, men samstundes må vi passe oss for å ikkje stigmatisere gruppa med insomni.

– Det er ei reel fare for psykologiske plager for dei som lir av søvnproblem, seier professor Børge Sivertsen ved UiB.

Sivertsen, har jobba med eit forskingsprosjekt leia av professor Astri Lundervold ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, som hadde som formål å kartlegge korleis eldre vaksne som fyller kriteria for insomnidiagnosen presterer på dagtid.

Dei gjennomførte ei rekke nevropsykologiske testar på testpersonane, og samanlikna resultata med informasjonen testpersonane med diagnosa sjølv opplyste om korleis dei subjektivt meiner dei fungerer på dagtid.

Subjektive plager

I undersøkinga var det totalt 121 deltakarar, med ein gjennomsnittsalder på 64 år, derav 25 prosent av deltakarane fylte kriteria for insomni.

– Det var overraskande ikkje noko skilnad i prestasjon på dei nevropsykologiske testane mellom dei som hadde insomni og dei utan.

– Eldre med insomni rapporterte likevel subjektivt dårleg minne og meir symptom på depresjon enn eldre utan insomni, seier Sivertsen.

Komplekse oppgåver

Børge Sivertsen. (Foto: Kim E. Andreassen)

– Frå tidlegare undersøkingar har vi fått litt blanda resultat. Nokre studie har funne skilnader mellom personar med insomni og dei utan, medan andre ikkje finn det, seier Sivertsen.

Sivertsen forklarar at når det kjem til svært komplekse oppgåver viser det seg at det kan vere vanskelegare å gjennomføre for personar som har insomni.

Vegen vidare for forskinga er derfor å spesifisere måla.

– No må vi utarbeide meir spesifiserte testar som kan få fram kvar grensa går før det speler inn for dei som har søvnproblem, seier Sivertsen.

Powered by Labrador CMS