Kanneberarar med kylling eller reker. Ein del føretrekkjer mørkare farge på innpakninga, andre lysare. (Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden)
Kanneberarar med kylling eller reker. Ein del føretrekkjer mørkare farge på innpakninga, andre lysare. (Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden)

Jaktar tradisjonell mat i sosiale medium

Kjøtetande kanneberar-plantar på Borneo står sjølve på menyen til lokale stammer som pakkar inn mellommåltida sine i dei.

Kanneberar-snadder. (Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden)
Kanneberar-snadder. (Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden)

– Eg hadde aldri høyrt om at kanneberarane vart brukt som mat tidlegare, seier botanikar Hugo de Boer ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

– Eldre kjelder fortalde om at plantane vart brukt seremonielt, men ikkje på andre måtar.

Kanneberarane er ei slekt med kjøtetande plantar som høyrer heime i Asia og Australia, med størst utbreiing på dei indonesiske øyene Sumatra og Borneo.

Søk på sosiale nettstader

De Boer og forskarkollegaene skulle eigentleg undersøkja kor mykje kanneberarane i høglandet var truga av klimaendringar, då dei kom over at nokre artar òg vart brukte til mat.

– Dei to artane som er mest brukt til mat, Nepenthes ampullaria og Nepenthes mirabilis, veks begge i låglandet. Ingen av desse ser ut til å vera truga av at dei vart hausta inn og brukte til mat, seier de Boer.

Ved å søkja på dei sosiale nettstadene Flickr, Pinterest, Facebook og YouTube etter peruik kera, det lokale namnet på planten, kom forskarane i kontakt med folk som kjende desse tradisjonelle smårettane. Ikkje berre dét. Forskarane kunne òg danna seg eit bilete av utbreiinga.

Utfyllande spørsmål

– Nesten alle vi kom i kontakt med, høyrde til ei av dei to stammene Bidayuh og Kadazandusun nord på Borneo. På marknadane i desse områda er det vanleg å finna fylte kanneberarar, forklarar de Boer.

Når forskarane hadde kome i kontakt med folk via sosiale medium, bad dei dei om å fylla ut eit nettbasert spørjeskjema. I tillegg oppsøkte stipendiat Rachel Schwallier frå Leiden i Nederland, seljarar og produsentar med meir utfyllande spørsmål. Ho fekk òg vera med på å tilverka retten.

– Kanneberarane vert fylte med kleberis blanda med grønsaker og kjøt. Dei har passeleg størrelse for eit mellommåltid, og innpakninga gjer dei hendige å ta med seg.

Ein viss aroma

Innhausting av kanneberarar. (Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden)
Innhausting av kanneberarar. (Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden)

De Boer legg til at før ein fekk moderne kjøkken, vart dei fylte kanneberarblada pakka inn i leire og kokt direkte på kol. Det kan ha ført til at innhaldet vart haldbart lengre, så lenge bladet var uopna.

Sidan kanneberarane er kjøtetande, inneheld «kannene» ei væske som vert brukt til å fordøya byttet. Forskarane ville undersøkja om denne væska påverka risen på nokon måte gjennom å koka den på ulike måtar.

– Men vi fann ikkje noko som tyda på det. Den einaste effekten blada har på innhaldet, må i tilfelle vera ein viss aroma, smiler de Boer.

Internasjonal trend

Medan tradisjonell plantemedisin gjerne vert fortrengt av betre og sikrare moderne medisinar, meiner de Boer at bruken av kanneberarar er eit døme på at tradisjonell mat står sterkare i lokalsamfunna.

– Om noko, er vårt inntrykk at interessa er aukande heller enn dalande, og at sosiale medium spelar ei rolle her.  

– Emballasje som går an å eta, er òg ein internasjonal trend. Det amerikanske firmaet Wikipearl har til dømes fått brei omtale for sine økologiske og sunne produkt.

Og skulle du ynskje å prøva denne tradisjonelle retten sjølv, kan du finna Nepenthes ampullaria i sal i norske hagebutikkar, og oppskrifta finn du her:

Oppskrift:

Reins og reinskjer så mange kanner som du ynskjer å bruka. Fyll dei halvvegs med kvit kleberis som har lege til svulming i vatn. Fyll på med godt salta kokosmjølk til risen er dekt. Dampkok kannene i ein times tid.

Kan etast som dei er, men på marknadane vert dei gjerne tilsette kylling eller krydra reker og pynta med peanøtter eller lauv frå pandanplanten som er mykje brukt i matlaging i Sør-Aust-Asia.

Ukokte kanneberarar (til høgre) til sals på marknaden. (Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden)
Ukokte kanneberarar (til høgre) til sals på marknaden. (Foto: Rachel Schwallier, Naturalis Biodiversity Center, Leiden)

Referanse:

Rachel Schwallier mfl: Traps as treats: a traditional sticky rice snack persisting in rapidly changing Asian kitchens, Journal of Ethnobiology and Ethnomedicine, mars 2015, doi: 10.1186/s13002-015-0010-x.

Powered by Labrador CMS