Dannelse utan piano

Dei er ikkje nødvendigvis dei med den lengste utdannelsen som er mest danna. Men kva er den nye dannelsen?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dommedagsklokka til atom- forskarane ved Universitetet i Chicago står på fem på tolv (sist stilt 10. januar 2012).

Om universiteta hadde hatt si eiga dommedagsklokke hadde truleg ikkje tidspunktet blitt særleg meir oppløftande.

Men det skin eit lite grønt lys i februarmørkret på Nygårdshøyden i Bergen. Førti unge studentar frå alle fakultet ved Universitetet i bergenhar samla seg for å følge universitetsemner i dannelse. Den nye dannelsen er ikkje som den gamle dannelsen. Det handlar ikkje lengre om å lese klassikarar, spele piano, spise fint eller kunne konversere.

Det handlar om noko anna, men kva?

Eg bestemte meg for å finne det ut. Forelesningane i dannelse er opne, så eg oppsøkte forelesningssalen «Egget» på Studentsenteret på jakt etter svaret. Emnet eg skulle følgje var “Mennesket: Natur og kultur”. Rundt meg i salen sat unge studentar, dei såg ut som unge flest, om eg prøvde kunne eg ikkje ha gissa kven som var medisinar og kven som studerte psykologi eller filosofi.

Frå aminosyrer er vi komne

– Kva ved eit menneske er biologisk, og kva kjem frå kultur? Dette vil eg at de skal tenke over desse kommande vekene, seier Jan Reinert Karlsen, når han ønskar velkommen til kurset. Første forelesning har tittelen «Det evolverte mennesket», og handlar om ja…evolusjon.

Forelesar er professor i biologi, Jarl Giske. Giske viser med figurar korleis fisken gjekk på land. Korleis i alle dagar kan ein knytte urfisk til dannelse? tenker eg, medan eg noterer flittig frå Giskes fengande forelesning. Dette er nytt for meg. Mine studieår vart tilbragt i djup konsentrasjon om sosialantropologi, i tillegg til engelsk-studier. Det som foregjekk på Mat.nat-fakultetet var meg fjernt. Det var det akademiske utlandet. Vi antropologane var interesserte i det kulturelle – og ikkje det biologiske perspektivet.

– Dagens læringsmål, seier Jarl Giske, er at vi skal tenke over korleis evolusjonen har utvikla mennesket til å bli slik vi er, med evna til læring, samarbeid, moral og dobbeltmoral.

Giske fortel at vi har utvikla oss frå aminosyre til menneske og at vi lever i ei kald verd. Men naturen er ikkje vond, berre likegyldig. Det er harde bud, men så seier han brått noko som peikar i ei anna retning:

– Gener er berre ei delforklaring. Den kulturelle evolusjonen er mykje sterkare enn den biologiske.

Er det mogleg at det eksisterer ei bru over til biologane likevel, tenker eg i det halvdunkle Egget. Men eg er framleis usikker på om eg skjønner korleis dannelse kan knyttast til forelesningane eg følgjer. Eg spør Jan Reinert Karlsen.

(Foto: (Illustrasjon: www.colourbox.no))

Ingen pianomann

– Ja, dannelse, haha. Eg var ikkje fortruleg med ordet dannelse sjølv, eg fekk nesten ein allergisk reaksjon då eg vart spurt om å jobbe med dannelse, seier Karlsen, og ler sin smittande latter. Han forklarar:

– For det første er det viktig å ha klart for seg at dannelse ikkje er noko ein studerer, det er ikkje eitt produkt studentane kan tilegne seg, men ein prosess. Heller ikkje erstatter dannelsesemnene den faglege dannelsen, men den faglege dannelsen er ein føresetnad for emnene, både som ein ressurs og noko som må problematiserast.

Ifølge Karlsen blir dannelsesemnene ein møtestad der studentane går gjennom dannelsesprosesser som er ulike frå den dei møter på faga sine, men som er like viktig for ei universitetsutdannelse.

Dette er tankar eg ikkje har hørt nokon formulere så klart i alle åra mine på universitetet. Eg lyttar fascinert.

– Desse prosessane skal skje gjennom at studentar og forelesarar frå samtlege fakultet møtest til diskusjon og kritisk refleksjon på eit universitet over «nokre av dei store spørsmåla og samfunnsutfordringane i vår tid», seier Karlsen.

Filosof Jan Reinert Karlsen jobbar med dannelse på full tid. (Foto: Kim E. Andreassen/UiB)

Desse er kjenneteikna av «stor kunnskaps- og verdimessig kompleksitet» med både potensielt kjente og ukjende konsekvensar for alle. Det dreier seg altså om utfordringar kor kunnskapen er usikker, verdiar står til debatt, kor mykje står på spel og handlingsalternativa ikkje er gitt – og kor det å vente med å handle også er en handling, påpeikar Karlsen og seier at det kan dreie seg om alt frå klimaendringar, tilhøvet mellom biologi og kultur, til menneskerettar eller fattigdom.

Ironien og kjærleiken

Neste forelesning ser på verda frå ein ganske annan kant enn den biologiske. Det er professor i pedagogikk, Herner Sæverot som skal snakke om dannelse, ironi og eksistens hos filosofen Søren Kirkegaard. Sæverot meiner at det nye dannelsesbegrepet er for opent, at det speglar ein liberal ideologi, med fridom som ein kjerneverdi.

– Individet blir redusert til konsument under den nyliberale ideologien. Sjølv studenten har blitt ei vare, og økonomien går framfor pedagogikken, seier han.

Eg nikkar einig, og kjenner på eit lite rush av begeistring. Sæverot er opptatt av plikter og dyder. Han snakkar om Kierkegaard og ironien, om korleis ironikaren kan rokke ved fastlåste forestillingar, for ironikaren tviler på egne idear, og like mykje på andres.

– Ironikaren blir ofte einsam, seier Sæverot, og eg tenker på korleis for lange studier kan gjere ein til ein slags observatør, ein som analyserer, heller enn å delta i det verkelege livet.

Mia Appelbäck og Håvard Eggestøl meiner at det er for lite kontakt på tvers av faggrensene ved Universitetet i Bergen. (Foto: Eivind Senneset)

Det er ein trist tanke. Då er det meir oppløftande å høyre Sæverot snakke om Kierkegaard og hans hovedverk «Kjerlighedens gjerninger». Det handlar om nestekjærleiken, og korleis ein skal anstrenge seg for å elske alle. Og eg bestemmer meg, litt impulsivt, for å prøve (atter ein gong) å bli eit betre menneske.

Etterlengta samtaler

Innimellom forelesningane møtest studentane til seminar. Der diskuterer dei spørsmål som «Kva er eit menneske?». Eg deltar ikkje på seminara, det vil vere forstyrrande med ein journalist til stades, så eg spør medisinstudenten Mia Appelbäck (23) og Håvard Eggestøl (22) som studerer fiskehelse.

Appelbäck er frå Sverige, har studert medisin ved UiB i to år, og er no på forskningspermisjon ved forskarlinja. Dette semesteret les ho óg dannelsesemne og miljøfilosofi og er glad for avbrekket frå medisin.

– Eg har verkeleg sakna å kunne reflektere over – og diskutere ulike emner. Det finst gode ting på medisin, små kurs i etikk og i global helse, men det er for lite. Klimaendringar er vårt århundres største trussel mot helsa, og vi lærer til dømes nesten ingenting om innverknadene dette vil få. Eg syntest at det var utruleg nyttig å kunne diskutere med menneske frå ulike fagområde med ulike perspektiv, seier Appelbäck.

Bergensaren Håvard Eggestøl er minst like entusiastisk:

– Her har eg lært verdien av å tenke saman, og det øydeleggande ved konkurranse mellom akademiske greiner. Det er utruleg kor mykje meir akademia kan tilby, dersom ein bare er open for likheiter mellom ulike greiner.

– Men det er også utrolig kor lite som kjem ut, dersom kvar grein er inneslutta og ikkje vil kommunisere med andre. Eg kjem til å ta med dette videre ved å dyrke samhandling mellom ulike akademiske greiner der eg har muligheita til det.

Fornuft og kjensler

Med vanskelege, ja nesten umoglege spørsmål, som utgangspunkt skal studentane altså «teste» sin eigen faglege dannelse i møte med andre fagtradisjonar og vitskapelege kulturar.

Den felles referanseramma er ikkje er gitt av til dømes éin litterær kanon, men altså av ei kompleks samfunnsutfordring.

– Vi vil utfordre studentane til å tenke nytt og ikkje berre kritisere det beståande. Slike møter er ikkje berre intellektuelle, men involverer også kjenslene. Å bli danna inn i ein fagtradisjon er samtidig å tileigne seg verdiar, språk og tankesett som kan vere svært framand frå andre fagtradisjonar. Slike møte kan vere svært kjensleladde, sier Jan Reinert Karlsen og legg til:

– Målet er ikkje å lære studentane å tenke selvstendig og kritisk, det ville vere sjølvimotseiande, men å legge til rette for at utvikling av slike ferdigheiter kan finne stad.

Han fortel at dannelsesemnene trekker til seg ein del studentar som er skuffa over universitetet. Dei vil gje dei trua tilbake på at ei universitetsutdanning kan gjere godt for dei sjølv og for samfunnet. Det er fine ord, det snør på Nygårdshøyden, og Studentsentret lyser inviterande i mørkret. Eg tenker stadig oftare på kva det tyder at eg «er antropolog».

Den gode – og dårlege dannelsen

– Er dannelse alltid godt? spør Jan Reinert Karlsen når vi møtest til ein kaffi nokre dagar seinare.

Han seier at det ligg eit dannelsesideal i kvalitetsreformen, men det er innskrenka, redusert til eit produkt. For dannelse inneber også å gjere dannelsesomgrepet til eit objekt for kritisk refleksjon.

– Men å tru at ein måned på eit dannelsesemne er ein mirakelkur er uansett berre tull. I den offentlege debatten ligg det ein ide om at dannelse er lik god utdannelse, men det er lurare å snakke om at dannelsesprosessane er gode eller dårlege, seier Karlsen.

Han hevdar at utdanning kan bidra til å ta livsgnista frå folk, og mange danningsprosessar bryt ned, istadenfor å bygge opp. Når ein studerer blir ein eitt anna menneske, men det er ikkje alltid til det gode.

– Til dømes har eg sett mange døme på at studentar er meir fritttenkande og kreative det første året dei studerer enn til dømes etter seks år ved universitetet, seier filosofen.

Eg tenker på mine eigne studieår, og korleis vi gradvis vart meir og meir antropologar, som dyr som skifta ham. Eg tenker på korleis eg tenkte at eg hadde skjøna alt, men likevel hadde mista noko. Eg tenker på sportssendingane på TV som brått stod for meg som nasjonalistiske rituale, ikkje lengre som sport, slik vi hadde hatt om i forelesningar (slik eg huskar det!).

Eg skrudde av TV-en i vemmelse, for aldri å skru den på igjen. Men er det kanskje på tide å igjen kjenne på gleda over ein god sportsprestasjon? å dele den gleda med andre?

Sartre og evolusjonen

Det er framleis februar, kaldt og mørkt, og historikar Terje Tvedt foreles om forholdet mellom vatn og menneske utviklinga av samfunn og Silvio Funtowicz foreles om syntetisk biologi i historisk lys. Så vips er det eksamen, eller det dei kallar oppsummeringskonferanse.

Egget er knapt kvartfullt, og Mia Appelbäck er første kvinne på talarstolen for å vise om ho har skjøna prinsippa for den nye dannelsen. Ho er ein av ti studentar som med korte foredrag og påfølgande diskusjon skal svare på spørsmålet: “Er det meir igjen å utforske om mennesket?”

Medisinstudenten Appelbäck tar utgangspunkt i den nye feltet epigenetikk. Ho skal reflektere kritisk over «dette kunnskapsperspektivets perspektiver og forutsetningar». Mia Appelbäck svarar godt for seg, og neste mann ut er Håvard Eggestøl, som koplar replikatologi (eit omgrep frå evolusjonsbiologien) med eksistensialisme, i eit slags «Evolusjon + Sartre = sant», eit halsbrekkande og spennande prosjekt.

– Utmerka, seier Karlsen til dei to. – Ein skal tenke dristige tankar.

Frå min observatørposisjon på rad åtte, tenker eg at eg er vitne til noko betydningsfullt. Seinare fortel Eggestøl at han natta før han skulle halde innlegg sat oppe og prøvde å lære seg eksistensialismen.

– Det er noko som var heilt utenkelig at eg ville gjere for halvannen månad sidan. Eg trur at eg har blitt genuint meir interessert i andre fag, seier Eggestøl.

– Mat.nat har forsømt seg

Men står den nye dannelsen egentleg i motsetning til den «gamle»?

– Nei. Gjennom dannelsesemnene ønsker vi å dyrke universitetsidealet, som eit fellesskap av ulike vitskapelege kulturar. Det er ikkje slik at ein ikkje bør lese Ibsen lengre, tvert i mot, seier Jan Reinert Karlsen.

Forelesarane er også glade i den «nye» dannelsen.

– Det stemmer, seier Jarl Giske, – at vi ikkje har tatt dannelsesoppdraget vårt på alvor. Mat.nat har sikkert tabba seg mest ut av alle. Vi har lagt veldig lite vekt på vår eiga historie, det må det bli ei endring på.

Han er glad for høvet han får til å treffe studentar frå heile universitet.

– Eg opplever det som spennande at mange har ein annan inngong til røynda enn den naturvitskaplege. Eg er alltid spent på kor mykje eg klare å kommunisere med studentane, og om eg kan få dei til å forstå mitt syn på vitskap. Det er eit stort gode at fagfolk frå ulike delar av universitetet snakkar til dei same studentane.

– Eg trur at dei ulike fagfelta ved universitetet har ei veldig karikert oppfatning av kverandre. Vi treng meir av slike møtestader, mykje meir.

Dannelse innanfrå

Men er alle like begeistra? Eg prøver å finne nokon som kan helle malurt i dannelsesbegeret, og ringer medlem av dannelsesutvalget ved UiB, Anders Johansen. Eg spør kva han tenker om den nye dannelsen,

– Vel, problemet med den gamle ideen om dannelse er at vi må ha kjennskap til dei same kulturelle verka. Dette fungerer ikkje lengre, og har kanskje aldri fungert. Det eg trur er eit godt utgangspunkt er heller at vi må ha evnen til å hanskast med skilnader.

– Vi må kunne krangle, samtalen må holdast i gang, vi kan synge, danse eller alt mulig, men det må vere ei form for kommunikasjon. Som gjerne er i tråd med den gamle, klassiske retorikken, seier Johansen som er professor i sakprosa med bakgrunn frå medievitenskap og sosialantropologi.

– Nokon trur at å ha lese visse tekstar skal gjere ein til eit betre menneske. Men når folk vart stilt på prøve, til dømes under 2. verdskrigen, kven var det som bestod prøva? Jau, det var like gjerne enkle arbeidsfolk. Alle fag og alle livssituasjonar inneber muligheit for dannelse.

– Ein må distansere seg frå ideen om at dannelse blir levert av bestemte humanistisk fag som filosofi og kunsthistorie. Dei blir leverandørar av glasur som ein skal ha oppå dei andre faga. Dette hindrar dei andre i å utvikle dannelse innanfor sine disiplinar. Dannelse skal komme innanfrå.

Rørleggaren og akademikaren

Anders Johansen deler gjerne sin definisjon på ein danna person.

– Ein danna person slik eg ser det er driftig, tolmodig, open, samarbeider godt, er god i språk, og nyskapande. Desse ressursane og dei moralske eigenskapane – dei er felles for faga, og det gjeld like mykje for ein snekkar eller rørleggar.

Johansen kallar dannelsesemnene ved UiB eit veldig interessant forsøk og seier at det er nett denne typen allmenndannelse han har etterlyst.

– Dette dannelsesfaget trengs, for folk som er fagidiotar er ikkje danna.

Dannelsesemnet i Mennesket: natur og kultur er over. Eg kjenner eit sug etter å tenke nytt, etter å delta på fleire dannelsesemner. Eg kjenner at eg framdeles er veldig glad i antropologien, men eg skal tenke over dette med sporten. Om eg ikkje orkar langrenn, så kan eg sjå på hopp, eller Tour de France. Det kan ikkje skade.

Imens står dommedagsklokka på fem på tolv, og gud veit kvar den står til neste år, men ungdommen er full av håp og entusiasme. Kanskje går det mot lysare tidar?

Powered by Labrador CMS