Annonse

Geometri og blinde: Føl formene

Geometrien brukast til å beskrive flater og rom. Men han kan òg gi blinde barn betre forståing av fysiske omgivnader.  

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Ill.: iStockphoto)

Tenk deg at du kjem inn i eit stupmørkt rom. Du ser korkje veggar eller tak.

Likevel har du eit slags indre bilete av korleis rommet sannsynlegvis ser ut, kva for ei grunnform det har. Du kan «føle» forma, ut frå tidlegare erfaringar.

Men ein som er født blind, har ikkje dei same erfaringane.

Å forstå rom

Oliv Klingenberg har mange års praksis som lærar for blinde og svaksynte. Ho har særleg undervist i matematikk, og dermed også i geometri. Nå pendlar ho mellom jobb ved Tambartun kompetansesenter for synshemma i Melhus og doktorgradsstudium ved NTNU.

– Vi har heile tida høyrt at geometri er altfor vanskeleg å lære for blinde. Eg har stilt meg spørsmålet om det kanskje er motsett.

–  Kanskje vi tvert om kan bruke geometrien for å hjelpe blinde til å forstå rom og former i det verkelege livet, og dermed gjere det lettare for dei å orientere seg, seier hun.

– Eg veit frå min eigen praksis at barn som er født blinde, har vanskeleg for å forstå rom. Dei kan lære at eit ark papir er rektangulært. Men å overføre det til å forstå at det rektangulære også er grunnforma for eit rom, kan vere vanskelig.

Dei vanskelege preposisjonane

Betre forståing av rom og former gjer det lettare for blinde å orientere seg. Men det vil òg auke språkforståinga, meiner Klingenberg.

– Berre tenk på preposisjonsbruk. Vi seier «ved enden av bordet», «bak pulten», «rundt hjørnet». For blinde kan det vere vanskeleg å forstå kor ein gjenstand er i forhold til ein annan, når djupn, distanse og retning er vage omgrep, forklarar ho.

Ho illustrerer med å fortelje om ein blind kollega som hadde vanskeleg for å godta uttrykket «bak på tastaturet». For det er jo ulogisk at det er «bak» når han granngiveleg måtte strekke armane fram for å komme dit.

Og ho fortel om blinde, skoleflinke «Maria», som hadde punktskriftbøkene sine i ei eiga hylle. Ho henta sjølv bøker i hylla nesten kvar time. Ein gong skulle dei ut og ake, og læraren fortalte klassen at akebretta sto i ei kasse ved enden av Marias hylle.

– Eg såg på Maria, og så at ho ikkje skjønte kor det var. Då eg spurte kvifor, svara ho
med å seie at hylla har jo så mange kantar.

Reaksjonen kan vere typisk for mange blinde, som har vanskeleg for å forstå grunnforma til ein gjenstand. Dermed har hylla berre mange kantar og berre framsider.

Brukte heile kroppen

Arbeidet med geometri og romsans starta på Tambartun for eit par år sidan, med eit elevkurs i matematikk for elevar på fjerde og femte trinn, 10–11 år gamle. Dei hadde matematikk om føremiddagen og gymnastikk om ettermiddagen.

(Illustrasjon: Line Halsnes)

– Aktivitetane var planlagt slik at elevane skulle hjelpast til å forstå eigenskapane til former, seier Klingenberg.

– Vi laga oppgåver med fokus på å få ungane til å forstå linjer. Parallelle linjer, kryssande linjer, linjer som danna vinklar. Den siste dagen på kurset tok vi ungane med i gymsalen og ga dei beskjed om at dei var matematikarar. Dei skulle gå inn i rommet, beskrive gjenstandane og seie kva slags geometrisk figur det var.

– Dei flinkaste brukte heile kroppen til å utforske gjenstandane. De omfamna gjenstandane, sklei på skråformer, fann vippepunkt og balanserte, låg på gjenstandane og imiterte forma med kroppen. Det var akkurat som om dei kunne kjenne forma inni kroppen, fortel forskaren.

Det vesle og det store rommet

Hjerneforsking syner at det er ulike område i hjernen som er knytt til mikrorommet og til makrorommet, til det vesle og til det store formatet. Eller sagt på ein annan måte: den modellen eller figuren eleven har føre seg på pulten, og dei same formene i det verkelege livet.

– Hos sjåande bidreg synet til å binde saman hjernens arbeid med det store og det vesle formatet, til å kjenne igjen dei små formene også i det store rommet, og forstå grunnformene. Men hos blinde må vi jobbe bevisst med å binde saman dei to formata.

– Mitt arbeid handlar om å få dei til å forstå overgangen frå det vesle formatet til det store. Oppleve former, skjønne eigenskapane og definere samanhenger.

Fjernt frå verkelegheita

Klingenberg viser til forsking som syner at det er viktig å jobbe systematisk med denne samanhengen også for sjåande elever.

Systematisk arbeid med å forstå eigenskapar ved former både i det vesle og i det store formatet gir eit godt grunnlag for ein meir teoretisk geometri på ungdomstrinnet og vidaregåande nivå. Det gjer geometrien lettare å begripe.

– Det er fleire forskarar som meiner at for mykje av geometriundervisninga går føre seg i det vesle formatet, på pulten, seier Klingenberg.

Og det er jo litt paradoksalt for ein vitskap som opphavleg ble utvikla som ein metode for oppmåling av jordstykke, for måling av flater og rom.

Dei figurane elevane har føre seg på pulten, blir så abstrakte at de opplevast som fjernt frå den verkelegheita dei ein gong vart laga for å beskrive.

Oliv Klingenberg trur det blir lettare å forstå geometrien, både for blinde og for sjåande, dersom den også vert teken tilbake til det store rommet.

Powered by Labrador CMS