Elev og lærar på kollisjonskurs

Grunnleggjande ulike tankar om verdien av utdanning kan ligge bak konfliktfylte forhold mellom elevar og lærarar.

Publisert
Lærarar kan mistolke elevar som ikkje delar deira syn på verdien av å ta utdanning, ifølge ny forsking. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
Lærarar kan mistolke elevar som ikkje delar deira syn på verdien av å ta utdanning, ifølge ny forsking. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Utdanning, ulikskap og klasse

Mennene i undersøkjinga har fullført vidaregåande skule eller har mindre utdanning. Dei arbeider i konkurranseutsett industri.

Menn i alderen 30-34 år med høg utdanning er dei som i størst grad deltek i etter- og vidareutdanning. Menn med kort utdanning er dei som deltek minst.

Sunde si avhandling består av fire studier. Den første tek føre seg korleis mannlege elevar opplevde skulekvardagen. Den andre tek føre seg dei tilhøva som har innverknad på relasjonen mellom lærar og elev. Stortingsmelding nr. 11 (2008-2009), ”Læreren. Rollen og utdanningen” vert drøfta i den tredje studien, medan den siste tek føre seg tilhøvet mellom henholdsvis lærarane og stortingsmeldinga sine oppfatningar av skulen.

”Eg hadde ein dårleg lærar”. Dette utsegnet gjekk att då ei gruppe utvalde menn fortalde Eva Sunde om sine opplevingar som skuleelevar.

Dei vaks opp med å sjå på det å jobbe som viktigare enn teoretisk kunnskap, og fortalde om ein skulekvardag der dei vart oversett, misforstått og somme jamvel vart mobba av lærarane.

Dette fekk Eva Sunde, universitetslektor ved Institutt for pedagogikk, til å spørje seg kva som ligg bak desse mennene sine negative erfaringar på skulen, og korleis kunne dei ha vore unngått.

Kolliderande verder

Mennene i Sunde si intervjugruppe har kort utdanning og kjem alle frå familiar med ei praktisk orientering, der språklege erfaringar er mindre viktige. Som barn bar dei med seg foreldra sine oppfatningar om at utdanning ikkje er viktig.

– Som elevar møtte dei opp på skulen med eit anna tankesett enn det som dominerer blant lærarar. Med eit slikt utgangpunkt er vegen til misforståingar kort.

– Det lærarar kan oppfatte som uhøflege og uinteresserte, kanskje til og med dumme elevar, er ein grunnleggjande skilnad i tankar om verdien av utdanning, seier ho.

Sunde sitt inntrykk er at lærarane slit med å sette seg inn i deira situasjon.

– Først trudde eg at alle elevar tenkte som eg. Det tok mange år før eg forstod at nokon tenkte annleis, fortalde ein av lærarane ho intervjua.

Misforstått stakkarsleggjering

Sunde understrekar at det ikkje er snakk om bitre og hjelpelause menn. Dei er veltilpassa, har jobb og er fornøgde med livet, til trass for at dei ser tilbake på skuletida som ei negativ erfaring.

– Det er ein tendens til stakkarsleggjering, og det er det ingen grunn til, seier ho.

Dei føler ikkje at dei har gått glipp av sjansar i livet, sjølv om dei ikkje har teke høgare utdanning. Dette illustrerer kor ulikt synet på verdien av utdanning kan vere, ifølge Sunde.

Ho meiner at skulen ikkje klarer å fange opp dette og at avstanden aukar.

På 70-talet var det stor merksemd kring ulikskap, ifølge Sunde. Det var sett inn ei rekke tiltak retta mot enkeltindividet for å jamne ut effekten av ulik klassebakgrunn. Frafallet har likevel ikkje gått ned sidan den gong.

Tvert om har problemet auka i omfang. Sunde minner om at heller ikkje i dag lev alle likt.

– Vi har lett for å tenke at alle er elevar på same måte, men slik er det ikkje, seier ho.

Praktisk teori

Eva Sunde, universitetslektor ved Institutt for pedagogikk, meiner at det er viktig å kunne tilby ein praktisk inngang til teori. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)
Eva Sunde, universitetslektor ved Institutt for pedagogikk, meiner at det er viktig å kunne tilby ein praktisk inngang til teori. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Eit viktig tiltak for å førebyggje fråfall i skulen er å legge undervisninga til rette for elevar som slit med teori og foretrekk praktiske fag.

Sunde meiner at det er for lettvint å ta desse elevane ut av skulen og la dei starte på ei tidleg karriere i arbeidslivet.

Ho understrekar at det er snakk om å gje dei ein praktisk inngang til teori.

– Kven sitt problem er det vi løyser dersom vi slusar desse elevane inn i arbeidslivet? Er det skulen sitt problem vi løyser eller elevane sitt? Vi gjer dei ein stor urett dersom vi tek frå dei moglegheiten til utdanning, seier ho.

Sunde meiner at det er feilslått å ikkje stille krav og forventningar til elevar som slit med teorien.

– Elevar fanger lett opp manglande forventningar, seier ho.

– For sterkt fokus på fag

For lærarane sin del er det viktig å tore å anerkjenne at elevar kan oppleve dei som urettferdige og lite imøtekomande, ifølge Sunde.

– Lærarar tek ofte avstand frå dette. Dei har ikkje tenkt på at elevane oppfattar dei på så ulike måtar. Men så lenge somme av elevane opplever dei slik, så er det uheldig både for eleven, læraren og samfunnet i sin heilskap, seier ho.

Sunde understrekar at ein vesentleg del av jobben som lærar er å arbeide med mellommenneskelege relasjonar. Difor er det eit sterkt behov for ei dreiing av dei krava ein stiller til lærarane sin kompetanse.

– Læraryrket blir sett på som arbeid med fag, men det er i like stor grad arbeid med menneske. Alle mellommenneskelege relasjonar inneheld kjensler, og kjensler er ikkje lette å handtere dersom du ikkje er merksam på kva tyding dei har, seier ho.

Dette kompetansebehovet er ikkje fanga opp i stortingsmeldinga ”Læreren. Rollen og utdanningen”, ifølge Sunde. I det heile er det få gode løysingar å finne i departementet si tilnærming til utforminga av skulen, meiner ho.

– Departementet forheld seg til gjennomsnittseleven, men ifølge lærarane finst ikkje slike elevar. I dag er skulen prega av for stor avstand, avstand mellom kva departementet meiner er viktig og kva lærarane ser som viktig, og avstand mellom kva lærarane meiner og kva elevane tenkjer, seier ho.

Bakgrunn:

Fredag 15. oktober disputerer Eva Sunde ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ”Utdanning, ulikskap og klasse. Ein analyse av tilhøve som påverkar arbeidet i skulen og samarbeidet mellom lærar og elev”.