Forskar Karen Richardsen Moberg intervjuar familien Høines i Fyllingsdalen våren 2016. Foto: Oddgeir Øystese, NRK
Forskar Karen Richardsen Moberg intervjuar familien Høines i Fyllingsdalen våren 2016. Foto: Oddgeir Øystese, NRK

Frivillige klimakutt er ikkje nok

Skal Norge nå klimamåla i Paris-avtalen, må styresmaktene pålegge folk forbrukskutt. Det viser forsking frå Bergen og tre andre byar.

Published

Kvart år gir FN ut ein rapport som kan ta motet frå dei største optimistane iblant oss. Dokumentet tek pulsen på klimainnsatsen i verda ved å rekne ut eit nokså ubehageleg tal: Spriket mellom klimakutta kvart land oppnår med dagens tiltak og kutta som eigentleg skal til for å nå måla i Paris-avtalen.

I reknestykket inngår ein viss innsats frå meg og deg, i form av små, velmeinande dytt frå den store staten.

– Fjorårets rapport viste dessverre at gapet framleis er stort, seier forskar Karen R. Moberg ved Vestlandsforsking. Ho har saman med forskarar i Sverige, Tyskland og Frankrike undersøkt korleis vanlege folk stiller seg til å bidra gjennom å skjere ned på forbruket sitt.

Forskingsprosjektet «Hope» utforskar korleis kvar og ein av oss kan ta gjennom grep i kvardagen – viss vi vil.

Pålegg må til

I dei fleste land, som i desse fire høginntektslanda, har husstandar gått klar av styresmaktene sine klimakutt, i håp om at vi stiller opp frivillig. Det kinkige er at innbyggjarar flest ser ut til å nøle med endringar som verkeleg svir. Og utan kutt som monnar, går ikkje reknestykket opp.

Det betyr at vi går med stødige steg mot oppheting av kloden på over 1,5 grader –  ein situasjon verdas fremste klimaforskarar har skildra som farleg, sjølv om det først råkar andre delar av verda enn vår.

– Forskinga vår viser tydeleg at vi ikkje vil lykkast med å kutte nok utslepp frå private husstandar viss vi skal basere oss på frivilligheit, seier Moberg.

Intervju i 300 husstandar

I jakta på innsikt i vanar og tankar, har forskarane i EU-prosjektet gått folk tett på livet.

I byane dei undersøkte – Bergen, Umeå, Mannheim og Pays d’Aix – fann forskarane fram til 309 husstandar der folk var villige til å svare på detaljerte spørsmål om livsstil og forbruk. Intervjupersonane starta med å fylle ut eit spørjeskjema om alt frå matvanar til utanlandsferiar. Seinare tok dei imot «dommen» om korleis livsstilen deira belasta klimaet.

Ville framtida tole forbruket deira?

– Mange vart veldig overraska over kor store utslepp livsstilen deira skapar. Overraskinga gjaldt særleg flyreiser og bilkøyring – men òg mat, og særleg kjøtforbruk, fortel Moberg.

Store grep sit langt inne

Det neste forskarane gjorde, var å møte medlemmer av kvar husstand for å spele eit såkalla «klimaspel» eller ei simulering av kutt i eige forbruk.

På bordet mellom seg og intervjupersonen legg forskaren eit knippe kort med tiltak, som «kutte kosmetikk-innkjøp med ein tredel», «gå over til kjøtfritt kosthald» eller «kutte halvparten av flyreiser til utlandet». Forslaga spente mellom enkle og ganske drastiske endringar. Nokre av dei gav liten klimagevinst, andre monna mykje – som å slutte å køyre bil.

Då personen eller familien hadde valt ut korta sine, rekna intervjuaren ut kor store kutt desse endringane ville utgjere. Også her vart mange skuffa. Var det langt att til mål?

– Ein del reagerte òg på at vanane og forbruket deira spelte ei såpass stor rolle i det overordna klimaproblemet. Det kan kjennast både skremmande og trist at ein sjølv er såpass lite villig til å legge om, seier Moberg.

Må vi bidra?

Ikkje alle kjøper ideen om at private husstandar òg skal bidra med klimakutt. I denne forskinga var det eit fastslått premiss, og ein av grunnane er at det er lite realisme i å komme i mål utan bidrag frå innbyggjarar flest. Klima-reknestykket bak Paris-avtalen byggjer i stor grad på usikker eller uferdig teknologi: at vi i åra som kjem skal lykkast med å fange og lagre CO2 i stor skala. Ein del tiltak krev òg så store landareal at det er usikkert om dei let seg gjennomføre.

– Mykje står på spel for verda. Difor seier det seg sjølv at vi bør ta i bruk alle tenkelege verkemiddel mens vi framleis har tid. Altså er det smart å satse på tiltak vi kan setje i verk no, seier Moberg.

Ho understrekar at det i første omgang er styresmaktene som må legge til rette for at vi, dei private husstandane, skal kunne gjennomføre utsleppskutt i åra framover. Men kor mykje må vi bidra med?

– Dersom politikarane verkeleg vil ta i bruk alle tenkelege klimatiltak, er det ikkje usannsynleg at Norge må halvere utsleppa frå det private forbruket innan 2030, seier Moberg.

Fly, bil og mat

Det bergensarane som deltok i studien kanskje vil sitje att med av bittersøt lærdom, er at flyreisene deira skil seg ut som ein utslepps-versting – eller som eit aktuelt klimakutt å starte med, i tillegg til kvardagsreisene med privatbil.

– Fleire av dei vi intervjua, har i ettertid sagt at dei tenker seg om to gonger før dei bestiller ein flybillett. Enkelte har valt å legge ferien litt nærare heimen, fortel Moberg.

– Det er ikkje slik at ein aldri kan reise til Italia meir, men det går til dømes an å bruke lengre tid på reisa ved å velje tog i staden for fly, seier Moberg.

Eit anna område som vi kanskje ikkje tenker så mykje på i kvardagen, er kosthald. Å kutte ned kjøt er eit kjent tiltak som faktisk har mykje for seg. Ho innrømmer at det ikkje er enkelt å velje annleis – heller ikkje for dei som forskar på klimapolitikk.

– Å droppe flyreiser, særleg dei lange reisene til utlandet, gir jo stor klimagevinst. Samtidig er flyturane utruleg vanskelege å avstå frå – det kjenner eg på sjølv.