Fjernar upassande ord i Nynorskordboka

Nynorskordboka kom ikkje ut før 100 år etter Ivar Aasen. No vert ordboka rydda for gammaldagse og upassande ord.

Ein del ord og orddefinisjonar i Nynorskordboka kan bli oppfatta som nedsetjande. No ryddar Helene Urdland-Karlsen (f.v.), Christian-Emil Ore og Bjørghild Kjelsvik opp i ordboka. (Foto: Yngve Vogt)
Ein del ord og orddefinisjonar i Nynorskordboka kan bli oppfatta som nedsetjande. No ryddar Helene Urdland-Karlsen (f.v.), Christian-Emil Ore og Bjørghild Kjelsvik opp i ordboka. (Foto: Yngve Vogt)

Nynorskordboka

Landets første nynorskordbok kom ut i 1986, hundre år etter Ivar Aasen levde.

Nynorskordboka har vel 90 000 oppslagsord.

No kjem ein full inn-haldsrevisjon på nett og papir.

Hovudredaktørane er Oddrun Grønvik ved UiO og Marit Hovdenak i Språkrådet.

Saman med Språkrådet er Universitetet i Oslo i gang med ein skikkeleg ryddesjau for å rette opp gammaldagse og politisk ukorrekte ord i Nynorskordboka, samtidig som ordboka skal bli i samsvar med den nye rettskrivinga frå august 2012.

– Ordbøker eldest raskt. Sjølv om Nynorskordboka ikkje har noka spesiell slagside og berre er 25 år gammal, inneheld ho allereie ein del utdaterte ord og definisjonar, seier Christian-Emil Ore.

Han er leiar for Eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo og ansvarleg for den språkteknologiske delen av ordbokrevisjonen.

Upassande ord og definisjonar

På 1980-talet reagerte ingen på Torbjørn Egners sjørøvarvise om hottentottar og Astrid Lindgren si historie om negerkongen i bøkene om Pippi Langstrømpe. Tidsånda er ei anna i dag.

No skal ordboka tilpassast moderne språkbruk.

– I dag gir mange klart uttrykk for at dei opplever det nedsetjande og vondt å bli omtala som neger eller svarting. Vi må ikkje late som om slike ord ikkje finst.

– Ord som neger må definerast og omtalast, men når afrikanarar og andre opplever ordet negativt, må vi markere desse orda som nedsetjande, seier ordbokredaktør Bjørghild Kjelsvik på Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo.

Andre døme på upassande innslag er buskmenn (definert som «sørafrikansk stuttvaksen negerstamme») og negerarbeid (lågt akta, slitsamt arbeid). Svarting er definert som «person med svart hår og mørk andletsfarge».

Slavehandlar er definert som «person som handlar med (neger)slavar; person som driv kvit slavehandel».

– Men det er då ingen skilnad på om slavane er kvite eller svarte? spør Kjelsvik.

Ordet sambo ligg tynt an

Sambo er definert som «avkom av neger og mulatt eller neger og indianar».

Ordbokredaktørane går også laus på det botaniske ordet negerhirse, som tidlegare blei bruka av afrikanarar og svarte i USA.

– Hirsen finst over heile verda, men ordet negerhirse er utdatert.

Ordet bantu, definert som stor folkegruppe i Afrika sør for ekvator, får likevel stå, sjølv om ord-et vert oppfatta negativt i Sør-Afrika.

– Der blir bantu bruka omtrent som ein på norsk brukte det sterkt nedsetjande ordet nigger. Bantu er eit greitt ord på norsk. Språkforskarar snakkar om bantuspråk i Afrika. Derimot vil vi nok fjerne ordet bantuneger, seier Ore.

100 år etter Ivar Aasen

Stortinget sa ja til både Nynorskordboka og Bokmålsordboka i 1974. 40 årsverk og 12 år seinare kom Nynorskordboka ut i 1986. Dette var faktisk landets første ordbok på nynorsk, over hundre år etter Ivar Aasens ordbok, der alle ordforklaringane var på dansk.

Fram til 1986 fanst det berre enklare ordlister utan ordforklaringar og ei mengd politiske rettskrivingsvedtak. No kjem den første fullstendige innhaldsrevisjonen.

Ordbokredaktørane ønskjer dessutan den same oppryddinga i Bokmålsordboka. Den er krydra med mange av dei same utdaterte og sære orda som Nynorskordboka.

– Ordbøkene er sjølve pilaren i eit godt skriftspråk, fordi dei gir lett tilgjengeleg informasjon om språket. Vi ønskjer ikkje å styre språkbruken, men ordboka skal spegle samtida. Då blir det viktig å vere bevisst på kva som skal med og kva vi skal utelate.

– Ordutvalet og forklaringane bør vere så slitesterke at dei kan halde seg dei neste ti til femten åra. Det er utfordrande, medgir ordbok-redaktør Helene Urdland-Karlsen på Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Eitt av dei orda ho ikkje er sikker på skal med, er flatskjerm. Ordet kan vere utdatert allereie om nokre år.

– Vi kan ikkje ha med døgnfluger. Monstermaster og mordarsneglar er også ord som raskt blir borte frå aktiv bruk.

Når språkforskarane er i tvil om kva ord dei skal ha med, kan dei sjekke i nynorskkorpuset, ei digital og søkbar samling av alle slags nynorske tekstar, frå utgreiingar og sakprosa til skjønnlitteratur og aviser, 90 millionar ord til saman.

Dei eldste tekstane er frå 1870-talet. Berre sidan oktober i fjor er det lagt inn éin million nye ord i databasen.

– Korpuset er ein dokumentasjon av ordbruken og ein føresetnad for eit vitskapleg ordbokarbeid. Her kan vi fange opp bruken av ordet i full breidd.

Dei sjekkar også ordbruken på nettet og på Nasjonalbibliotekets bokhylla.no.

Tek vare på nokre sjeldne ord

Språkforskarane skal også rydde opp i ord som ikkje lenger er i bruk. Eit av orda som skal kastast ut, er afroditt, definert som eit «individ med forkrøpla kjønnsorgan».

– Ingen biologar brukar ordet. Dei har ikkje eingong høyrt om afrodittar. I dag blir ordet bruka berre i kryssord.

Eit anna avlagt ord er annonseakvisitør. No heiter det annonseseljar. Men ikkje alle utdaterte ord skal ut.

– Sjølv om Nynorskordboka skal vere ei bruksordbok, skal ho også vere inngang til eldre litteratur og gamle uttrykksmåtar. Visse ord som ikkje er i vanleg bruk i dag, skal med fordi dei vert nytta i gamle skjønnlitterære verk.

I gamle folkeviser finst blåmann og morian for afrikanar eller maurar. Eit anna eksempel er ordet veile (vere vondt), som knapt er brukt andre stader enn i diktet «Den fyrste songen» av Per Sivle.

– Slike ord er greitt å kunne slå opp i ordboka og kjem no med i Nynorskordboka for første gong, seier Kjelsvik.

Verda har endra seg

Informasjonsalderen har også endra seg mykje sidan 1986, ikkje minst teknologien.

– Det nyttar ikkje å snakke om EDB-operatør, EDB-senter og EDB-terminal i dag. Desse orda er rett og slett ikkje i levande bruk lenger, for ikkje å snakke om holkortoperatør, fortel Helene Urdland-Karlsen.

Nokre av omtalane av kvinner og menn er heller ikkje tidsriktige. Definisjonen av ordet hushjelp, «kvinne som er tilsett for å gjere husarbeid», skal til dømes bli kjønnsnøytral.

Nynorskordboka må også oppdaterast på ekteskap. Ekteskap er definert som «samliv mellom mann og kvinne…». Dagens ekteskapslov er kjønnsnøytral: Definisjonen må difor endrast til «samliv mellom to personar…».

Ord som gutegalen må også omdefinerast: det er ikkje lenger slik at berre jenter er “guttegærne”. Også gutar kan vere ville etter gutar.

Moderne løysing

Nynorskordboka har ein moderne relasjonsdatabase i botnen.

– På sikt ønskjer vi å lage ein nettportal der ein kan gå inn i alle utgåvene av både Nynorskordboka og Bokmålsordboka, og gjerne Riksmålsordboken og andre eldre ordbøker også.

– Då kan du samanlikne og sjå den historiske utviklinga i norsk over fleire tiår, fortel Ore.

Powered by Labrador CMS