En notis fra Universitetet i Agder - les mer.

Førsteamanuensis Nora Simonhjell (UiA) har saman med Benedikt Jager (UiS) redigert si tredje utgåve av Norsk litterær årbok.

Norsk litterær årbok er klar

Norsk litterær årbok er ein institusjon i norsk kulturliv.

– Noko av det viktigaste med årboka er å ta vare på og utvikle dei nordiske språka som faglitterært språk. Minst halvparten av artiklane i årboka skal vere på nynorsk, men det er lov å skrive bokmål, dansk og svensk også, seier Simonhjell.

Nora Simonhjell er redaktør for den 54. utgåva av boka saman med førsteamanuensis Benedikt Jager ved Universitet i Stavanger (UiS). Årets utgåve byr på 14 ulike artiklar om nyare og eldre litteratur, og om nye tendensar innanfor litteraturforskinga.

– Årboka røkter både norsk fagspråk og utviklinga av den nordiske litteraturen. Da må vi ha artiklar som rettar kritiske blikk på utviklingstrekka både i skjønnlitteraturen og på forskingsfeltet, seier Simonhjell.

Ho understrekar at boka har ei korrigerande oppgåve overfor det offentlege rom der diskusjonen om litteratur og forsking går føre seg. Norsk litterær årbok er ein institusjon og har så vore sidan Leif Mæhle redigerte første utgåve i 1964.

Boka er ein fagfellevurdert vitskapleg publikasjon på nivå 1. Ho inneheld oppsummeringsartiklar, essay, analysar og vurderingar om det som har skjedd på litteraturfronten i Noreg og Norden elles. Årboka vekslar mellom årlege artiklar som går gjennom fjorårets lyrikk, noveller, romanar, sakprosa eller litteraturkritikk. I år dreiar det seg om lyrikken og sakprosaen.

Les meir om årboka på nettsidene til Universitetet i Agder.

Powered by Labrador CMS