Kunnskapskritikk i den spanske gullalderen

Ny lesing av Francisco de Quevedos Drømmer og diskurser, eitt av hovudverka frå den spanske gullalderen på 1600-talet, viser at Quevedo skreiv seg rett inn i samtidas debatt om korleis og kva kunnskap skulle vera.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Francisco de Quevedo, måla av Juan van der Hamen. (Foto: (© Wikimedia Commons))

Quevedos store verk er satiriske forteljingar frå domedag, helvetet og døden, og er først og fremst kjent for at det omhandlar store moralske spørsmål, i eit krevjande, biletrikt og meisterleg språk.

- Men når ein set verket inn i ein breiare, europeisk kunnskapshistorisk kontekst, ser ein at Quevedo går rett inn i dei sentrale debattane om kva kunnskap skulle vera, kor grensene for kunnskap skulle gå og kven som forvalta kunnskapen, seier førsteamanuensis i spansk ved Universitetet i Tromsø, Randi Lise Davenport.

Menippeisk satire i kunnskapens vegkryss

- Quevedo var i kunnskapens vegkryss. Den eine store, samlande kunnskapsforteljinga vart utfordra og var i ferd med å bli løyst opp.

- I den spanske barokken var det ei enorm tru på språket som nøkkel til å forstå verda, røyndomen og sikker kunnskap, men sjølv om Quevedo forsvarar dette kunnskapssynet, avslører samstundes parodiane i tekstane hans korleis det også har ibuande svakheiter, fortel Davenport.

Og Quevedos fremste verkemiddel for å koma med sin språk- og kunnskapskritikk, var den menippeiske satiren, ein sjanger som blandar det alvorlege og det komiske.

- Denne satiren har røter i antikken og vart henta fram att og brukt frå renessansen og framover. På 1990-talet kom studiet av den verkeleg på moten, og det er mange som har sett på ulike renessanse- og barokktekstar med Bakhtins karnivalistiske blikk.

- Men det er ikkje særleg vanleg å lesa den menippeiske satiren i motreformatoriske og barokke tekstar frå den spanske gullalderen, seier Davenport.

- Mitt bidrag er å sjå denne sjangeren i den kunnsapskritiske konteksten Quevedos verk står i.

- Når me ser korleis renessansehumanistane praktiserte den menippeiske satiren, blir det tydeleg at den var ideologisk forbunde med andre intellektuelle tankeretningar med røter i antikken, som stoisismen og skeptisismen. Humanistane tilpassa desse til si tid.

- Me kan med andre ord ikkje berre lesa filosofiske traktatar når me skal forstå kunnskapsdebatten på 1600-talet, me må også lesa det me kaller “litteratur” med eit anna blikk, seier Davenport.

Eitt av dei mest leste verka frå gullalderen

Randi Lise Davenport (Foto: Torje Jenssen, UiT)

Drømmer og diskurser (Sueños y discursos) er eitt av dei mest leste verka frå den spanske gullalderen og står på universitetspensumlister i dag, og det har ei spennande og temmeleg innvikla historie som verk.

- Verket er sett saman av fem tekstar som vart skrivne mellom 1605 og 1622. Som samling vart dei første gongen trykt i Barcelona i 1627, utan Quevedos godkjennande stempel på.

- Men nokre år seinare, i 1631, kom det ein revidert versjon - som hadde gjennomgått sensuren og vore til godkjenning hjå den spanske inkvisisjonen. Denne utgåva vart også anerkjend av Quevedo.

- Med ein smule påhalden penn.

- Forskinga på Drømmer og diskurser har såleis vore todelt; dei som legg vekt på å forske på dei fem tekstane meir eller mindre uavhengig av kvarandre, og dei som legg vekt på verket som ein heilskap, seier Davenport.

- Men eg meiner det er liten tvil om at det er eitt verk. Der kjem også sjangerspørsmålet inn igjen:

- Eg er ikkje den første som les desse tekstane som menippeisk satire, men avhandlinga mi er den første større monografien som brukar sjangeren som ein sentral fortolkingsnøkkel – som altså tar konsekvensane av sjangeren og med det også oppdagar fleire argument for å sjå tekstane som eit heile.

Språk og røyndom

Og sjølv om den språklege meisterskapen til Quevedo gjer verket til svært krevjande lesing som utfordrar lesaren – det skal vera vanskeleg – meiner Davenport at Quevedo absolutt er interessant også i dag.

- I den spanske litterære barokken finn me slåande parallellar til korleis me diskuterer forholdet mellom språk og røyndom i dag, avsluttar ho.

Referanse:

Davenport (2012): The Word from Within. Francisco de Quevedo's Menippean Satire Sueños y discursos (1627) at the Epistemological Crossroads of Seventeenth-Century Spain.

Powered by Labrador CMS