Overvektige har god effekt av trening – om dei orkar

Ein auke i fysisk aktivitet har svært positive helseeffektar for sjukleg overvektige personar. Men det er få av dei som klarer det.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Mange pasientar opplevde at trening hadde lite å seie for vektreduksjon. Men målingane viser at dei likevel kan ha store positive helseeffektar av fysisk aktivitet – effektar som motverkar  helserisikoen ved fedme, seier Eivind Aadland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han har testa og fulgt opp pasientar ved Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler i Sogn og Fjordane gjennom eitt år. I dag disputerer han for doktorgraden ved Norges idrettshøgskole.

Skeptiske kirurgar

Resultata av studiane viser at fysisk aktivitet kan medføre helsegevinstar om ein går ned i vekt eller ikkje. Hittil har livsstilsintervensjon generelt vore sett på som lite effektivt for denne pasientgruppa.

Kirurgi er einaste løysinga for dei aller tyngste blant oss, blir det hevda av fleire som jobbar med problematikken, særleg innan dei kirurgiske miljøa. Mange er såpass store at rådet om å røre meir på seg, blir uoverstigeleg.

Overlege Villy Våge ved Helse Førde, som har jobba med fedmeoperasjonar sidan 2001, er ein av dei som har vore kritisk til at spesialisthelsetenesta skal utføre livsstilsbehandling av denne pasientgruppa.

Han peikar på at dei fleste er såpass plaga av overvekta si at dei ikkje klarer å endre aktivitetsnivå – mellom anna fordi dei oftast slit med slitasjeplagar.

– Gruppa på Haugland er veldig selektert, for dei høyrer til eit mindretal som er motiverte for og har føresetnader for å auke aktivitetsnivået, seier Våge.

– I utgangspunktet viser all forsking på livsstilsintervensjon frå dei siste hundre åra at pasientane kan klare å gå litt ned i vekt – men at dei i nærast alle tilfelle vil gå opp igjen.

– Så finst det sjølvsagt andre gunstige effektar av fysisk aktivitet, men det er svært få som klarer å gjennomføre og oppretthalde endringar, seier Våge.

– Trur det nyttar

Eivind Aadland ser likevel grunn til å slå eit slag for fysisk aktivitet, etter å ha sett resultata av studiane sine.

– Eg trur det er bra å vise at fysisk aktivitet og livsstilsendring faktisk nyttar. Vi treng å vite dette. Eg trur effekten av fysisk aktivitet har vore underestimert hittil.

– Men er det ikkje nedslåande for fedmeforskarar å sjå at så få av desse pasientane klarer å leggje om? 

– Jo, men vi kan ikkje tenkje slik, meiner Aadland.

– Fedmekirurgi er eit stort inngrep, og mange pasientar ønskjer heller livsstilsbehandling. Vi har vist at trening verkar. Det er eit viktig utgangspunkt for å velje kva behandling ein vil gjennomføre – men ein må vere førebudd på at livsstilsbehandling er veldig krevjande.

Presise målingar av aktivitetsnivå

Grunnen til at mange opplever dårleg effekt av trening, er at dei ikkje greier å endre aktivitetsnivå. Difor har ikkje forskarane visst kva som ville skje om dei faktisk gjorde det.

Det ville Aadland finne ut av. For han vart det avgjerande å gjennomføre presise målingar av aktivitetsnivået til deltakarane. I tidlegare studiar har aktivitetsnivå ikkje vore målt i det heile, eller berre gjennom spørjeskjema – pasientane har sjølve måtta gjere greie for kor mykje dei har rørt på seg over tid.

– Slikt er jo ikkje akkurat lett å vurdere sjølv. Difor blei desse studiane svært upresise, seier Aadland.

Han løyste problemet med presisjon ved å måle deltakarane sitt fysiske aktivitetsnivå over lengre tidsperiodar ved hjelp av akselerometer – eit lite måleinstrument festa i eit belte kring magen.

Det fungerer som ein avansert skritteljar, og måler alle rørslene til den som har den på seg. Han er blant dei første som bruker denne metoden i fedmeforsking på dei aller tyngste.

Merkbar framgang

I studiane sine følgde han 49 pasientar frå 2010 til 2011, og testa dei undervegs i behandlinga. Pasientane hadde eit seks veker langt opphald på Hauglandsenteret, følgd av ein heimeperiode. Så var dei tilbake i to tre-vekers periodar, med heimeperiodar innimellom.

Både i periodane på senteret og heime bar dei akselerometer på seg. På senteret fekk dei ei behandling basert på kognitiv terapi, kosthaldsrettleiing og fysisk aktivitet.

For å måle fysisk form, såg Aadland på prestasjon og oksygenopptak medan pasientane gjekk på tredemølle. Belastninga vart gradvis auka, og testen haldt fram til pasienten ikkje orka meir – på same måte som ein testar toppidrettsutøvarar.

– Gruppa som heilskap fekk ikkje stor framgang – fordi dei hadde så vanskeleg for å leggje om livsstilen. Men dei få som klarte å auke aktivitetsnivået sitt, fekk merkbar framgang i fysisk form, sjølv om dei gjekk lite ned i vekt, fortel Aadland.

I den andre studien sin såg Aadland på samanhengen mellom fysisk aktivitet og kolesterolnivå. Også her var målemetodane meir presise enn i vanlege kolesterolmålingar.

Pasientane gav blodprøvar som vart sende til Finland for direkte måling av nivået på lipoproteinar, ein meir presis måling enn kva som vanlegvis blir gjort.

Også her var resultata svært positive hos dei som klarte å gjere livsstilsendringar: Kolesterolnivået gjekk vesentleg ned.

– Problemet med fedme er at folk har ein genetisk kode som disponerer dei for det. Så dei må kjempe mot sine eigne genar for å gå ned i vekt, og det er ein utruleg tung kamp, seier Aadland.

Referanser:

Aadland m.fl: Increased physical activity improves aerobic fitness, but not functional walking capacity, in severely obese subjects participating in a lifestyle intervention, Journal of Rehabilitation Medicine 2013, Volume 45, Issue 10, doi: 10.2340/16501977-1205.

Aadlend & Anderssen: Treadmill Calibration of the Actigraph GT1M in Young-to-Middle-Aged Obese-to-Severely Obese Subjects, Journal of Obesity
2012, doi: 10.1155/2012/318176.

Powered by Labrador CMS