Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Norge bør vurdere å opne for reise mellom enkeltland der krisa er på veg ned, som Tyskland eller Austerrike, Danmark, Sverige og Sveits. Forskar Stefan Gössling meiner dei kan reknast som trygge for oss i sommar, til liks med fleire regionar i andre land.

Forskar tilrår utanlandsferie: – Viktig for Europa at vi får reiselivet i gang

Dersom folk ikkje får feriere utanfor eige heimland i sommar, risikerer vi å pådra oss problem som er større og meir langvarige enn pandemien, meiner reiselivsforskar Stefan Gössling.

Seks breibeinte, maskerte menn poserer med tunge våpen.

Fotoet av det som ved første augekast liknar ei geriljagruppe, er teke i delstatforsamlinga i Michigan 30. april.

Dei væpna mennene fremmar eit ønske om å få jobbe, trass den alvorlege smittesituasjonen i denne delen av USA.

– Lat folk reise i sommar

I Europa er eit slikt syn utenkeleg, både på grunn av ein annan våpenkultur og fordi aksept og tolmod har prega steminga i dei fleste landa. Men permitteringar og portforbod kan ikkje vare for lenge her heller, åtvarar reiselivsforskar Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.

Raseriet i Michigan bør minne oss om at vi veit lite om kva ei langvarig nedstenging og djup, økonomisk krise kan føre til i det lange løp, også i vår del av verda.

I april gav Gössling og to kollegaer ut ein artikkel som tek for seg korleis koronapandemien kan påverke samfunn, økonomi og reiseliv og korleis styresmaktene no bør gå fram for å få reiselivet på fote igjen.

I korte trekk tek forskarane til orde for å la folk reise på ferie i sommar, i kontrollerte former – også på tvers av landegrenser. Med det oppnår vi å få hjula i gang att – ikkje minst i reiselivet, som i mange land er livsviktig, men som kan gå ein mørk sesong i møte.

Veljarane kan trekkje mot høgre

Men kvifor skal folk feriere som før, mens folk framleis døyr av covid-19, delar av samfunnet er stengt og skulane så vidt opna att?

Gössling tek til orde for å skilje mellom land der smitten er under kontroll og ikkje. Og på eit overordna nivå, at dei som styrer bør legge vekt på det langsiktige risikobiletet når dei skal ta avgjerder på kort sikt, om sommaren 2020:

– Å stenge ned visse økonomiar i verda over lang tid inneber ein altfor stor risiko, både for demokratiet og for klimaet, seier Gössling.

Tankerekka er slik: Den økonomiske krisa er alvorleg, men blir verre enn nødvendig om heile land forblir nedstengde over lang tid. Særleg tenker han på dei som er spesielt avhengige av turisme: Portugal, Spania, Italia og Hellas. For det ein ting det siste hundreåret har lært oss, så er det kva arbeidsløyse og mismot kan føre til i politisk samanheng:

– Veljarane vil gå mot høgre. Trekkjer dei mot ytre høgre, kanskje i fleire land, kan følgjene bli alvorlege i ein heil region, seier Gössling. Slike utfall må vi prøve å motverke med alle middel, og Gössling ser ei forsiktig gjenopning av turistnæringa som eit viktig tiltak, seier han.

– Folk har bruk for tydelege signal frå politikarane, seier reiselivsforskar Stefan Gössling

Korridorar og tydelege signal

I Norge har helseministeren bede oss ta sikte på ein sommar i eige land. Det er ikkje det einaste trygge, meiner Gössling.

– Det Norge bør vurdere, er å opne for reise mellom enkeltland der krisa er på veg ned, som Tyskland eller Austerrike, seier forskaren. Slike «korridorar» for reisande jobbar både New Zealand og Australia med. Han trur også Danmark, Sverige og Sveits kan reknast som trygge for oss i sommar, til liks med fleire regionar i andre land. Sjølv om middelhavslanda ligg litt langt unna for vår del, meiner han altså at nokon bør fylle liggestolane på stranda der, om ikkje oss.

Det viktige er at styresmaktene kjem med tydelege signal på eit tidleg nok tidspunkt og ikkje idet ferien startar.

– Folk har bruk for tydelege signal frå politikarane om kor vidt grensene skal vere opne. Verken folk eller verksemder kan planlegge i ein kanskje-situasjon, understrekar Gössling.

Bilens sommar

Når det gjeld reisemåtar, ser forskaren for seg visse avgrensingar.

– Sommaren 2020 bør bli ein bilens sommar, for då er dei reisande i sitt eige, trygge miljø i staden for å blande seg med andre på bussar, tog og fly.

Eit anna premiss for å tilrå utanlandsreiser, er at handvask og avstand blir handheva strengt overalt. Om folk søv over på hotell, bør dei til dømes få frukosten levert på døra, for frukostbuffétar er ikkje tingen i år.

Forskaren trur Norge, med sine mange små hotell og turistverksemder, vil vere godt rusta til å ta imot turistar på ein trygg måte. Meir utfordrande blir det i land der hotella som regel er svære, som på den spanske solkysten.

Korleis svarar forskaren folk som synst opne grenser og bilferiar utanlands i år er rein galskap? Forskaren held fram ein lærdom frå nabolandet med den uglesette koronastrategien:

– Sverige har vist oss at det ikkje er grenser som hindrar smittespreiing – det er korleis folk oppfører seg. Held ein avstand og tek handhygienen på alvor, bør det avgrense smittefaren.

Håpar på ei endra næring

Mange fremmar forslag og krav til korleis vi bør te oss etter koronakrisa. For reiselivet sin del, ser Stefan Gössling det som nødvendig at reiselivet tek eit oppgjer med to uheldige trekk.

Det første er draumen om stadig vekst.

– For klimaets del, må næringa slutte å ønske seg flyborne turistar frå den andre sida av jorda. No medan vi har sjansen, må vi planlegge for ei framtid utan klimautslepp, seier forskaren.

Den andre omlegginga koronakrisa bør føre til, er at turistnæringa blir meir robust og unngår å kollapse kvar gong marknaden endrar seg. Det er særleg ulønsame flyselskap han siktar til.

– For å byggje ei turistnæring som er rusta for framtida, bør Norge i hovudsak satse på å trekke til seg turistar frå Norge og europeiske naboland, seier Gössling.

Eit tilbakeblikk på kriser dei siste tiåra viser kor viktig det er at næringa toler opp- og nedgang – for koronakrisa er berre ei i rekkja. Alle veit at nye kriser vil komme. Ikkje minst med klimaendringane.

– Når eit virus kan skape så store ringverknader, tenk berre på korleis det vil bli når klimaendringane verkeleg slår inn, seier Gössling.

Referanse:

Stefan Gössling, Daniel Scott og Michael Hall: Pandemics, tourism and global change: a rapid assessment of COVID-19. Journal of Sustainable Tourism, 2020.
Doi.org/10.1080/09669582.2020.1758708

Powered by Labrador CMS